Berre litt alminneleg galskap

SKAM: Det er framleis mykje skam knytt til det å ha ei psykisk liding, noko som hindrar mange å stå fram med sjukdommen sin. (Illustrasjonsfoto: Colourbox)
SKAM: Det er framleis mykje skam knytt til det å ha ei psykisk liding, noko som hindrar mange å stå fram med sjukdommen sin. (Illustrasjonsfoto: Colourbox)
Artikkelen fortsetter under annonsen

- Det er uhyre vanleg å få psykiske problem. Ein av to vil bli psykisk sjuk i løpet av livet, om vi ser statistisk på det, fortel psykolog Svein Andreas Kjos.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen
Fakta psykisk sjukdom:

* Til einkvar tid lid kvar sjette nordmann av ei psykisk liding.

* Dobbelt så mange døyr av sjølvmord som av trafikkulukker.

* Meir enn 150 000 nordmenn blir råka av depresjon kvart einaste år. Det tilsvarar meir enn 400 kvar einaste dag.

* Kvart femte barn har psykiske vanskar.

* 90.000 barn lever med ein forelder som er til behandling for psykiske plager,

* Edderkoppar skremmer fleire enn frykten for terror.

(Kjelde: «Helt alminnelig galskap»)

«Helt alminnelig galskap» av psykolog Svein Andreas Kjos og journalist Ellen Wennevold Aas gir ei lettfatteleg oversikt over psykiske diagnosar og er ei praktisk handbok der du skal finne praktiske råd.

Innimellom fagkapitla får pasientar kome til orde med sine personelege historier.

Journalist Ellen Wennevold Aas har møtt mange menneske med psykiske lidingar. Alle har si historie, og no er 18 av dei samla i bokform. (Foto: Gyldendal)Journalist Ellen Wennevold Aas har møtt mange menneske med psykiske lidingar. Alle har si historie, og no er 18 av dei samla i bokform. (Foto: Gyldendal)

Saman med kona, journalist Ellen Wennevold Aas, er psykolog Svein Andreas Kjos i desse dagar klar med boka «Helt alminnelig galskap», ei oppslagsboka som gir deg historiene, diagnosane og fakta om psykiske lidingar.

Drivkrafta bak boka har ifølgje dei to vore å alminneleggjere psykisk sjukdom, fjerne tabu og seigliva myter kring det å ha ei mental liding.

Skam

- Det er framleis tabu å prate om psykisk sjukdom. Alle dei eg møtte i samband med boka, fortalde at det var frykteleg vanskeleg å snakke om sjukdommen, sjølv med sine aller nærmaste, fortel Ellen Wennevold Aas.

- Eg møter dagleg pasientar som slit med å opne seg. Dei skammar seg for å vere psykisk sjuke, sidan menneske med psykiske lidingar ofte blir definert som svakare enn andre, seier Svein Andreas Kjos, som til dagleg arbeider i vaksenpsykiatrien i Asker.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Psykolog Svein Andreas Kjos. (Foto: Gyldendal)Psykolog Svein Andreas Kjos. (Foto: Gyldendal)

- Det er vanleg å tru at dette er noko som rammar få, sidan folk ikkje pratar om det, og mange fryktar negative konsekvenser ved det å stå fram med sjukdommen. Men mi erfaring er at dei som står fram med psykiske lidingar blir positivt overraska, og gjerne opplev at venner og kjende opnar seg og fortel om liknande problem, seier Kjos.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Trudde ho skulle dø

I tillegg til å opplyse om kva som kjennteikner ulike psykiske lidingar - frå panikkangst, eteforstyrringar og diverse fobiar til sexavvik, tvangshandlingar og personlegdomsforstyrringar - får vi i «Helt alminnelig galskap» møte menneska bak diagnosane. Til saman 18 svært personelege og modige historier om korleis det er å leve med ein psykisk sjukdom.

