KRONIKK

Ein skulle vakne til fuglesong og med eit smil om munnen. Men ein vaknar full av bass i kroppen

Det er på fjerde veka vi blir vekte på natta av djupe drønn frå bussane frå helvete.

Vi skal ikkje sova bort sumarnatta, ho er for ljos til det. Då skal vi vandra i saman ute under dei lauvtunge tre, skreiv lyrikar Aslaug Låstad Lygre i si tid.
Publisert Sist oppdatert

Dette debattinnlegget ble først publisert på Altinget, som ABC Nyheter har et samarbeid med. 

Klokka er 03:35 og eg blir skyvd ut av senga, ikkje av eit menneske eller styrtregn eller flaum, men av djupe drønn i det fjerne som får rekkehuset til å riste. Er invasjonen i gong? Så raskare og etterkvart konkurrerande slag. Det er bassen frå eg veit ikkje kor mange «musikk»-anlegg. Dei er umogleg å identifisere.

Det er på FJERDE veka vi blir vekte på natta og desperasjonen er eit faktum. Vi har som mange ringt politiet. Sendt mail til lokalpolitikarar tidlegare år. Og no: meiningsinnlegg, det mest ekstreme tiltaket.

Her i familien er vi ikkje mot festing. Det er berre det at denne «festen» strekker seg over så lang og no uviss tid, og musikkanlegga støyar lokalt og over Oslofjorden på ein slik måte at det er nærast ufatteleg. Legg til vårens andre festivitetar og trendar med berbare musikkanlegg, så har du den heilage portalen til galskapen opna.

Det er farleg å ikkje få sove

Ein skulle vakne til fuglesong og med eit smil om munnen: endeleg vår! Men ein vaknar først med frustrasjon og sinne, full av bass i kroppen. Så desperasjon (lesarinnlegg!). 

Det er farleg å ikkje få sove over tid. Folk blir ustabile. Ein kan få valdsfantasiar. Og det kan trigge sjukdomar blant dei meir sårbare av oss. Så kan ein legge til konsekvensane støyen over tid har for alt anna liv i naturen, spesielt fuglane sine livsprosjekt midt i hekketida.

Kva seier politiet? «Skriv eit lesarinnlegg med store bokstavar», sa nordlendingen eg snakka med denne natta. «Eg forstår ikkje kvifor det er lov, loggen vår er full, men vi har ikkje sjans til å regulere dette slik det er no, dei er over alt!».

Uuthaldeleg

Situasjonen er uuthaldeleg slik russetida har utvikla seg. Nokon må setje grenser for kor lenge ein kan spele musikk ute i det offentlege rom, nokon må spore desse bussane frå helvete, som nokon har kalla dei før, som kvar vår sett unge liv i spel og gir mange varige traumer.

Kven skal setje desse grensene, og når? Finst det ein politikar som kan svare på dette, som tør å ta ballen? Skal sørpefulle 18-åringar få regjere veke etter veke?

Snart sender vi slike lesarinnlegg direkte til statsministeren sitt kontor kvar dag, kvar langstrakte russetid (ja, vi er ein gjeng med planar, vi gir oss ikkje med det første, vi søv ikkje uansett og har masse tid til overs). 

Les også på Altinget: ChatGPT gjør kanskje språket fattigere. Men gjør skam samtalen bedre?

Stemmer er ABC Nyheters debattseksjon. Dette er meningsytringer, og innholdet står for skribentens regning. Ønsker du å bidra? Send kronikk eller debattinnlegg til stemmer@abcnyheter.no.