Kaos under «Sex and the City»-premiere
Tusenvis av fans med billettar slapp ikkje inn til premierevisninga i New York.
«Sex and the City»-filmen hadde premiere i New York tirsdag denne veka. Ashley Olsen, Fergie og ekteparet Trump var nokre av kjendisane som slapp inn på premieren utan problem.
Les også:
Men for tusenvis av fans endte det som skulle bli ein uforgløymeleg kveld med glitter og glamour med sinne og frustrasjon. Dei slapp nemleg aldri inn på visninga, trass i at gyldige billettar som lova dei «førsteklasses» plassar, melder Daily Mail.
Pressa mot barrikadene
Køen skal ha strekt seg over fleire kvartal då dei ventande fekk beskjed om at billettane deira ikkje ville hjelpe. Horden av stivpynta damer skal rasande ha pressa seg mot politibarrikadane og trampa med sine Manolo Blahniks då dei forstod at dei ville gå glipp av premieren i Radio City Music Hall.
Artikkelen fortsetter under annonsenArtikkelen fortsetter under annonsenOrganisatorane hadde nemleg overbooka heile 6.000 sete.
Ifølgje sikkerheitsvaktane skal opp til 2.000 menneske, som hadde fått billett gjennom promoteringskampanjar i regi av New Line Cinema blitt stengt ute frå filmvisninga.
- Vi stod i kø i to og ein halv time. No får vil heller gå og drikke ein Cosmo eller fem, sa Alissa Hoffman til Daily Mail. Ho hadde tatt fri frå jobb for å gå på premieren, som ei gåve til seg sjølv på 27-årsdagen.
Artikkelen fortsetter under annonsenArtikkelen fortsetter under annonsenLeiinga i New Line Cinema skal ha nekta å kommentere sak.
Vendte Mr. Big ryggen
- Eg har sett fram til dette i fem månader. Eg er sint og frustrert, sa Jen Ferguson (23), som hadde kledd seg i ein svart Hervé Léger bandasjekjole og blå Christian Louboutin satenghælar. Ho fortel at foreldra hennar hadde kjøpt fire billettar for 1.000 dollar stykket og reservert rom på Plaza hotell.
Chris Noth, «Mr. Big» i eigen person, skal ha slengt eit kyss til menneskemengda idet han entra lokalet, men store delar av den skuffa menneskemengda skal ha vist han ryggen.
Artikkelen fortsetter under annonsenTil og med Cynthia Nixon, ei av stjernene i filmen, skal ha blitt slått av alle menneska som venta utanfor.
- Eg håpar mor mi kjem seg inn, var hennar kommentar.
Også her i Noreg er det enorm interesse for filmen. Billettane til premierevisninga 6. juni blei rivne bort same dag som dei blei lagt ut.