Registrer deg for å bli med i debatten
Registrerte brukere kan skrive egne innlegg, og delta i debattene.
Då Støre tysdag snakka direkte med Putin, skjedde det etter ei nøye og varsam endring i norsk Ukraina-retorikk over lang tid. Retorikken har endra seg frå å prioritere å snakke om ukrainsk siger, til å prioritere å snakke om fred.
Denne kommentaren ble først publisert Panorama.
Det tok ikkje lang tid før Jonas Gahr Støre og Finlands president Alexander Stubb fekk kritikk for å snakke med Putin.
Den politiske linja dei to har valt i Ukraina-krigen, er ikkje ukontroversiell. Det såg vi då den danske statsministeren Mette Fredriksen på tysdag gjekk til frontalåtak på deira «solo-diplomati». Støre understrekar at alle allierte er grundig konsulerte og informerte på førehand, og at samtalen med Putin skjedde i samråd med Ukraina.
Men korleis enda ein norsk statsminister og ein finsk president i denne posisjonen, der dei sat 90 minutt i samtale med den russiske presidenten om ein mogleg slutt på krigen?
«… det viktigste vi kan gjøre nå, er å hjelpe Ukraina med å forsvare seg selv og få Russland til å endre kurs.»
«Det viktigste nå er at forholdene legges til rette for forhandlinger.»
Då Espen Barth Eide torsdag 22. oktober deltok under lanseringa Nansen-programmets første resultatrapport, sa han noko veldig interessant om dei pågåande Ukraina-samtalane:
«Norge har lang erfaring med å seie ein del ting utad, og la vere å seie ein del ting som ikkje bør seiast akkurat no. Det er viktig i slike prosessar».
Men kva er det norske statsrådar og diplomatar må teie om, for å bidra konstruktivt til eventuelle samtalar?
For det kan dokumenterast at ordbruken til utanriksminister Espen Barth Eide og statsminister Jonas Gahr Støre openbert har endra seg på fleire punkt.
«I nåværende fase av krigen er våpenhjelp av avgjørende betydning for Ukrainas mulighet til å vinne tilbake kontroll over sine landområder.»
«Det burde i sum være grunn til å få stoppet denne krigen omtrent der frontlinjen er, og finne veien til en politisk løsning.»
Ja, det er rett at Jonas Gahr Støre allereie i 2022 var på det fredsdiplomatiske sporet – til dømes då han snakka med Putin på telefon i slutten av mars det året. Heile vegen har han òg snakka om forhandlingar. I Stortinget i april 2022 understreka han at nokre kanalar til Russland måtte haldast opne.
Men det som har endra seg markant, er måten han har snakka om vegen til fred.
Både rett etter krigsutbrotet og etterpå har den norske linja vore skarp og tydeleg på ukrainsk side. Dei første krigsåra handla det særleg om «å slå Russland tilbake» – og til og med «ukrainsk siger», i tillegg til ei linje om langvarig militær støtte.
Det såg vi tydeleg då det første Nansen-programmet vart lansert i 2023. Den gongen grunngav statsminister Jonas Gahr Støre våpenstøtta med at den var avgjerande for at Ukraina skulle kunne vinne tilbake kontrollen over eigne landområde.
Under tryggleikskonferansen i Munchen i februar 2024, sa Barth Eide: «Vi kan ikke leve med at Russland vinner».
«Ukraina, ikke Russland, må vinne denne krigen.»
«Militærmakt alene er ikke nok til å avslutte en krig. Svært få konflikter ender i full seier for den ene parten.»
Vi såg det også då han i april 2024 skreiv ein kronikk med den talande tittelen: «Ukraina, ikke Russland, må vinne denne krigen».
I Stortinget same månad sa Eide: «For denne krigen skal Ukraina vinne».
I mai 2024 tok den norske utanriksministeren til orde for å tillate bruk av vestlege våpen mot militære mål på russisk territorium. Han omtala det til og med som «en krystallklar folkerettslig adgang».
Så verkar det som at det skjedde ei klar endring i retorikken. Det tydelegaste skiljet kom 6. mars 2025.
Donald Trump hadde returnert til Det kvite huset seks veker tidlegare, og maktdynamikken overfor Ukraina var i ferd med å endre seg. Det vart umiddelbart meir prat om fred, varig fred og nye grenser. Amerikanarane pressa på for forhandlingar, medan europearane måtte sikre seg ein plass i prosessen.
«… det er opp til Ukraina å definere når og på hvilket grunnlag en slik fredsløsning kan utformes.»
«Den nåværende frontlinjen må danne utgangspunktet for videre forhandlinger.»
