Svenskar får ikkje ete speilegg

Artikkelen fortsetter under annonsen

Sjuke høner legg ikkje egg, og ikkje har svenske høner fugleinfluensa. Likevel forbyr matfirmaet Sodexo egg som berre er steikte på ei side.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ikkje meir speilegg for 100 000 svenskar. (Foto: Wikipedia)Ikkje meir speilegg for 100 000 svenskar. (Foto: Wikipedia)

100 000 svenskar får mat gjennom Sodexo, som leverer måltid til firma, skular og sjukehus.

Regelen om at egga må steikast på begge sider, er innført av frykt for fugleinfluensa.

Ingen grunn til panikk


Sjefsepidemilog Annika Linde i det svenske smitteverninstituttet seier til Sveriges radio at det ikkje er nokon grunn til eit slikt forbod.

- Sjuke høner verp ikkje. Dei døyr som regel i løpet av nokre timar.

- Men det viktigaste argumentet er at vi ikkje har smitta høns i Sverige, og får vi det, så merkar vi det omgåande. Vi har heller ikkje salmonella eller andre sjukdommar ein kan få av rå eggeplommar. Eg ser ingen grunn til å innføre slike reglar, seier Linde.

Betre føre var


Martin Nilsson, som er innkjøpssjef i selskapet, forsvarer avgjerdsla med at reglane er laga for heile selskapet, som drivast i fleire land.

Speileggforbodet blei innført då dei første tilfella av fugleinfluensa dukka opp, og sjølv om det ikkje finst nokon god grunn, kjem ikkje Sodexo til å byrje å servere speilegg steikte på berre ei side igjen.

Kjelde: NRK

Les meir i Neste Klikk:


ABC Startsida:


Les meir nynorsk i Neste Klikk:

Aktuelt


Helse og samliv


Konkurransar


Kultur


Mat og drikke


Moro


Dyr


Forbruk(ar)


Nett og teknologi


Næringsliv


Reise og oppleving