Sylvis sjølvutslettande heiagjeng
I ringen med Frp liknar Høgre og Venstre ein boksar som aldri tar igjen. Ikkje rart veljarane flyktar.
Frp er i siget. På den første målinga dette året, i Nettavisen, får Sylvi og co støtte frå heile 31.9 prosent av veljarane.
Derimot står det dårleg til for Høgre (15 prosent); Frp er for tida dobbelt så store som Høgre. Like ille er det for Venstre (3 prosent) – framleis under sperregrensa.
Men kan Høgre og Venstre takke seg sjølv for dei sørgjelege tala?
Populisme og ta ansvar
Eg har tenkt at det vil vere vanskeleg for Frp å halde seg på eit så høgt nivå som dei er på no over tid. For Framstegspartiet stør seg på to ulike grupper samstundes. Den eine er dei systemkritiske.
Frp er og vil vere annleis som eit populistisk alternativ. Nokon du kan gå til når «politikarane» – heile elite-bunten – sviktar. Det er typisk at Frp var det einaste partiet som ikkje vart med i den nye skattekommisjonen.
Men så har Sylvi Listhaug vist meir av ein annan politisk profil også. I større grad liknar Frp no eit styringsparti som kan ta Noreg i ei ny retning. Mindre snillisme, skatt og grøn sløsing. Likevel ansvarleg og trygt.
Italia viser Sylvi-veg
Det eg har gått ut frå, er at det er vanskeleg å halde både dei systemkritiske og dei moderate og ansvarlege inne som veljargrupper på same tid. Dei vil jo tidvis motsette ting: Ansvarleg politikk, goodbye frå populistane.
Men om vi ser sørover i Europa til Italia, finn vi eit lysande eksempel for Frp på at det kan gå fint å sameine begge gruppene. Italia har vore kronisk ustyrleg. Etter 1945 har det i snitt vore regjeringsskifte årleg i Italia.
Høgrepopulisten Georgia Meloni kom til makta i 2022. Frå då av har ho og partiet hennar «Italias brødre» låge jamt på over 30 prosent i veljaroppslutning. Italia fått ein statsminister som er populær blant veljarane, ein favoritt hjå Trump og respektert av europeiske statsleiarar. Oppskrifta til Meloni har vore å vere hard i innvandringspolitikken og konservativ i familiepolitikken, men elles pragmatisk og moderat. Internasjonalt er ho sett på som samarbeidsvillig.
Meloni syner at truverd hjå høgrepopulistiske veljarar let seg kombinere med ansvarleg styring. Det kan vise veg for Sylvi.
Tafatte Høgre og Venstre
Bør Høgre og Venstre i denne situasjonen halde fram som sjølvutslettande heiagjeng for Frp og ei stadig meir statsministeraktig Sylvi Listhaug? Eller er det på tide at dei oftare våger å distansere seg frå Frp?
Å late som det er full harmoni når alle høyrer bråket i bakgrunnen, er komisk og uklokt.
I valkampen var Sylvi Listhaug tidvis svært tøff mot dei tidlegare regjeringspartnarane. Høgre og Venstre på si side tok i mot kjeften. Dei to partia reinvaska i praksis Frp for sjølv å ende opp med å sjå tafatte ut – ingen veljarmagnet. KrF la seg tett inntil Frp og er vel etter kvart i ferd med å kvitte seg med alle sentrumsveljarane sine.
Tida vil vise om den skuta ber.
Kvifor gjer ikkje Venstre og Høgre det same mot Frp som Frp gjer mot dei? Så lenge Sylvi køyrer solo, er det jo likevel ikkje husfred. Når det vert val att, vil det vere styrkeforholdet som avgjer kven som vert statsminister. Å late som det er full harmoni når alle høyrer bråket i bakgrunnen, er komisk og uklokt.
- Les også: Åpenbart et problem for Norge
EØS og klima
Ta to saker som klima og EØS. I Venstre påstår dei implisitt at om det berre hadde vore dei sjølv som forhandla med Frp, i staden for politikken til regjeringa, ja då vart det mykje betre for klimaet (Politisk kvarter, 0801).
Trur dei på det sjølv?
Og Sylvi Listhaug vil altså reforhandle EØS-avtalen. Kvifor kan ikkje Høgre og Venstre vere endå meir kontante og direkte til Frp om at det er ein håplaus ide?
Gull, skattelette og alt gratis
Eg meiner norsk politikk, både på venstresida og høgresida, treng ein ny gjennomtenking av korleis samarbeidet bør vere. Noreg står overfor store utfordringar økonomisk og geopolitisk. Ansvarlege politikarar må ikkje drive opp forventningane ved å love gull, skattelette og alt gratis.
Det vi i vår tid treng, er politikarar som aukar forståinga til veljarane om at politikken i blant må vere smertefull. Då er ikkje alltid SV og Senterpartiet dei rette partnarane for Ap – på same måte som ikkje alltid Frp er det naturlege førstevalet til Høgre og Venstre.
Budsjettalliansar: ja. Elles ofte blokkoverskridande løysingar.
Ein ærlegare politikk
Høgre og Venstre let stundom som om dei er samde med Frp når dei ikkje er det. Høgre og Venstre bør gjere det same som Frp: Stå opp for eigen politikk. I alle fall no når det er lenge til neste val. La Venstre vere Venstre, la Høgre vere Høgre – i staden for indirekte støtteerklæringar til politikk ein er mot.
Ver dykk sjølv, Høgre-Ine og Venstre-Guro. Så blir norsk politikk ærlegare. Og kanskje er det bra eigenmedisin også.
Stemmer er ABC Nyheters debattseksjon. Dette er meningsytringer, og innholdet står for skribentens regning. Ønsker du å bidra? Send kronikk eller debattinnlegg til stemmer@abcnyheter.no.