Liberal krise – likevel håp for Venstre?
Venstre har vore flinkisen som ikkje får sjans hos veljarane. Men ein Stavanger-politikar viser ein ny veg.
«Eg ORKAR ikkje meir Frp!»
For eit par vekers tid sidan rann det heilt over for Venstre-politikar og gruppeleiar Mette Vabø i Stavanger. Ho var så forbanna at ho heldt på å begynne å grine, sa ho.
– Eg begynte ikkje med politikk for stadig å oppleve at nokon berre driv med spel og saboterer fornuftige løysingar fordi dei er sure. Vi er her for å finne ut kva som er god politikk. Frp, no er det slutt!
Vabø vil frå no av at Venstre dyrkar rolla som sentrumsparti ved å gå der den gode politikken er, utan førehandsstyring. Kanskje oppgjeret til Vabø er nettopp det Venstre treng. Venstre nasjonalt kan ha noko å lære av hennar ærlege måte å snakke på.
Venstreleiinga gjorde Støre til skurken.
Behandla som eit lite tulleparti
Så lenge Sylvi Listhaug behandla Venstre som eit lite tulleparti i valkampen medan Venstre-folk febrilsk prøvde å vri seg unna ved å snakke mot Ap og for formueskatt, støytte partiet effektivt frå seg veljarane på begge sider. Venstreleiinga gjorde Støre til skurken, og insisterte nærast på at ingen Ap-folk måtte finne på å røyste Venstre.
Men på den andre sida, all den tid Frp knappast tok Venstre seriøst, enda partiet opp med eit latterleg skjer over seg då dei nekta å snakke om Listhaug. Venstre var lojale heile vegen ned til under sperregrensa.
Spørsmålet er difor om Stavanger-Vabø kan vise ein annan veg: Kanskje det er på tide at Venstre våger å vere eit sentrumsparti – som inneber at Venstre også kan ta igjen og markere seg mot Frp.
Katastrofal måling
På marsmålinga til ABC Nyheiter er oppslutnaden til Venstre katastrofal: 2,4 prosent.
I denne målinga har Høgre og Frp fleirtal åleine. Venstre si leiing har prioritert å leggje svært stor vekt på slektskapet med dei borgarlege, inkludert Frp, i den økonomiske politikken. Det er i tråd med programmet. Problemet er at dermed hamnar det som skil Venstre ut positivt – som eit ansvarleg parti – i skuggen.
Venstre er på mange måtar landets minst populistiske parti. Men når dei i valkampane forpliktar seg til å vere heiagjeng for landets mest populistiske parti, ser veljarane eit reknestykke som ikkje går opp.
Dette er ikkje det same som å seie at Venstre bør skifte side. Men partiet bør kanskje slutte å legge band på seg når det gjeld å søke konstruktive løysingar – slik som Mette Vabø i Stavanger-politikken sa det.
Lyspunkt: Stort rom ledig
Ser vi etter, er det fleire ting i tida som kan gjere situasjonen lysare for Venstre. For det første vil rommet for eit moderat, liberalt og grønt parti kunne bli større. Dei fleste veljarane er sentrumsorienterte og ikkje på fløyene. No aukar avstanden mellom sentrum og dei andre borgarlege partia (KrF, Høgre og Frp), som alle går mot høgre.
For veljarar som ønsker meir samarbeid med EU og støtte til Ukraina, eit grønt skifte og ein moderat økonomisk politikk utan alt for mykje statleg innblanding, vert Venstre det einaste alternativet. Langt fleire enn to prosent av veljarane har slike haldningar.
Så jo meir høgrevridde dei andre blir, jo større plass blir det til Venstre. Men då må partiet altså våge å seie tydelegare frå også når dei ikkje er like dei mest blå.
Guri Melby har vore dyktig når det gjeld å plassere Venstre som eit truverdig parti i utanrikspolitikken. Utanrikspolitikk er ikkje det som mobiliserer veljarar vanlegvis. No kan saksfeltet verte viktigare ettersom USA sin åleinegang vil kunne drive fram eit behov for norsk nyorientering.
Dessutan vert Venstre viktigare som miljøparti på høgresida fordi Høgre ser ut til å nærme seg Frp her også. Det gjer at Venstre kan få miljømedvitne Høgre-veljarar over til seg.
Det same gjeld liberale saker når dei konservative i KrF med Høgre og Frp på slep stadig manar til kulturkamp om alt frå skulegudsteneste til rettleiar om kjønnstematikk i skulen.
Ei vinnarsak
Og skule, ja, her kan den store saka for Venstre ligge. For grøn politikk, EU, Ukraina og liberale verdiar appellerer til dei høgutdanna, men desse sakene manglar eit breiare nedslagsfelt. I kurtisen med veljarane treng Venstre ei breiare sak enn flinkis-sakene.
Skulepolitikk er annleis. Skulle eg gje eitt råd til Venstre, ville det vere å satse tungt på å utvikle ein eigen, ny skulepolitikk og satse hardt på å vinne betre sakseigarskap på dette feltet. Dei politisk korrekte, kunnskapsbaserte sakene veit alle at Venstre støttar. Det som trengst for Venstre, er større sakseigarskap til ei av dei sakene som mange veljarar i målgruppa til Venstre alltid er opptekne av.
Før var Venstre sjølve lærarpartiet. Og Venstreleiar Guri Melby er utdanna lektor. Så kva ventar de på, Venstre?
Stemmer er ABC Nyheters debattseksjon. Dette er meningsytringer, og innholdet står for skribentens regning. Ønsker du å bidra? Send kronikk eller debattinnlegg til stemmer@abcnyheter.no.