Kven er eigentleg påskeharen?

Er det påskeharen som legg påskeegga? Kva har ein hare med Jesus å gjere? Og kor kjem kyllingane inn i bildet?

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Påskeharen på kontoret sitt på Påskeøya, under førebuingane til sesongen.Påskeharen på kontoret sitt på Påskeøya, under førebuingane til sesongen.

Påskeharen er ein artig skrue. Det er han som legg egga vi får å ete i påska. Neste klikk har møtt påskeharen og prøvd å finne ut kven som eigentleg skjuler seg bak den lodne pelsen.

Namn:

Påskeharen


Bur:

På Påskeøya, men er mykje på farta.


Alder:

47 hareår (overtok jobben etter pappa, for tre år sidan).

Sivil status:

Saman med Inger (det er berre ho som veit kor haren hoppar)

Påskeharen liker å vere ute i naturen, og å vere saman med familie og vener.Påskeharen liker å vere ute i naturen, og å vere saman med familie og vener.

- Kor skal du feire påska, påskehare?
- Eg veit ikkje kor mykje eg rekk å få feira, men forhåpentlegvis rekk eg ein tur på Påskefjellet eller kanskje til og med ein tur heim til Påskeøya.

- Kva gjer eigentleg ein påskehare sånn generelt?
- Når eg ikkje førebuar påska, trivst eg godt uti naturen, eller saman med familie og gode vener.

- Kva gjer du i påska?
- Det kjem nok til å bli mykje arbeid på meg med å levere ut påskeegg til alle dei som har vore snille i år. Blir det noko tid til overs, blir det kanskje tid til litt reising, påskekrim eller påskenøtter.

- Skal du gå i kyrkja?
- Kanskje eg labbar innom en tur.

- Går du på ski?
- Nei, men eg er glad i å hoppe på ski. Det er eg ganske god til.

- Er krim ein del av påska for deg?
- Når eg får tid er jeg veldig glad i å slappe av med ei god krimbok. Men nokre gongar blir det for skummelt, og då må eg berre hoppe over nokre sider. Eg er nok ein liten reddhare innarst inne.

- Korleis heng det saman at ein hare legg egg?
- Akkurat dette er ein djupt bevart familieløyndom. Eg kunne ha sagt det, men då forsvinn all mystikken. Og utan mystikk blir det inga påske. Då måtte eg nok også sjå etter ein ny jobb.

- Er det du som legg dei store pappegga med sjokolade inni og?
- Nei, haha. Det er nok ikkje meg. Ein hare kan ikkje leggje papp. Kan du forresten seie «Pappa pakkar pappesker», mange gongar etter kvarandre?

- Kven er eigentleg påskekyllingane? Er de i slekt?
- Påskekyllingane er ikkje i slekt med oss harar, nei. For kyllingar har nebb. Og vi harar har snute. Men du kan sammenlikne kyllingane litt med nissen sine gode hjelparar, som trår til når det trengst.

- Har du noko du berre må gjere i påska?
- Eg MÅ i alle fall levere ut påskeegga. Tenk for ei oppstanding (hihi) det ville ha blitt dersom folk fekk påskeegga om sommaren. Eller om hausten! Det hadde ikkje blitt det same.

- Er det noko spesielt du må ete når det er påske?
- Eg MÅ ete sjokolade. Og appelsin. Og egg. Og påskenøtter, så klart.

- Kva tid er det eigentleg de harar skiftar pels?
- Vi skiftar pels kvar haust og vår. Eller om vi skal i fint selskap. I konfirmasjon eller bursdag, til dømes.

- Kva forhold har du eigentleg til Jesus?
- Eg vil seie at vi har eit godt forhold, eg og Jesus.

- Kva trur du vil skje med påskeferien viss kyrkja blir skilt frå staten?
- Dette er nok eit litt for stort spørsmål for ein påskehare.

- Er det mykje førebuing foran påskehøgtida?
- Ja, det er det. Vi byrjar allereie i september, med å skaffe lister over kven som skal ha påskeegg og kven som ikkje skal ha det. Så prøver vi sjølvsagt også å få oversikt over kor folk bor for tida. Det er ikkje alltid så lett. Det gjeld å vere rask på harelabben.

- Treff du Julenissen, Tannfeen og Jon Blund iblant?
- Jon Blund støyter eg på rett som det er. Julenissen treff eg berre i sesongen. Tannfeen traff eg meir før. Men vi sender ofte sms til kvarandre.

- Er du litt sånn som julenissen, at du finst for dei som trur på deg?
- Er det nokon som ikkje trur på meg da? Eg trur på dykk. Då synest eg at de skal tru på meg også.


Les meir i Neste Klikk:

  • Fleire påskesaker her


Les meir nynorsk i Neste Klikk:


Aktuelt
Helse og samliv
Konkurransar
Kultur
Mat og drikke
Moro
Dyr
Forbruk(ar)
Nett og teknologi
Næringsliv
Reise og oppleving


Personvernpolicy