Naja Marie Aidt vann Nordisk Råds Litteraturpris

Danske Naja Marie Aidt er årets vinnar av Nordisk Råds Litteraturpris. (Foto: Cato Lein)
Danske Naja Marie Aidt er årets vinnar av Nordisk Råds Litteraturpris. (Foto: Cato Lein) 
Artikkelen fortsetter under annonsen

Dansk forfattar får 350 000 danske kroner.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen
Fakta:

Nordisk Råds Litteraturpris går til eit skjønnlitterært verk som er skrive på eit av språka til dei nordiske landa. Verket kan vere ein roman, eit drama, eit dikt-, novelle- eller essaysamling som «oppfyller høge litterære og kunstnarlege krav».

Prisen, som blei oppretta i 1962, blir delt ut kvart år av Nordisk Råd og er på 350 000 danske kroner.

Det blei Naja Marie Aidt frå Danmark som vann Nordisk Råds Litteraturpris med novellesamlinga «Bavian» (2007).

Dermed blei det ingen pris på dei norske forfattarane Merethe Lindstrøm (44) og Carl Frode Tiller (37) som var dei norske nominerte til prisen, for høvesvis novellesamlinga «Gjestene»og romanen «Innsirkling».

Naja Marie Aidt er fødd i 1963 og debuterte i 1991 med diktsamlinga «Så længe jeg er ung». Ho har skrive åtte diktsamlingar, tre novellesamlingar, ein spelefilm og ei rekkje skodespel. Aidt har ein framtredande plass i sin generasjon av danske forfattarar.

Dei 15 noveller i «Bavian» skal ta utgangspunkt i ei verd som til forveksling liknar kvardagen, ifølgje komitéen. I grunngjevinga står det vidare:

Naja Marie Aidt skriver i en yndefuld og ildevarslende realisme, der trækker virkelighedens undertoner op, så man mærker, at hverdagen hviler på et mycelium af mulige katastrofer.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Det, der knytter Naja Marie Aidts noveller sammen er stykkernes livssyn eller omverdenssyn. Men måske også noget, man kan kalde deres globale livsmørke. For igennem hele bogen går der en strøm, en puls, som både er yndefuld let og ildevarslende dyster. En samlet musik, sådan som den kan eksistere i en digtsamling eller en digtsuite. Og det på trods af den forskellighed, der også præger historierne - en tydelig, genkendelig og dramatisk stemme og en kunstnerisk mangfoldighed, en rigdom i selve udtrykket.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Sjølve prisen er på 350.000 danske kroner, og skal delast ut under Nordisk Råds 60. sesjon i Helsingfors i slutten av oktober 2008.

Fjorårets vinnar av Nordisk Råds Litteraturpris var den svenske forfattaren Sara Stridsberg, som blei heidra for romanen «Drømmefakultetet».

Her er alle årets nominerte:

Artikkelen fortsetter under annonsen

Noreg:
Merethe Lindstrøm «Gjestene» (noveller) 2007
Carl Frode Tiller «Innsirkling» (roman) 2007

Det samiske området:
Synnøve Persen «Meahci šuvas bohciidit ságat» (dikt) 2005

Sverige:
Birgitta Lillpers «Nu försvinner vi eller ingår» (dikt) 2007
Eva Runefelt «I ett förskingrat nu» (dikt) 2007

Danmark:
Jens Smærup Sørensen «Mærkedage» (roman) 2007
Naja Marie Aidt «Bavian» (noveller) 2006

Finland:
Leena Krohn «Mehiläispaviljonki. Kertomus parvista» (Bipaviljongen. En berättelse om svärmar.) 2008
Merete Mazzarella «Fredrika Charlotta född Tengström. En nationalskalds hustru» (essay) 2007

Island:
Bragi Slafsson «Sendiherrann» («Ambassadøren») (roman) 2006
Kristín Steinsdsttir «A eigin vegum» («Sin egen väg») (roman) 2006

Færøyene:
Carl Jshan Jensen «September í bjørkum sum kanska eru blaar (The afflictions of the reverend J.H.O. Dünn)» («September i birke som måske er blå (The afflictions of the reverend J.H.O. Dünn)») (dikt) 2006

Grønland hadde ingen nominerte verk i år.

Les også:

ABC Nyheter Litteratur

ABC Nyheter Kultur