Budsjettforhandlingane slutta før dei fekk starte. Senterpartiets Bjørn Arild Gram og Trygve Slagsvold
Vedum hudfletta regjeringa. Men kvifor skal Senterpartiet særbehandlast?
Tyder evne til å skape drama og merksemd rundt seg at ein har rett? spør Tuastad.Cornelius Poppe / NTB
Svein Erik TuastadSvein ErikTuastadSvein Erik TuastadFørsteamanuensis i statsvitenskap ved UiS
Publisert
Annonse
Jens Stoltenberg var knapt nok ferdig med å legge fram statsbudsjettforslaget før Senterpartiet sa at dei ikkje ein gong ville snakke med den tidlegare regjeringspartnaren.
Senterpartiet har etter mykje støy no oppnådd massiv mediemerksemd for sine krav. Her bør vi kaste eit blikk på den nyare politiske historia. Om den raudgrøne Stoltenberg-regjeringa med Ap, Sp og SV frå 2005 til 2013 skreiv dåverande SV-leiar Kristin Halvorsen i biografien sin at Sp-folka var heilt spesielle i forhandlingar:
Alltid mutte, misnøgde og sure, som om alle måtte ta særleg omsyn til dei. Forventing om særbehandling ser slik ut til å vere eit vedvarande forhandlingstrekk for Senterpartiet. Men tyder evne til å skape drama og merksemd rundt seg at ein har rett?
Minstemålet for argumentasjon
For å bli samde krevst det av alle at når ein entrar ein debatt, lyt ein følgje somme spelereglar, til dømes å opptre sannferdig og å akseptere fakta. Eit rimeleg krav er ein ikkje kan forvente meir av andre enn av seg sjølv. La oss sjå på framgangsmåten til Senterpartiet i dette lyset.
Kjøtvekta har endra seg, Senterpartiet er no mykje svakare og har etter partiet sin eigen logikk krav på mindre, skriv Tuastad.Javad Parsa
I politisk kvarter (NRK 16.10) minna programleiar Bjørn Myklebust Sp-leiar Vedum om at då han sjølv var finansminister, tok han bort tidlegare sigrar SV hadde oppnådd om tannhelse, SFO og barnehagar. Når Senterpartiet no klager over at Ap i budsjettframlegget har tatt bort noko av det Senterpartiet før har oppnådd, smakar altså Senterpartiet sin eigen medisin.
Etter valet i 2021 brukte Senterpartiet styrken sin rått til å kaste Audun Lysbakken, SV-leiar den gongen, og SV-arane ut frå det regjeringssamarbeidet alle trudde dei raudgrøne skulle få. Kjøtvekta skulle telje. Etter valet i 2025 er SV, Raudt og MDG tre gonger større samla enn Senterpartiet.
Kjøtvekta har endra seg, Senterpartiet er no mykje svakare og har etter partiet sin eigen logikk krav på mindre.
Annonse
Annonse
Verdien av lagkjensle
MDG, SV og Raudt har klart signalisert støtte til eit raudgrønt fellesskap, jamvel om dei som einskildparti no og då kan vere med og danne fleirtal mot Arbeiderpartiet. Men desse partia signaliserer likevel ei lagkjensle, at dei i tillegg til å slost for eige parti også anerkjenner at dei vil det raudgrøne fellesprosjektet vel.
For Senterpartiet er det annleis. Partiet har gjort det klårt at gjennomslag for eigen politikk er alt som tel – ikkje noko fellesskap. Det tilseier ikkje å ta særlege omsyn til Senterpartiet – det er vel tvert om.
Omsett til politikk: Er Sp-saka om dyre pass- og politikontor i staden for passbuss viktigare enn situasjonen til fattige sosialhjelpsmottakarar som no kan få mindre utbetaling om dei får barnetrygd, slik SV har kjempa mot? Er ein Stad-skipstunnel som vert ekstremt dyr og samfunnsmessig ulønsam viktigare enn ei tannhelsereform viktig for Raudt og for fattige folk plaga med øydelagde tenner? Er fullstendig gratis ferjer viktigare enn eit reisekort som gjer det mykje billigare for alle å reise kollektivt slik MDG vil?
Logikken til Vedum at ved å setje hardt mot hardt, må Ap gje seg. Kva skjer då om Støre likevel ikkje lar seg presse? skriv Tuastad.Javad Parsa / NTB
Å setje hardt mot hardt
Ved første blikk ser det ut som om Senterpartiet har eit trumfkort i og med at det ikkje er budsjettfleirtal for dei erklærte samarbeidspartane utan partiet. Så er logikken til Vedum at ved å setje hardt mot hardt, må Ap gje seg. Kva skjer då om Støre likevel ikkje lar seg presse?
Dersom Senterpartiet kjem til at dei når alt kjem til alt heller vil støtte eit alternativt budsjett frå eit av partia til høgre, vil det bli regjeringskrise. Arbeiderpartiet kan jo ikkje styre om eit fleirtal ikkje vil ha den aller viktigaste politikken deira. Men med ei ny borgarleg regjering, sett inn av Senterpartiet, vil det garantert ikkje bli meir av det Senterpartiet vil ha. Høgre har jo gjort det klårt at dei vil ha meir og ikkje mindre av den politikken Senterpartiet rasar mot.
Dersom norsk politikk på same måten som vi såg i Sverige for nokre år sidan ender opp med ein kaotisk periode, er det sjølvsagt uheldig for landet samla på kort sikt. Men det kan også vere nødvendig som ein slags reinskingsprosess. Om det ikkje finst ei grense for kor hardt Senterpartiet får presse regjeringa, vil det også vere uansvarleg.
Dersom vi faktisk får fleire regjeringshavari etter kvarandre, kan veljarane straffe Senterpartiet for å skape kaos. Då kan seinare val gje meir stabilitet. Eit anna scenario er at både Arbeiderpartiet og Senterpartiet får svi medan Frp når nye høgder, no også som det eigentlege distriktspartiet.
Med andre ord handlar det som går føre seg på Stortinget no om større ting enn halv pris på ferjene og passbuss – det gjeld også korleis framtida til norsk politikk vil sjå ut.
Annonse
Annonse
Stemmer er ABC Nyheters debattseksjon. Dette er meningsytringer, og innholdet står for skribentens regning. Ønsker du å bidra? Send kronikk eller debattinnlegg til stemmer@abcnyheter.no.