KRONIKK

Kvifor slepp dei rikaste unna skattedugnaden?

Gabriel Zucman løftar ein debatt som er på overtid.

Petter Stordalen, Øystein Stray Spetalen, Gustav Magnar Witzøe og John Fredriksen er alle blant Norges rikeste.
Publisert Sist oppdatert

Vi er i utgangen av mai. I det siste har nok mange av oss stått med ein langkost i handa, eller med knea i eit blomsterbed og jord under neglene, for å få fellesområda fine. Etterpå har vi drukke kaffi og spist tørre kjeks saman med folk vi kjenner, eller kanskje ikkje kjenner. 

Vi bidrar etter evne og får meir fellesskap, og ganske så fine uteområde, i retur. Er det for mange som droppar å kome, undergrev det heile dugnaden.

Dugnad er ikkje berre hagearbeid. Skatt er også ein slags dugnad. 

Bidrar ikkje like mykje

Denne veka kjem ei bok som handlar om denne heilt spesifikke forma for samarbeid, og viser korleis dei aller rikaste i samfunnet ikkje bidrar like mykje som resten av oss. Boka er eit konkret og handfast forslag til korleis skattesystema rundt oss kan bli betre. 

At dei rikaste blant oss ikkje bidrar nok er også eit norsk problem, skriv Trine Østreng.

I boka Milliardærer må også betale skatt skriv den franske økonomen Gabriel Zucman om eit mønster vi ser mange stadar: Folk flest står opp om morgonen og går på jobb, og betaler skatt på si arbeidsinntekt. Dei aller rikaste gjer ikkje nødvendigvis det. Dei får inntekt frå vaksande formue, og då treng dei ikkje nødvendigvis betale så mykje skatt på det. 

Zucman har til dømes rekna på kor mykje skatt hans eige land, Frankrike, hadde tapt om alle franske dollarmilliardærar flytta til skatteparadiset Caymanøyene i morgon. 

Det hadde ikkje redusert skatteinntektene med meir enn 0,03 prosent. 

Også eit norsk problem

At dei rikaste blant oss ikkje bidrar nok, er ikkje berre eit fransk problem. Det er også eit norsk problem. 

Det norske skattesystemet er progressivt, sånn at vi betaler litt meir per krone vi tener, men berre til vi kjem til toppen av inntektssystemet. Der blir skattesystemet regressivt. Jo rikare du er, jo mindre skatt betaler du per tente krone i inntektsskatt. 

På formuessida er det heller ikkje progressivt nok. Zucman kjem i boka med nye tal for Noreg som viser at dei nordmennene som er dollarmilliardærar har ein effektiv formuesskatt på omtrent null. 

Gabriel Zucman under en konferanse i forbindelse med lanseringen av European Tax Observatory ved EUs hovedkvarter i Brussel i 2021.

Denne ubalansen gjer skattesystema våre mindre rettferdige og legitime. Men det gjer dei også mindre egna til å fordele makt. Vi treng ikkje lese mange nettaviser for å sjå korleis det kan gå når rikdom blir for lite regulert. Nyleg såg vi den amerikanske presidenten på statsbesøk i Kina – med eigarane av nokon av verdas største teknologiselskap på slep. 

Også diplomatiet blir prega av at stadig fleire selskap og enkeltpersonar har meir makt og pengar enn nasjonar. 

I Frankrike, som Zucman tar utgangspunkt i, har dei 500 rikaste familiane gått frå å eige verdiar tilsvarande 6 prosent av BNP i 1996 til 42 prosent av BNP i 2024. Det er ei forskyvning av makt – frå folkestyre til selskapseigarar.

Milliardærar har ein tendens til å finne måtar å organisere verksemda si på som gjer at skatterekninga deira blir lågast mogleg.

Global minsteskatt

Land over heile verda leiter no etter løysingar som kan rydde opp i denne uretten. Då Brasil var vertsland for G20 for eit par år sidan, henta dei inn nettopp Gabriel Zucman for å tenkje ut ei løysing på dette problemet. 

Hans forslag var ein global minsteskatt på formue – for å kompensere for at dei aller rikaste knapt betaler inntektsskatt.

Zucmans forslag er ikkje særleg radikalt. Han vil innføre ein minimumsskatt på 2 prosent av formuen til innbyggarar som har meir enn 100 millionar euro. Globalt har denne gruppa ein gjennomsnittleg avkastning på 6 prosent kvart år, som sett dei i god stand til å handtere denne skatten. Dei rikaste vil altså fortsetje å bli rikare enn resten av oss, også med denne skatten, men dei vil bidra meir til fellesskapet.

Forslaget har ikkje blitt vedteke enno, men det har fått medvind i ei rekke land. Og no har det fått si eiga bok. 

Motkreftene er store. Milliardærar har ein tendens til å finne måtar å organisere verksemda si på som gjer at skatterekninga deira blir lågast mogleg.

Då vi fekk grunnrenteskatten på laks i Noreg, fekk det til dømes massiv motstand i media frå nokon av landets rikaste. Dei auka også pengebruken på advokatar og revisorar. Det førte til at dei klarte å senke statens inntekter frå denne skatten drastisk – fellesskapet fekk inn langt mindre pengar enn dei hadde budsjettert med.

Genistrek

Genistreken i Zucmans bok er at den løftar skattespørsmålet ned frå ekspertnivået, med vanskelege ord og uttrykk, og ned til kvardagsleg språk. 

Skatt er eit spørsmål som er opp til demokratiet og vanlege folk å avgjere. Då må debatten også få innlegg som er rydda for framandgjerande og inneforståtte kompliserte ord og uttrykk, som i praksis gir ein veldig høg terskel for å meine noko offentleg om skatt. 

Akkurat no er skattekommisjonen i innspurten av sitt arbeid med å føreslå nye grep for det norske skattesystemet. Zucmans bok kan vere til inspirasjon. Hans forslag kan bidra til å hente inn meir pengar til fellesskapet, redusere maktubalansen og gjere skattesystemet meir rettferdig. 

Det siste vil gjøre at skattedugnaden blir hyggelegare å bidra til. Det er alltid hyggelegare å spise den tørre kjeksen og drikke den kalde kaffien når ein veit at dei som hadde best tid og den beste hagesaksa faktisk også gadd å møte opp.

Stemmer er ABC Nyheters debattseksjon. Dette er meningsytringer, og innholdet står for skribentens regning. Ønsker du å bidra? Send kronikk eller debattinnlegg til stemmer@abcnyheter.no.