KRONIKK
Når læraren teier, taper demokratiet
Når lærarar vegrar seg for vanskelege tema i klasserommet, flyttar debatten seg til ekkokammer der ytterpunkta får dominere.
Demokratiet kviler ikkje berre på lover og val, men på ferdigheiter som må lærast. Når lærarar vegrar seg for vanskelege tema i klasserommet, flyttar debatten seg til ekkokammer der ytterpunkta får dominere. Slik forvitrar demokratiet. Ikkje med bråk, men med stillheit.
Medan vi no markerer den nasjonale beredskapsveka, er det viktig å ikkje gløyme: Skulen er sjølve fundamentet for samfunnsberedskapen. Ikkje berre i krisetid, men kvar dag.
Under Arendalsuka sat eg på bryggekanten og såg demokratiet i fri flyt: politikarar, journalistar, organisasjonar. Midt i ei direktesending av Dagsnytt 18 vart sendinga brått avbrote av aktivistar i gummibåtar som ropa om stans i oljeutvinning. Ein ung politikar spurde ein av dei:
– Kven stemmer du på?
– Stemmer på? Eg stemmer ikkje. Valet betyr ingenting for meg.
Her var ein som nytta ytringsfridomen, men som ikkje hadde tillit til systemet som gjev han den. Det er eit varsko.
Han er ikkje åleine.
Undersøkinga ICCS 2022 viser at norske 14-åringar har betydeleg lågare demokratikunnskap enn for berre seks år sidan. Samstundes viser ho at tilliten til dei demokratiske institusjonane framleis er høg i Noreg, medan han i andre land er på veg ned.
Demokratiet står sterkt i Noreg enno. Men tillit utan forståing varer sjeldan lenge. I ei verd der stadig fleire demokrati glir over i autokrati, må vi ruste dei unge med kunnskap, dømmekraft og motstandskraft.
Utestemme og polarisering
Polarisering og desinformasjon blir peika på som nokre av dei største truslane mot stabile samfunn. Dette er ikkje fjerne problem.
Vi ser det i media, i kommentarfelta, i skulegarden og i klasseromma. Det er dei mest polariserte utspela som får merksemd.
Dei siste vekene har vi sett to redaktørar frå kvar si side av det politiske spekteret krangle høglytt. Både Danby Choi (Subjekt) og Magnus Marsdal (Manifest) har innsikt og engasjement, men når debatten blir ein konkurranse i å finne feil hjå den andre, forsvinn nyansane.
Dette er ikkje berre eit problem for samfunnsdebatten, det er eit problem for opplæringa. Korleis skal elevar lære å diskutere med respekt, når dei ser at dei som burde vite betre, vel konfrontasjon framfor dialog? Når utestemma dominerer, blir det vanskeleg å høyre dei som prøver å forstå, og endå vanskelegare å lære å lytte.
Demokrati må lærast
Mange lærarar vegrar seg for å ta opp tema som innvandring, kjønn, klima eller krig. Det er forståeleg. Slike tema vekkjer sterke kjensler, og lærarar fryktar å miste kontrollen i klasserommet. Kva om nokon seier noko krenkjande? Kva om foreldra reagerer?
Stillheita i klasserommet er ikkje nøytral, ho er ein risiko. Når læraren unngår dei vanskelege samtalane, flyttar debatten seg til ekkokammer der nyansane forsvinn og ytterpunkta får dominere.
Forsking frå OsloMet (DEMOCIT) viser at elevar som får diskutere kontroversielle tema, utviklar sterkare tru på eiga påverknadskraft. Dei lærer å lytte, argumentere og å forstå andre sine synspunkt. Kort sagt: Dei trenar demokratiet sin viktigaste muskel.
Vi snakkar ofte om å verne demokratiet, men sjeldan om kva det eigentleg betyr. Demokratiet handlar ikkje berre om val. Det handlar om verdiar, ferdigheiter og kunnskap. Og det må lærast og øvast på. Skulen er den viktigaste arenaen for dette.
Å snakke om kontroversielle tema er ikkje ein risiko, det er ei investering i demokratisk beredskap.
Prisen for stillheit
Vi ser det i samfunnet òg. Når temperaturen blir for høg, vel mange å trekkje seg frå det offentlege ordskiftet. Nokon sluttar å stemme fordi dei ikkje trur det har noko å seie.
Demokratiet forvitrar ikkje med bråk, det forvitrar med stillheit. Når nyansane forsvinn og folk sluttar å delta, står vi igjen med eit tomt skal.
Difor handlar skulen om meir enn karakterar og prøvar. Han er demokratiet sin første forsvarslinje. Når elevar lærer å handtere meiningsbryting og tenkje kritisk, byggjer dei ikkje berre kunnskap, dei byggjer samfunnet sitt immunforsvar.
Vi må tore å ta debatten, nettopp fordi han er krevjande.
Når lærarar tør å opne døra for meiningsbryting, gjev dei elevane meir enn kunnskap, dei gjev dei motstandskraft. Og i ei tid der demokratiet blir utfordra, er det den viktigaste beredskapen vi har. Difor prioriterer vi på Wergelandsenteret å styrkje norske og europeiske lærarar sin kompetanse i å undervise i kontroversielle tema.
Stillheit er òg eit val, men det er aldri nøytralt. Når læraren teier, gir han rom for ekkokammera å ta over.
Stemmer er ABC Nyheters debattseksjon. Dette er meningsytringer, og innholdet står for skribentens regning. Ønsker du å bidra? Send kronikk eller debattinnlegg til stemmer@abcnyheter.no.