Instagram og Snapchat er verst for den mentale helsa

Artikkelen fortsetter under annonsen

YouTube har positiv effekt.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Det viser resultata frå ei undersøking av nesten 1500 britiske ungdomar i alderen 14-24 år, utført i starten av 2017 av dei to helseorganisasjonane Royal Society for Public Health (RSPH) og Young Health Movement.

I rapporten #StatusOfMind kjem det fram at sju av ti unge rapporterer om mobbing på internett, og sosiale medium er assosiert med auka tilfelle av angst, depresjon og søvnproblem. Samtidig finn studien at sosiale medium kan auke tilgangen til helseinformasjon, samt at dei som nyttar sosiale medium får meir emosjonell støtte frå kontaktane sine.

Instagram og Snapchat er verst

Ungdomane vart også spurde om korleis sosiale medium påverka ulike delar av den mentale helsa deira, slik som til dømes emosjonell støtte, søvn, depresjon, kroppsfokus og frykt for å gå glipp av noko.

I studien konkluderer forskarane med at Instagram og Snapchat er dei verste for sjølvkjensla til ungdom, etterfulgt av Facebook og Twitter. YouTube har samla sett ein positiv effekt.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Instagram scorar dårleg på faktorane søvn, kroppsfokus, angst, depresjon, mobbing og frykt for å gå glipp av hendingar. Plattformen får samtidig positiv score på spørsmål om personleg uttrykk og identitet.

– Det er interessant å sjå Instagram og Snapchat rangert som dei verste for mental helse og vevære. Begge platformane er veldig biletefokuserte, og det verkar som om dei kanskje fører til kjensler av å ikkje strekke til og angst hos unge menneske, seier Shirley Cramer, leiar i RSPH, til The Guardian.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Les også: – Media gir ungdom dårleg sjølvbilete

Åtvaring og hjelp på nett

Dei to helseorganisasjonane som har utført undersøkinga har sju oppfordringar:

1. At det dukkar opp ei åtvaring når ein har nytta ei visst tid på sosiale medium.

2. Merking av retusjerte eller fotoshoppa bilete.

3. Sertifisering frå myndigheitene på helseinformasjon i sosiale medium.

Artikkelen fortsetter under annonsen

4. Undervisning i trygg bruk av sosiale medium i skulane.

5. Bruk av digital teknologi for å oppdage brukarar som er i faresonen for mentale helseproblem ved bruk av sosiale medium.

6. Ungdomsarbeidarar og andre bør få opplæring i sosiale medium.

7. Meir forskning på effekten av sosiale medium på mental helse hos unge.

Les også:

Fortidlegfødde lam får hjelp av kunstig livmor

Denne larva et plastposar

Eit kritisk blikk på ekteskapet

Saken er opprinnelig publisert på Framtida.no