Juksar med matvekta

Artikkelen fortsetter under annonsen

Du kan ikkje vere trygg på at merkinga av ferdigpakkar med mat stemmer med innhaldet.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto. bende.com)(Foto. bende.com)

(NPK): Årsaka til at mengda i ferdigpakkane ikkje alltid er rett, kan vere at produsenten medvite ikkje fyller nok i pakken, meiner Justervesenet.
Stikkprøvar avslører at så mykje som 15 prosent av pakningane som blei kontrollert, ikkje heldt mål.

- Vi meiner omfanget er såpass stort at vi må sjå nærmare på dette. Vi har tatt stikkprøvar som viser at innhaldet i enkeltpakningar ikkje er stort nok, seier avdelingsdirektør Knut Lindløv i Justervesenet til Aftenposten.

Justervesenet har ansvar for at vekter og måleinstrument er nøyaktige. Men ofte er det ikkje nok at vekta er riktig. No har direktoratet tatt initiativ overfor Forbrukarombodet og Mattilsynet for å sikre at alle krev same nøyaktigheit.

- Årsaka til at mengda i ferdigpakkane ikkje alltid er rett, kan vere at produsenten medvite ikkje fyller nok i pakken. Men det kan også kome av manglande kontroll under produksjonsprosessen. Vi føler også at det er behov for opprydding i regelverket, seier Lindløv.

Næringsminister Odd Eriksen har lagt fram ei lov som skal stille strengare krav til ferdigpakningar. Til no har det berre vore krav til at sjølve vekta er rett. No skal det i større grad bli stilt krav til at det som står på pakningen stemmer med innhaldet. (NPK)

Les meir nynorsk i Neste Klikk:
Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving