Meny

Fullt batteri på halvt minutt

Tenk om du kunne få fullt batteri på under minuttet. Frå 2016 kan du faktisk det - men det vil kosta. Foto: Colourbox.com

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Det israelske selskapet StoreDot meiner å ha eit batteri som blir lada hyperraskt på marknaden allereie i 2016. Men det har ei ulempe.

Det israelske selskapet StoreDot meiner å ha eit batteri som blir lada hyperraskt på marknaden allereie i 2016. Men det har ei ulempe.

Techweek Europe skriv om det israelske selskapet StoreDot, som må ha den til no desidert raskaste ladinga av ein mobiltelefon klar. Batteriet, som vart demonstrert allereie i april i år, gjekk frå tomt til fullada på 26 sekund.

LES OGSÅ: Gamle mobilar gull verd

Sjølv om det høyres ut som noko ein berre kan fantasera om i science fiction er det heller ikkje langt unna – selskapet meiner å ha ein versjon klar for marknaden allereie i 2016. I april demonstrerte dei og teknologien – sjå video her:

LES OGSÅ: Nytt batteri varar i tjue år

Dobbelt så dyrt

Selskapet har visstnok pengesekken til Chelsea-eigaren Roman Abramovich i ryggen, og kan slik sett reknast som ein alvorleg konkurrent for batterimarknaden i framtida.

Batteriet dei no skal ha klart for marknaden til 2016 er basert på nanoteknologi – Reuters samanliknar teknologien med ein svamp som på utruleg kort tid kan samla opp, og halda på energien.

Det er berre ei openbar hake – prislappen. Ifølgje Techweek kjem den lynraske ladinga med ein heftig prislapp. Doron Myersdorf, som grunnla StartDot, sa til Reuters at det nye batteriet ville kosta rundt 150 dollar – eller rett over 1000 kroner – meir enn dei vanlege batteria på marknaden i dag.

Ifølgje Techweek vil eit slikt batteri leva i rundt tre år, og elbilar er ein anna marknad selskapet siktar mot.

LES OGSÅ: Neste år køyrer Tesla-bilane sjølv 
Helse og livsstil
Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus