KRONIKK

Misnøye som val-agn

Noreg vert meir demokratisk – og stadig vanskelegare å styre.

Senterpartiet på den eine sida og Frp på den andre tar ikkje ansvar for «laget» på si side, skriv Tuastad.
Publisert

Kunne ikkje alle desse småpartia berre døydd ut? Så det vart mogleg å styre litt langsiktig i dette landet? 

Slik kan dei nok tenke i dei store og ansvarlege styringspartia – ikkje berre i Noreg, men i Danmark og Sverige også. I den siste målinga til ABC-nyheiter mistar Høgre så mange som ein fjerdedel av veljarane dei hadde ved Stortingsvalet til Frp. Raudt på si side tar nesten ein like stor andel frå SV. 

No går vi årets minst vakre eventyr i møte – budsjettkaoset på sentrum-venstre sida i Noreg.

Frp, Raudt og Senterpartiet går mest fram. Dette er parti som sår misnøye og haustar veljarar i norsk politikk. På ABC-målinga går Ap og Høgre tilbake. Dei er meir tilbakehaldne i pengebruken og prøver å vere ansvarlege. Det gir ikkje veljarutteljing.

Det som no skjer i norsk politikk, er slik at ytterkantane veks og polariseringa aukar.  Dessutan forsterkar fragmenteringa seg: Tyngdepunkta innanfor kvar av blokkene vert svekte medan dei som er mindre samarbeidsorienterte styrkar seg: Mindre lim, meir kaos.

Demokratiets paradoks

Landet vert meir demokratisk, på den eine sida, når det er fleire små parti som får påverke politikken. For fleire parti gjer det lettare for ein å finne partiet som passar akkurat for ein sjølv – ein god ting.

Og når desse partia også krev og ofte faktisk får innverknad, vert systemet på eit vis meir demokratisk sidan det utvidar spekteret av veljargrupper som får gjennomslag.

Ser ein det på denne måten, har det også ein demokratisk verdi at regjeringa med berre eitt parti er svært svak. 

Guri Melby (V) og Dag-Inge Ulstein (KrF) slit med å halde partia sine over sperregrensa på meiningsmålingane.

Men i røynda er det nok meir paradoksalt enn at det er tale om ein eintydig demokratisk gevinst. For resultatet av svekt regjering er ein meir springande og tilfeldig politikk medan nødvendige innstrammingar er vanskelegare å få til.

Kutt i matmoms og lågare pumpeprisar er til dømes saker som slår godt an. Men det vil ikkje vere effektiv styring: Om ein vil hjelpe dei som slit, er det betre å styrke nettopp desse si kjøpekraft i staden for å pøse pengar ut til alle dei som alt har det bra i same slengen. 

Dei store partia som er kompromissvillige tyngdepunkt i kvar av blokkene, har over tid mista innverknad. Langsiktige mål vert det vanskelegare å nå. Sett på spissen illustrerer målinga til ABC-nyheiter ei politisk tidsånd der det straffar seg å vere ansvarleg.

På kanten av stupet-livet

Når det er mange småparti, oppstår ein eigen politisk dynamikk. For små partia kan aldri vere trygge for sperregrense-stupet. Difor må dei markere seg med ultimatum, slik som Venstrepartiet i Sverige gjorde det då dei i valkampen nyleg insisterte på å få sitje i regjering om venstresida vann.

Men eit av partia i den alliansen, Centern, vil ikkje ha noko med Venstrepartiet å gjere, og sosialdemokratane var også skeptiske til partiet. Dermed slit sentrum – venstre med å danne regjering sjølv om dei vann. Veljarane har sett saman ein Riksdag som vert kaotisk. 

Dette mønsteret er det same i Noreg. No går vi årets minst vakre eventyr i møte – budsjettkaoset på sentrum-venstre sida i Noreg. Det kjem til å reflekterer den same mangelen på stabilitet som i Sverige. For alle dei små partia vil ha noko igjen. Men så går ikkje krava innbyrdes i hop. 

Det er ikkje noko nytt eller urimeleg i at parti vil ha gjennomslag. Problemet og det nye er at nokre av desse partia ikkje er lojale mot dei som gir dei utteljing. Senterpartiet på den eine sida og Frp på den andre tar ikkje ansvar for «laget» på si side. Difor vert den demokratiske styringsevna svekt og politikken meir uføreseieleg.

Føleri, fallera

I NRK-debatten 29. september avslørte saklege økonomar at dei partia som sår mest misnøye, ikkje har eit sakleg grunnlag for det. Økonomane la fram klåre tal som viste at økonomien til folk flest og til næringslivet no går ganske bra. 

Men det beit ikkje på Raudt, Senterpartiet og Frp. Dei berre dura i veg vidare. Det er jo nokon som ikkje har det bra nok! Kva med aleinemora og sjukepleiaren som slit med rekningane! Det er altså desse partia som går mest fram på ABC-målinga, samstundes som realiteten altså er at økonomien går betre for dei aller fleste av oss. 

I dei skandinaviske landa har levande partidemokrati gått saman med lojalitet og ansvar. Det har kanskje gitt dei beste styrte demokratia i verda.

Det er ikkje sikkert det vil vare.

Stemmer er ABC Nyheters debattseksjon. Dette er meningsytringer, og innholdet står for skribentens regning. Ønsker du å bidra? Send kronikk eller debattinnlegg til stemmer@abcnyheter.no.