Møt lemuren Raz - ein liten sensasjon

Foto: AP/Scanpix
Foto: AP/Scanpix
Artikkelen fortsetter under annonsen

Folk strøymer til for å sjå den vesle lemuren Raz.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Den vesle lemuren Raz vinn nok ingen skjønnheitskonkurranse. Med sine store øyre, stirrande grøne auge, flekkete behåring og fingrar tynne som edderkoppbein, ser han ut som ei krysning mellom ei mus og ei flaggermus.

Men han har likevel sin sjarm, den vesle apen, og skal ha blitt noko av ein attraksjon i Bristol dyrepark, ifølgje BBC.com.

Raz er berre to månader gammal og får framleis plass i handflata til dyrepassaren Caroline Brown. Han tilhøyrer arten aye aye-lemur, og er berre den andre av sitt slag som nokon gong er fødd i Storbritannia.

Aye aye-lemuren kjem opprinneleg frå Madagaskar utanfor austkysten av Afrika, der deira noko spesielle utsjånad har gjort at befolkninga har sett på dei som eit varsel på døden. Det har gjort sitt til at arten i dag er utrydningstruga. Ekspertar trur det berre finst om lag 1.000 eksemplar igjen av apen.

Men enn så lenge går det bra med Raz. Han blir handmata annakvar time døgeret rundt av dyrepassaren Caroline Brown, sidan mor hans ikkje gav han nok omsorg.

- Han går opp i vekt og verkar sterk. Ungane til fingerapane utviklar seg ganske sakte og må ha mat heile tida, seier ho til BBC.com.