Blant andre får vi møte Turid Nilsen (30), som lid av panikkangst. Det første anfallet fekk ho då ho køyrde bil, og hadde begge døtrene i baksetet. Opplevinga førte til at ho svor på at ho aldri meir skulle ta i eit ratt:

Artikkelen fortsetter under annonsen

Jeg hadde tatt farvel med svigermor, festet begge jentene i bilsetet og var halvveis ned bakken, da smerten skar inn i brystet rett under kragebeinet. Det prikker og stikker i hodet, og bilveien foran meg blir trang. [...] Det finnes ikke lenger luft å puste i. Svetten lager mørke ringer. Jeg ser gjennom tåke og hører gjennom vatt. [...] Motoren har stoppet, men vi triller ned bakken, med hodet ut og baksetet fullt av barnegråt. Jeg får ikke se dem vokse opp, slår det meg. Og hvordan vil mine kjære takle å være pappa helt alene.
(Utdrag frå boka: «Helt alminnelig galskap» av Svein Andreas Kjos og Ellen Wennevold Aas).

Nilsen har no lært seg å leve med angsten, sjølv om ho framleis får anfall innimellom.

Englar og snakkande fuglar

Endå tøffare er historia til Esben B.-J. Jaer (40), som har fått diagnosen schizofreni - ei av dei mest alvorlege psykiske lidingane vi har.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Esben høyrer stemmer, blir prata til av fuglar med diamantliknande auge og ser demonliknande englar som krev at han sveltar seg og brenn sigarettstumpar gjennom huden:

I flere måneder har stemmene sagt hva jeg kan spise og hva jeg ikke kan. Denne uttærende fasten gjør meg kjempesulten, men i kveld skal mor og jeg spise kake, en varm sjokoladekake med kokos.
Da hører jeg befalende stemmer. Jeg hører dem si: - Du må slå hodet ditt i veggen hvis du vil ha kake!

(Utdrag frå boka: «Helt alminnelig galskap» av Svein Andreas Kjos og Ellen Wennevold Aas).

- Av dei meir vedvarande psykiske sjukdommane, er schizofreni den som klart rammar hardast, fortel psykolog Svein Andreas Kjos.

- Ein blir psykotisk, fantasi og verkelegheit glir over i kvarandre og ein får vrangførestellingar. Mange klarar ikkje å fungere i jobb eller i samfunnet.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Nokre blir friske, men sjukdommen kan følgje ein heile livet.

Kvart år blir cirka seks hundre nordmenn ramma av chizofreni. Årleg reknar ein med at mellom tolv og femten tusen har diagnosen.

- Umyndiggjering

Då er det langt fleire som lid av «folkesjukdommane» angst og depresjon. Meir enn 150.000 nordmenn blir ramma av depresjon kvart einaste år.

Journalist Ellen Wennevold Aas kan fortelje at dei ulike historiene ho har fått høyre i samband med boka har gjort sterkt inntrykk.

- Eg vil ha med meg historiene deira resten av livet. Nokre av dei eg møtte har eg hatt lyst til å putte i veska og ta med meg vidare, seier ho med eit smil.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Det som overraska ho mest i prosessen med boka, var motstanden ho møtte innanfor helsevesenet.

- Eg måtte arbeide hardt for å få tak i case som kunne stå fram med sjukdommen, og haldninga hos fleire eg var i kontakt med innanfor helsevesenet forbausa meg. Mange meinte at vi burde «skåne» heile denne gruppa, og at ein ikkje burde spørje ein psykisk sjuk person om å fortelje historia si. Eg fekk inntrykk av at berre det å spørje om det, var å gå for langt, fortel Wennevold Aas.

Artikkelen fortsetter under annonsen

- Eg stiller meg uforståande til det eg opplevde som umyndiggjering av ei heil gruppe. Kjensla av at dei ikkje blei tatt på alvor, var sterk.

Meir kunnskap

Både ho og ektemannen er einige om at det trengst større romslegheit kring kva som blir rekna for normalt. Også det å vere psykisk sjuk er «normalt», hevdar dei.

- Det er eit behov for mykje meir kunnskap om temaet, og det håpar vi at boka vår kan vere eit lite bidrag til, seier Wennevold Aas.