I Stortinget sa Støre då at «det viktigste nå er at forholdene legges til rette for forhandlinger». Støre var langt meir konkret enn han hittil hadde vore på korleis ei våpenkvile kunne sjå ut og kva tillitskapande tiltak partane måtte bli samde om. Han snakka òg konkret om korleis handtere dei vanskelege spørsmåla om territorium, tryggleiksgarantiar og sanksjonar.
Vi såg teikn til denne linja òg då stortingsmeldinga om norsk innsats for fred og konfliktløysing, kom 10. juni 2025. Der trekte regjeringa sjølv fram at Norge hadde trekt på si breie erfaring for å støtte Ukraina i førebuingane til og gjennomføringa av forhandlingar.
Det var lenge før dei overraskande norsk-finske Witkoff-samtalane i oktober 2026.
I oktober 2025 sa Barth Eide at «Ukraina skal vinne både krigen og freden». Sjølv om krigssiger framleis var med, var det her ei markant endring frå tidlegare retorikk. Støre var endå meir konkret enn tidlegare, og sa at den eksisterande frontlinja måtte danne utgangspunktet for vidare forhandlingar.
Sjølv om ordbruken om måla for krigen endra seg, forsvann ikkje sigersretorikken heilt. Så seint som i mars 2026 sa Barth Eide i si utanrikspolitiske utgreiing for Stortinget at «vi må gi vår fulle og uforbeholdne støtte til Ukraina for at de skal vinne krigen mot Russland».
Tre månader seinare skreiv den same utanriksministeren noko anna i ein kronikk om norsk fredsdiplomati: «Militærmakt alene er ikke nok til å avslutte en krig. Svært få konflikter ender i full seier for den ene parten.» Han viste mellom anna til Russlands krig mot Ukraina.
Det viser på interessant vis korleis vektinga av bodskapen har endra seg. Den same utanriksministeren som i 2024 slo fast at Ukraina måtte vinne, understreka no kor sjeldan krigar endar med full siger for éin part.
Og 12. oktober i år gjekk Støre endå lenger.
«Det finnes ikke noen militær løsning på denne konflikten», sa han til Forsvarets Forum. Krigen burde stansast omtrent der frontlinja går, og partane må finne ein politisk veg vidare. Han visste sannynlegvis meir om det som gjekk føre seg i kulissane enn oss.
Det er ikkje mogleg å seie at dette skiftet er resultatet av ein medviten norsk strategi for å få ei rolle i ein fredsprosess. Krigen sin gang, situasjonen ved fronten, Trumps retur til Det kvite huset og andre internasjonale forhold har openbert påverka kva norske politikarar legg vekt på.
Det er heller ikkje mogleg å seie at Norge har vore åleine om denne retoriske vendinga. Fleire europeiske land har snakka meir om våpenkvile, tryggleiksgarantiar og forhandlingar.
Likevel er det – som Barth Eide sa – eit poeng at Norge, norske politikarar og norske diplomatar har lang erfaring med å ikkje seie alt som kan øydelegge for eventuelle fredssamtalar. Og det er freistande å tenke at endringa i ordbruken til Barth Eide, Støre og norske politikarar òg har handla om å halde døra open for diplomatisk kontakt med partane.
Det veit vi ikkje, men det vi veit er dette:
Vi veit at Støre og Stubb har hatt fleire fortrolige samtalar med Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj. Vi veit at dei på ukrainsk oppmoding la til rette for møtet mellom Ukraina, USA og europeiske aktørar i Oslo førre veke. Og vi veit at dei tysdag tok initiativ til å snakke direkte med Putin.
Men vi veit langt mindre om kva dei har sagt bak lukka dører, kva norske forslag som har vore på bordet, og kva dei faktisk har oppnådd.
Heller ikkje den russiske reaksjonen gir grunnlag for å slå fast at Noreg har fått ei meklarrolle. Moskva har delteke i samtalar, men har ikkje offentleg signalisert noko vesentleg kompromiss om dei sentrale konfliktspørsmåla.
Det som derimot er klart, er at Noreg no har fått ei meir synleg rolle i det diplomatiske arbeidet rundt Ukraina. Det skapar openbert også friksjon i forholdet til nære allierte, slik Støre og Stubb også må ha forventa.
Kanskje ligg noko av forklaringa nettopp i det Barth Eide sa førre veke: At diplomati ikkje berre handlar om kva ein seier.
Men også om kva ein let vere å seie.
Stemmer er ABC Nyheters debattseksjon. Dette er meningsytringer, og innholdet står for skribentens regning. Ønsker du å bidra? Send kronikk eller debattinnlegg til stemmer@abcnyheter.no.