KRONIKK

Matberedskap krev store endringar i jordbruket

Stø kurs vil ikkje gje Noreg betre sjølvforsyning. Men svaret kan ligge rett utanfor døra vår.

Sortingspolitikarane får eit nokså eksklusivt høve til å jobbe for sitt eige vedtak om at Noreg skal vere 50 prosent sjølvforsynt med mat innan år 2030, skriv Helle.
Publisert Sist oppdatert

No er jordbruksforhandlingane 2026 i gang. Jordbruksavtalen hamnar i Stortinget – noko som vil sei at stortingspolitikarane om nokre veker får eit nokså eksklusivt høve til å jobbe for sitt eige vedtak om at Noreg skal vere 50 prosent sjølvforsynt med mat innan år 2030. I eit beredskapsår bør det vere sjølvsagt at dei tek opp denne hansken. 

Men har dei klart føre seg kva for eit krafttak som må til for å nå dette målet?

Importavhengigheit

I Noreg har vi to offisielle sjølvforsyningsgrader. Ein som inkluderer det dyrefôret vi importerer frå utlandet, og ein som ikkje gjer det. I 2024 var dei to på 41 prosent når vi reknar med alle soyabønner, maispellets, rapsolje og liknande vi importerer frå utlandet, og 35 prosent utan slike bidrag. 

Målet Stortinget har vedteke om femti prosent sjølvforsyning er utan fôrimport. Med andre ord kan det verke som vi treng auke matproduksjonen med femten prosent. Det er vanskeleg nok i seg sjølv. Om ei sjølvforsyningsgraden verkeleg skal trygge beredskapen, er det likevel mykje meir som må til. 

For berre nokre veker stoppa Felleskjøpet sal av kunstgjødsel midlertidig då stenginga av Hormuzstredet gjorde tilgang på nitrogenhaldig gjødsel usikker. Med andre ord er vi ikkje sjølvforsynte med gjødsel i Noreg – langt derifrå: Standard kunstgjødsel inneheld tre næringsstoff – nitrogen, kalium og fosfor. Fosfor importerer vi frå gruver i Vest-Sahara, kalium får vi frå Canada, og nitrogen altså i stor grad via Hormuz-stredet. 

Produksjonspress

Norske tomatar er gode på smak – men kor norske er dei eigentleg? 

Konvensjonelle veksthustomatar veks ikkje i jord, men i steinull – som er importert, akkurat som gjødselen og sjølve plantematerialet – tomatfrøa. Norskdelen vi står att med då, er luft og vatn. 

Alle er samde i at vi må auke produksjonen av frukt og grønt i Noreg, men allereie i dag produserer vi berre mellom 0,5 og 3 prosent av såfrøa våre. 

Pærebrann er den mest alvorlege sjukdommen på pære- og epletre. Det finst ingen kur. Han var lenge fråverande i Noreg, mellom anna fordi det var forbode å importere vertsplanter til Noreg. I 2015 vart det forbodet heva, og produsentar byrja å importere eple- og pæretre. Då gjekk det som det måtte gå: I 2020 vart pærebrann for fyrste gong oppdaga i kommersiell fruktproduksjon. 

Bransjen visste om risikoen i import. Likevel gjorde dei det. Kvifor? 

Jau, for å presse produksjonen opp. Verte meir effektive, auke produktiviteten, for, til sjuande og sist å auke sjølvforsyningsgrada. 

Slik kan eit mål om auka sjølvforsyning fort verte ei skinnforsyning – eit mål og ein arbeidsinnsats som er langt frå å betre beredskapen i norsk matproduksjon. 

50 prosent reell sjølvforsyning må sjå på heile verdikjeden, ikkje berre den delen som ender på matborda våre. 

I dag brukar vi under halvparten av grasressursane vi har tilgjengeleg i utmarka i Noreg, skriv Helle.

Konjunkturavhengig

Korleis skal vi få til det? 

Ved å ta utgangspunkt i det vi har. 

Det er ein ting vi har meir enn nok av på landjorda i Noreg: gras. Grønt gras er grunnlaget for matproduksjonen vår. Godt over ein tredjedel av Noreg er beitemark av god eller særs god kvalitet. Grønt gras gjev oss, via beitedyr, omega 3-feittsyrer, A-vitamin, E-vitamin, kalsium, karbohydrat og protein – mellom anna. Likevel er vi temmeleg dårlege på å nyttegjere graset: i dag brukar vi under halvparten av grasressursane vi har tilgjengeleg i utmarka i Noreg. 

I kravet Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag 29. april leverte til staten før jordbruksforhandlingane, krev dei auke i tilskot til beiting. For kyr ber dei om ei auke på 280 kroner per ku. 

I eit beredskapsår – som faktisk også er FNs år for beite og beitebrukarar – bør det vere eit minimum. 

Gras – særleg beitegras – er blant få innsatsfaktorar i matproduksjonen som ikkje vert omsett i internasjonale marknader. Det er ikkje sårbart verken for utspel frå ustabile statsleiarar eller andre konjunktursvingingar. 

Gras og beitedyr utgjer eit fullstendig økosystem skapt for å klare seg utan eksterne innsatsfaktorar. Ja, tru det eller ei: Beitedyr kan faktisk, om det skulle verte naudsynt, klare seg nokså lenge utan verken diesel, kunstgjødsel eller importerte fôrråvarer. Verdien er om lag omvendt av kva effektivitetsjaget har lært oss: Di mindre gardsbruket er, di høgare er beredskapsverdien. Men det føreset at vi legg forholda til rette for det no. I dag. 

Svaret ligg rett utanfor døra

Beitedyr og beitegras er ein ressurs vi må bruke for å oppretthalde. Røyndommen i dag er attgroing og nedbygging – forbruket av beitekjøt går ned og artsrikt beiteland vert artsfattigare kratt. 

Årsaka er at bruk av gras ikkje lønner seg: systemet gjer at det er rimelegare for bonden å halde dyr i fjøs og fôre kraftfôr enn å nytte grasressursane som ligg i utmarka. Fôr for millionar av kroner ligg ubrukt i norske fjell og dalar fordi systemet gjer importfôra kylling rimelegare i butikkhyllene. 

Samstundes som bondeorganisasjonar og landbruksbyråkratar forhandlar, jobbar eit Matsystemutval i kulissane med å greie ut eit matsystem for framtida – også dei med beredskap sentralt i mandatet. I ein rapport dei har fått frå forskingsinstitusjonane Ruralis og Nibio, slåast det fast at «en trendmessig videreføring av dagens jordbrukspolitikk bringer ikke matsystemet nærmere oppfyllelse av målet om 50 prosent selvforsyning». Status quo vil ikkje hjelpe oss her. 

Vi er nøydd til å gjere endringar, og vi kan like godt byrje i dag. 

Vi kan byrje med å gå ut og sjå på kva som veks rett utanfor Stortinget. Det er nemleg graset som bør få stake ut retninga for ein betre matberedskap i Noreg. 

Stemmer er ABC Nyheters debattseksjon. Dette er meningsytringer, og innholdet står for skribentens regning. Ønsker du å bidra? Send kronikk eller debattinnlegg til stemmer@abcnyheter.no.