KRONIKK
Svenske tilstandar
Risikoen for svenske tilstandar i Noreg gjeld ikkje berre gjengkriminaliteten. Også i topp-politikken tar vi etter utbreidde svenske-problem.
Hva synes du om debatten? Kommenter nederst.
Sist valkamp var det meir enn ein av ti som skifta parti siste veka. Så mediebiletet i innspurten er viktig. Denne helga, den nest siste før valet, var det politiske nyheitsbiletet prega av borgarleg krangel om statsministarrolla. TV 2s meiningsmåling laurdag kveld tydde på at veljarane straffar Høgre medan Frp vert styrkt fordi fleire tidlegare Høgreveljarar no gjekk til Frp.
Før debatten søndag kveld var difor bakteppet at mange lurer på om det no er ro mellom dei borgarlege. Temaet var ungdomskriminalitet, ei sak der særleg Frp alt har eit solid sakseigarskap.
Dei er ikkje lenger med i det borgarlege fellesskapet.
Korleis vart då debatten – vart det suveren Frp-siger slik vi kanskje kunne forvente? Og korleis spela det borgarlege bråket inn?
Problema i Sverige
Svenske tilstander er eit uttrykk som viser til at Sverige har hatt eit alvorleg og veksande problem med gjengkriminalitet. Brutale og godt organiserte gjengar rekrutterer jamvel barn for å drepe folk.
Før debatten synte dei eit innslag frå TV 2-nyheitene om korleis ingen bebuarar på Furuset meldte frå om ein eksplosjon 5. januar i 2024. Politiet spurte seg om det no er komen ein tausheitskultur der bebuarar ikkje våger å seie frå. Furuset er ein bydel med stor innvandrartettleik og dårlegare levekår enn i andre bydelar. Eit spørsmål før debatten søndag var om svenske tilstandar no er dekkande for å beskrive Furuset.
Men svenske tilstandar gjeld no også politikarane sjølve. For samarbeidsproblema vi har sett mellom Listhaug og Solberg, følgjer av liknande politiske motsetnadar som i Sverige etter at høgrepopulistane der vart sterke. Framstegspartiet er eit meir moderat høgrepopulistisk parti enn Sverigedemokraterna, men har ein liknande politisk profil.
Etter at høgrepopulistane i Sverige, Sverigedemokraterna, ved dei siste vala har vakse seg store, førte dette til at søsterpartiet til Venstre, Centern, skifta side i førre valperiode side så no støttar dei sosialdemokratane. Dei er ikkje lenger med i det borgarlege fellesskapet.
I Noreg er Venstre på borgarleg side. Men Venstre kjenner no på dei same utfordringane som Centern i Sverige har gjort.
Før debatten søndag kveld var eit sentralt spørsmål om vi såg svenske tilstander også på denne måten – som ein borgarleg verkebyll på grunn av den nye styrken til Frp?
Frisk
Ein av ungdomane i husstanden visste eg er særleg opptatt av ungdoms- og gjengskriminalitet. Difor bad eg han sjå og vurdere debatten saman med meg.
Han meinte det vart ein bra debatt.
– Eg merkar at det betyr mykje for dei, sa han.
Om det hadde vore mogleg, ville han gjerne høyrt endå meir om kva politikarane stod for om gjengkriminalitet. Dommen hans om Støre var at han hadde mange gode poeng, men han klarte ikkje heilt å svare om 15-åringen som forårsaka bussbrannen i Nordre Follo. Listhaug var god til å få fram situasjonen slik han er. Solberg klarte meir enn dei andre å få fram kva hennar parti ville.
Eg er samd med han. Debatten var frisk og god då Støre og Listhaug diskuterte mot kvarandre. Støre vektla førebygging meir enn Listhaug som vi ha strengare straffar. Solberg er interessant nok i ein mellomposisjon.
Samarbeidsproblema
Då Erna Solberg og Sylvi Listhaug vart spurt om statsministerspørsmålet, snakka dei mest rundt grauten. Ungdomen i huset synst dei ulike politikarane på borgarleg side svarte greitt for seg, men at det var ein litt merkeleg debatt det var vanskeleg å få noko ut av. Sjølv trur eg det var ein presis observasjon av han.
Det er eit ope spørsmål om Senterpartiet vil setje hardt mot hardt og leggje ned eit Vedum-veto mot Støre-slalåm.
Han synst på den andre sida den vart mykje rolegare, men lurte på om vinklinga var slik at det vart lettare for dei raudgrøne.
Min eigen analyse er at situasjonen på raudgrøn side er avklart og at det gir favør Støre. Men det er eit ope spørsmål om Senterpartiet vil setje hardt mot hardt og leggje ned eit Vedum-veto mot Støre-slalåm. Ap vil veksle mellom raudgrøne budsjettpartnarar og andre parti om EU-direktiv for å få fleirtal.
I dag var dei borgarlege ganske samla. Men det er ikkje sikkert det er nok til å dempe inntrykket av meir uro enn normalt på borgarleg side.
Bestemannspremien
Dette var den beste partileiardebatten til no. Støre var nok ein gong svært god, det var også Sylvi Listhaug.
For den eine programleiaren, Arild Riise, var det den siste debatten før han blir pensjonist etter 42 år som journalist. I kveld var han som vanleg myndig, trygg og med glimtet sitt i auget. Vi gir bestemannspremien til Arild Riise.
Stemmer er ABC Nyheters debattseksjon. Dette er meningsytringer, og innholdet står for skribentens regning. Ønsker du å bidra? Send kronikk eller debattinnlegg til stemmer@abcnyheter.no.