Registrer deg for å bli med i debatten
Registrerte brukere kan skrive egne innlegg, og delta i debattene.
Å snakka om islamisme er ikkje nok.
Etter terroråtaket mot pridemarkeringa og det skeive miljøet i Berlin har allereie mykje av den politiske samtalen handla om gjerningsmannen.
Ola Svenneby insinuerer i eit innlegg på Facebook at fleire folkevalde ikkje «snakkar sant» om det som har skjedd, fordi dei visstnok ikkje har peika klart nok på islam og islamistisk ekstremisme som årsaka.
Eg meiner Svenneby bommar på det viktigaste. Det er klart me skal snakka om at dette truleg er islamistisk terror, sjølv om motivet enno ikkje er fastslått. Men å snakka om islamisme er ikkje nok.
Eg har levd med førestillingar om at skeive er syndige, at kjærleiken vår er feil, og at me må undertrykkja den me er.
Det viktigaste her er nemleg ikkje kven gjerningsmannen er. Det viktigaste er at me snakkar meir om korfor skeive, gong på gong, blir gjorde til mål for hat og vald.
Korfor blir pridemarkeringar angripne? Kva slags menneskesyn er det som gjer at nokon meiner skeive er ei gruppe det er greitt å drepa?
Dersom me berre diskuterer den religiøse tilhøyrsla til den siste terroristen, mistar me lett blikket for det som eigentleg fører til både det ekstreme tankegodset og dei ekstreme valdshandlingane.
Eg er sjølv homofil og har vakse opp i eit religiøst konservativt miljø der skeive blir regelrett sett ned på. Eg treng ingen til å forklara meg at religion kan brukast til å legitimera homofobi.
Eg har levd med førestillingar om at skeive er syndige, at kjærleiken vår er feil, og at me må undertrykkja den me er.
Nettopp derfor meiner eg analysen må vera større enn islam åleine. Det same hatet mot skeive finst i ulike former for religiøs fundamentalisme, men òg i politisk ekstremisme og autoritære ideologiar. Fellesnemnaren er eit menneskesyn som nektar skeive det same menneskeverdet og den same fridomen som andre.
Eg fryktar at me gjer oss sjølve ei bjørneteneste dersom denne debatten blir redusert til endå ein kulturkrig om islam.
Då blir det lettare å peika på «dei andre» enn å ta inn over oss kor djupt og kor breitt hatet mot skeive faktisk er. Hatet kan ha mange uttrykk, men det spring ofte ut frå dei same førestillingane om kjønn, seksualitet, moral og menneskeverd. Skal me førebyggja nye åtak, må me våga å utfordra heile tankegodset, ikkje berre den varianten som det tener ein best politisk.
Me vinn aldri kampen mot terror ved å gjera identiteten til den siste gjerningspersonen til den store politiske striden. Me vinn han ved å stå skulder ved skulder med skeive menneske, ved å forsvara retten vår til å leva opne og frie liv, og ved å kjempa mot alle ideologiar som gjer oss til mål for hat og vald.
Stemmer er ABC Nyheters debattseksjon. Dette er meningsytringer, og innholdet står for skribentens regning. Ønsker du å bidra? Send kronikk eller debattinnlegg til stemmer@abcnyheter.no.