Meny

U-båtmat

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Då eg var lita, jobba faren min ei stund på u-båt. Då han kom heim, var han ekstra snill og dessutan spanande for oss ungar. Han laga ein spesiell rett til oss, som han kalla u-båtmat.

Frå jobben til pappa. (Foto: Forsvaret)Frå jobben til pappa. (Foto: Forsvaret)

Det var det dei hadde ete på u-båten. Vi syntest det var spennande å ete det same som dei åt under vatn. Vil du også prøve?

Du treng:


Brødskiver - to til kvar porsjon.
Ost - vi brukte alltid norvegia eller jarlsberg.
Salami
Ketchup

Legg ei salamiskive underst, og less på med mykje ost på halvparten av brødskivene (ta til du skjemst). Så lagar du lokk med den andre skiva, og steiker ostisane på steikepanna til osten flyt ut. Etast med mykje ketchup. Viss du er ekstra svolten, kan du ha eit speilegg oppå.

Synest du at u-båtmaten minnar mistenkeleg om det andre kallar ostesmørbrød? Nja, det har eg ofte fått høyre. Men det er noko spesielt med ubåtmat, det vil eg påstå.




Fleire nynorsk-artiklar:

Nynorsk


Helse og livsstil
Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus