Jagland og Mette Marit i Folkedomstolen
Når det kokar i media – finn fram prinsippa.
Frivillige organisasjonar vurderer å avslutte samarbeidet med Mette Marit. Fagsenteret Sex og samfunn har alt gjort det. Fleire framståande lokalpolitikarar i Stavanger ber vidare Torbjørn Jagland trekke seg som medlem av Arbeiderpartiet. Spørsmålet om eksklusjon er reist. Og det vert spurt: Er han korrupt?
I Folkedomstolen er dommane alt avsagt: Jagland og Mette Marit er no ribba for all ære. Aftenposten (02.02.) presenterte «tiltalen» slik:
«Vi har også spurt hvorfor Mette-Marit fortsatte å pleie kontakt med Epstein i nærmere tre år etter at det var offentlig kjent at delstaten New York hadde definert Epstein som seksualforbryter på høyeste og farligste nivå, noe som innebar «høy risiko for gjentagelse og at det foreligger en trussel mot offentlig sikkerhet».
Stopp ein hal
Det Aftenposten skriv, er i og for seg rett. Men det gir likevel eit feilaktig inntrykk. Det føreset at ein burde visst det som kom til å skje. Men det er urimeleg.
Det som kom fram i 2018 og 2019 var brotsverk av eit enormt omfang. Men i dommen i 2008 var det mindre alvorlege forhold og omfang enn det som vart avdekka seinare, slik at det lukkast for Epstein å bygge seg opp att.
I perioden då Mette Marit hadde kontakt med Epstein, hadde til dømes Bill Gates og Kjell Magne Bondevik det også. Det var via Bill Gates at Mette Marit vart introdusert for Epstein. Aftenposten skaper inntrykk av at alle burde visst. Men det er ikkje så opplagt som avisa vil ha det til. Å motsetje seg kontakt med tidlegare straffedømte kan heller ikkje gjelde som prinsipp.
Tre problem
Det er ein grunn til at vi vernar om rettsstaten. Utan rettsstatsprisippa vert dommar meir vilkårlege. I politiske parti er det eit eige partidemokrati, regulert av vedtekter. Men i Folkedomstolen, som eg kallar den massive forventinga ei einsretta presse og sosiale media debatten skaper, er det andre prinsipp som gjeld. Gode rettsstatlege og humanistiske prinsipp vert trampa på.
Først, med omsyn til å skulle ekskludere Jagland frå partiet hans, handlar det om likebehandling. Han kan jo ikkje få ein annan behandling enn andre. I grunnlova (§101) heiter det: «Alle har rett til å skipe, melde seg inn i og melde seg ut av foreiningar, medrekna fagforeiningar og politiske parti». Parti kan ha krav til medlemmer, og i vedtektene regulerer partia eksklusjonsprosedyrar. Men desse kan ikkje vere vilkårlege. Om fortolkingar av private mailar skulle bli eksklusjonsgrunn, kva vert det neste.
Eit anna avgjerande prinsipp for rettsstaten gjeld retten til å forsvare seg, til «kontradiksjon». No er det som om folk fråtsar i opplysningane – som om djupt personlege mailar var noko ein heilt naturleg har krav på. Men utan å kjenne begge sider av saka og konteksten, kan ikkje folk gje sanne fortolkingar. Lausrivne frå kontekst er det vanskeleg å tolke sitat rimeleg. Og dei det gjeld, har ikkje kome til orde. Fordømminga av Mette Marit og Jagland skjer utan at vi veit deira versjon.
På denne måten innfrir ikkje Folkedomstolen fundamentale minstekrav til rimelege framgangsmåte for dommar og vurderingar.
Vent til vi veit meir
Når mediestormane oppstår, trer ein bestemt logikk inn. Det gjeld å avsløre mest mogleg, og få fram fakta. Det er fasen no. Stadig nye avsløringar sjokkerer og skaper eit bestemt emosjonelt klima. Ein naturleg respons deretter er å kjenne forakt og avsky, og nokon vil kjenne behov for å markere foraktkjenslene sine. Ein avskyspiral oppstår. Folkedomstolen er ein kanal der dei negative kjenslene kan få eit utløp.
Jamvel Støre vert riven med og begynner å blande seg inn i korleis kongefamilien og Mette Marit skal oppføre seg. Det er kongen som utpeikar statsministeren ved å gje råd om kven som skal bli statsminister. Difor bør ikkje Støre opptre uvørdent i rolla si.
Og så er det ei løysing for dei fleste visst, at Mette Marit må leggje absolutt alle kort på bordet. Men dette er tale om ekstremt private ting – slike ting som det er eit sterkt menneskerettsvern for å få halde privat (artikkel 12 menneskerettane til FN). På same måte i pressas Vær Varsom plakat (4.3) heiter det at media må vise respekt for privatlivet. Det prinsippet er det ikkje mykje att av.
Nei, dette er ikkje ein god fase å felle dommar i. Når det likevel skjer, ryk prinsippa. Men det er no prinsippa trengst.
Så godtfolk, vent med dommane til vi veit meir.
Stemmer er ABC Nyheters debattseksjon. Dette er meningsytringer, og innholdet står for skribentens regning. Ønsker du å bidra? Send kronikk eller debattinnlegg til stemmer@abcnyheter.no.