Registrer deg for å bli med i debatten
Registrerte brukere kan skrive egne innlegg, og delta i debattene.
FNs historie er ei historie om kriser. Likevel kjem verdas mektigaste kvar september i full flokk til New York. For framleis har ingen formulert eit godt alternativ.
Denne kommentaren ble først publisert av Panorama.
Inne i den store generalforsamlingssalen i FN står president Trump på talarstolen. Han rallar og skryt hemningslaust av seg sjølv i tredjeperson. Han trugar Cuba med invasjon, Iran med utsletting og snakkar om den sterkaste sin rett.
I manuset hans finst lite som minner om FN-charteret, men mange nådelause ord.
I salen sit nokre av verdas mektigaste. I timane og minutta før talen har det vore hektisk i dei gamle korridorane i FN-bygningen, med ei trykkande forventning om kva han kjem til å seie. No er det som om verdssamfunnet held pusten.

Panorama nyheter er et uavhengig nettsted om bistand, globale forhold og internasjonal utvikling.
Der sit dei: statsleiarar, utanriksministrar og andre som kan få store ting til å skje. Utanfor står pressefolk og folk frå sivilsamfunnsorganisasjonar i lange køar for å komme inn i den høge bygningen på Lower Manhattan. Det er regn i lufta, og byen er full av kortesjar og sperringar.
Vi pressefolk sit samla i eit varmt pressetelt utanfor generalforsamlingssalen og følger spent med på kva som blir sagt. Det luktar kaffi og innestengd luft. Og kanskje litt pessimisme.
Medan eg sit der, melder eit spørsmål seg:
Kvifor er dei alle her, dersom FN ikkje lenger er så relevant, og organisasjonen så paralysert, som folk skal ha det til?
Når Donald Trump er ferdig og går ned frå podiet, sit vår eigen statsminister, utanriksminister og utviklingsminister med alvorlege ansikt og tar inn det dei nettopp har høyrt. Ingen av dei klappar for det bebuaren i Det kvite hus nettopp sa.
Støre seier etterpå til oss pressefolk ute i den ikoniske Rosehagen at talen var mørk. Det er eit sterkt ord frå ein dialogorientert og diplomatisk munn.
Det var kanskje mørkt, i den forstand at talen ikkje var i samarbeidets ånd. Heller ikkje i fredens. Og mange av institusjonane som skal sikre fred og hindre krig, gjekk Trump så hardt til åtak på at det må ha gjort vondt å høyre for ein norsk statsminister.
Ja, kanskje var Trumps tale mørk. Men det viktigaste var ikkje kva han sa, eller alle dei svake argumenta han la på bordet for sin håplause krig mot Iran.
I ei tid der FN-systemet er dommedagsdømt, rovdyra rår og dei internasjonale reglane svinn, er det kanskje meir å rekne som ein siger at Trump i det heile tatt dukkar opp. At han lagar ei tale. At han held den. At han, og alle dei andre, framleis meiner at FNs generalforsamling er ei forsamling det er verd å bruke tid på.
Det er nok sant at Trump ikkje kjem til FN fordi han vil bygge organisasjon, institusjonar og reglar. Han ser verdsmøteplassen som ein arena for sine eigne bodskap.
Det får så vere.
Samanlikna med talen han heldt eit år tidlegare, er det heller ikkje sikkert at denne var mørkare. Kanskje var den faktisk ørlite grann mindre mørk. vI det eine talepunktet går han ut mot transpersonar, medan han i det neste antyder at FN trengst.
For norske diplomatar som no jobbar med FN-reform, finst halmstrået i det siste poenget.
Trump og amerikanarane vil ikkje ha noko global regjering. Det er klassisk amerikansk, og ikkje noko unikt med Trumps presidentskap eller talane hans. Også Obama var kritisk til å gje frå seg for mykje makt og suverenitet til overnasjonale institusjonar.
Mykje av det Trump seier frå talarstolen, ser ut til å gå inn gjennom det eine øyret på dei 193 medlemslanda i salen og ut det andre: usanningar, konspirasjonar, transfobiske ytringar, trugsmål om krig og så vidare.
Men det ligg eit håp under årets generalforsamling, dersom det er lov å bruke eit slikt ord i ein kommentar om FN i vår tid.
Og det håpet kunne vi så vidt skimte i Trumps tale, sjølv om Støre og hans folk meinte den var mørk.
Håpet er at amerikanarane ikkje vil trekke seg tilbake frå verda – slik mange fekk inntrykk av at dei ville gjere då Trump kom inn i Det kvite hus i 2025.
For trass alt pratet om FNs krise og potensielle død, er det ikkje til å komme utanom at organisasjonen stort sett har vore i krise gjennom heile si levetid. Heilt sidan starten har det vore frykt for stormaktenes interesser, pengemangel, manglande legitimitet, manglande gjennomslag og fastlåste posisjonar i tryggleiksrådet.
Tidlegare statsminister Kjell Magne Bondevik – som sjølv deltok på FNs generalforsamling fleire gonger – har sagt at han fleire gonger har tvilt på gudstrua si. Men så har han stilt seg spørsmålet:
Kva er alternativet?
Slik har nokre det med gudstrua, at det ikkje finst gode alternativ. Men det er også ein god analogi for internasjonalt samarbeid, felles spelereglar og institusjonar som FN.
For det finst ingen seriøse stemmer som meiner at Trumps fredsråd eller andre idear som er lanserte dei siste åra, kan erstatte FN som arena eller institusjon. Ja, dei må reformerast, pengebruken må ned og FN har stort potensiale til å bli meir effektivt i mange delar av sitt arbeid.
Men kva er eigentleg alternativet til FN?
Det ser vi tydeleg under høgnivåveka i New York: Møter mellom Trump og Xi. Det blir signert avtaler om alt frå KI, regnskog, bistand, utdanning til Grønland og Ukraina. Møter mellom Trump og Zelenskyj. Og så er det alt som skjer utan at vi pressefolk får det med oss, fordi det skjer i skuggane. Kanskje det til og med skjer utan at det er planlagt, fordi folk møtest, folk som kanskje ikkje hadde tenkt å møtast.
Også dei statsleiarane som blir minst assosierte med berekraftsmål, demokrati og menneskerettar, er her. Dei samtalar, føreslår, voterer. Og svaret på kvifor finst kanskje i Trumps eigen tale.
Mot slutten snakka han om ei felles menneskelegheit, om fred og rettferd, om at landa i salen saman kan bygge ei tryggare framtid. Han sa ikkje berre «God bless America», presidenten. Han sa også: «God bless the nations of the world».
Ja, så er det kanskje eit halmstrå. Men gje oss heller eit halmstrå om det er det som trengst for at internasjonale spelereglar og institusjonar skal overleve. Diplomatiets kvern maler problema inn. Ut kjem minste felles multiplum, kompromiss og løysingar som reddar liv og gjer verda bittelitt betre enn ho var i går.
Det er i alle fall håpet.
For kva er alternativet?
Stemmer er ABC Nyheters debattseksjon. Dette er meningsytringer, og innholdet står for skribentens regning. Ønsker du å bidra? Send kronikk eller debattinnlegg til stemmer@abcnyheter.no.