Registrer deg for å bli med i debatten
Registrerte brukere kan skrive egne innlegg, og delta i debattene.
Den klåre høgredreiinga blant veljarane kan ha kome for å bli. Det tyder ein viktig studie på.
Det mest påfallande ved Opinion-målinga som ABC-nyheter presenterer for september, er kor lite påfallande ho er. Nok ein gong er Frp godt over 30 prosent, og dette året har dei borgarlege hatt fleirtal på alle målingane til Opinion.
Forspranget til høgresida over venstresida er såpass stort at jamvel når alle dei raudgrøne småpartia er over sperregrensa på denne siste målinga, og KrF og Venstre er under, så er det likevel klårt borgarleg fleirtal.
Ein kunne fortolka dette som regjeringsslitasje – at det er naturleg at Arbeidarpartiet og den haltande alliansen deira blir straffa av veljarane så lenge renta framleis er høg og det ikkje er rom for store og dyre reformer.
Det scenarioet er ikkje det verste for dei. For om det då langsamt og merkbart gjekk betre med økonomien att og situasjonen i Hormuzstredet lysna, kunne dei sjå for seg at ting snudde.
Om det derimot er slik at veljarane gradvis har blitt meir høgrevridde ved at dei ideologisk har endra seg, er det gode nyheiter for dei blå. Det er tilsvarande eit problem for venstresida og gjer framtidige valsigrar vanskelegare for dei. For då skal det mykje meir til å endre oppslutnaden i eigen favør.
Jamvel med fleire venstresidesaker i mediebiletet, vil det ikkje endre grunninnstillinga til veljarane flest – dei ønsker likevel meir høgrepolitikk.
Ei ny bok gir verdifull informasjon om kva som skjer blant veljarane for tida (Bergh og Haugsgjerd (red.), 2026, Konflikt og mobilisering). Det gjeld ikkje minst ein delstudie om ideologi og polarisering (kapittel 3, av Aardal, Bergh og Hesstvedt).
Den kastar lys over kor vidt den høgredreiinga vi ser i meiningsmålingane, er eit varig fenomen.
Ved valet i 2025 tok gjennomsnittsveljaren eit langt steg mot høgre. Ved å kople saman ei rekke saker om nærståande tema, kan ideologiske dimensjoner i politikken avdekkast.
Den klart viktigaste dimensjonen gjeld økonomisk politikk. Og det er her vi verkeleg ser store endringar. I sentrale spørsmål i norsk politikk som behovet for skattelette, tiltrua til offentleg regulering og synet på rolla til private er det oppsiktsvekkjande kor mange som endra syn frå 2021 til 2025.
Eit anna interessant trekk er at polariseringa aukar. Dei same veljarane står i stigande grad mot kvarandre på alle dei viktige dimensjonane. Dei som er på høgresida i økonomisk politikk, er i større grad også mot ein liberal innvandringspolitikk og ein dyr miljøpolitikk samanlikna med det dei på venstresida er.
Så frontane hardnar til.
Det kan gjere det vanskelegare å finne politiske løysingar «over streken». Og då vil det verte endå vanskelegare å styre i dette landet.
Kva ligg under den ideologiske høgredreiinga vi ser? Kjernen i dette spørsmålet er om det verkeleg er tale om varige verdiendringar i veljarskaren, eller om det ikkje stikk så djupt som det kan sjå ut ved første blikk.
Det som taler for varige og djuptloddande ideologiske verdiendringar, er at vi i sak etter sak i den økonomiske politikken ser det same mønsteret. Det gjeld altså ikkje berre formueskatt, men synet på private løysingar og offentleg regulering i stort.
Det er ikkje tale om berre eit blaff i nokre isolerte einskildsaker.
Eit spørsmål som melder seg, og som studien ikkje kan gje svar på, er kva for trekk i samfunnsutviklinga som har drive desse endringane. Har offentleg sektor brått blitt mykje dårlegare? Har LO og venstresida på eit vis fortent mindre tillit? Er behovet for fordelingspolitikk mindre?
Det er vanskeleg å svare eit utvitydig ja på desse spørsmåla. Det gjer at det også går an å sjå på dei ideologiske endringane som uttrykk for eit politisk klima som korrigerer ein kurs midlertidig i staden for nødvendigvis å utgjere eit endra politisk landskap.
Når veljarar i spørjeundersøkinga svarer på spørsmål som heng saman, er dei rimeleg konsistente. Om ein då først vil sende eit signal om misnøye mot regjeringa og dårlege tider, vil svara på det eine spørsmålet følgje av det andre.
Kanskje funna i studien primært reflekterer at det uavhengig av om det har skjedd faktiske endringar eller ikkje, rett og slett i lang tid har vorte gjort betre politisk handverk av høgresida – særleg Frp – når det gjeld truverd i røyndomsskildringa.
Vi har fått dokumentert at den jamne veljaren gjekk til høgre ved sist val. Men det er likevel ikkje sikkert at hen har tenkt å bli der. Så det vert interessant å følgje om nyare studiar stadfester eit hovudfunn i den store valundersøkinga.
Stemmer er ABC Nyheters debattseksjon. Dette er meningsytringer, og innholdet står for skribentens regning. Ønsker du å bidra? Send kronikk eller debattinnlegg til stemmer@abcnyheter.no.