Registrer deg for å bli med i debatten
Registrerte brukere kan skrive egne innlegg, og delta i debattene.
Alle bistandsforkjemparar bør ha låge forventningar til årets budsjettforhandlingar på Stortinget.
Denne kommentaren ble først publisert av Panorama.
Han var befriande ærleg, Trygve Slagsvold Vedum, då han sa til Panorama at Raudt og SV gjerne må ta kampen for bistanden i årets budsjettforhandlingar. «Vi vil aldri være imot 100 millioner ekstra til et bistandstiltak», sa Sp-leiaren.
Kvifor la Senterpartiet då fram eit alternativt budsjett der bistanden ikkje når éin prosent? Partiet har støtta målet heile vegen, og hadde utviklingsministeren så seint som i fjor.

Panorama nyheter er et uavhengig nettsted om bistand, globale forhold og internasjonal utvikling.
«Og så får vi se i forhandlingene», svara Vedum. Det er likevel liten grunn til å vente store gjennomslag for meir bistand. Forklaringa er enkel: Det er rett og slett dyrt å få bistanden tilbake til éin prosent av bruttonasjonalinntekta (BNI).
I sitt alternative budsjett vil SV bruke 4,6 milliardar kroner meir for å nå målet om éin prosent av BNI. MDG foreslår nesten ti milliardar meir i bistand.
Det er mykje pengar for parti som kjem til forhandlingane med lange lister over andre krav. Og det veit finansminister Jens Stoltenberg. Å prioritere desse milliardane til bistand kan innebere å gi avkall på gjennomslag for billigare kollektivtrafikk, meir jernbane eller tannhelsereform – for å nemne noko.
Raudt har også lagt inn pengar til å nå éinprosentmålet. Men kor høgt vil partia prioritere bistanden når dei må velje mellom sine eigne krav?
Ein smakebit på kva som skal gå føre seg inne i forhandlingane, fekk vi i torsdagens Politisk Kvarter på NRK, i debatten mellom Raudts finanspolitiske talsperson Mímir Kristjánsson og MDGs motsvar Oda Indgaard. Synet på kva plass internasjonal solidaritet skal ha rundt forhandlingsbordet, er grunnleggande ulikt. Dei fleste partia med flest representantar rundt bordet, verkar å ville prioritere meir pengar til «folk flest».
Erfaringane frå i fjor gir grunn til tvil. Kjelder med innsikt i fjorårets budsjettforhandlingar fortel at bistanden hadde mange prinsipielle forsvararar i forhandlingsrommet, men færre som prioriterte han då krava vart vegne på gullvekt.
Resultatet vart berre fem millionar kroner ekstra til bistand, og eit bistandsbudsjett på 0,995 prosent av BNI.
For fleire av partia veg andre saker, som tannhelsereform, tyngre. Det er ein politisk realitet bistandsforkjemparane må forhalde seg til. Bistanden kan ende noko over regjeringas forslag på 0,93 prosent, utan å nå éin prosent. Forskjellen er på fleire milliardar kroner. Men forhandlingane handlar også om kva slags bistand Noreg skal prioritere.
Eit av dei største stridsspørsmåla er Norfund. Her er eit interessant samantreff: Medan SV vil bruke om lag 4,6 milliardar kroner ekstra for å nå éinprosentmålet, vil Senterpartiet flytte nesten det same beløpet frå andre bistandspostar til Norfund. Det inneber mellom anna kutt i helse, utdanning og regionale bistandsprogram for å styrke investeringane gjennom det statlege investeringsfondet.
SV vil gå motsett veg. Partiet vil kutte i enkelte Norfund-løyvingar og heller prioritere humanitær bistand, demokrati og menneskerettar.
Det ligg også ein budsjetteknisk fordel i Norfund-satsinga frå Senterpartiet og regjeringa: Kapitalinnskot kan telje med i bistandsprosenten, sjølv om delar av dei blir førte som lånetransaksjonar og ikkje belastar statsbudsjettet på same måte som ordinære tilskot. Det er rett og slett billegare pengar.
Frå regjeringa og Senterpartiet blir Norfund dessutan framheva som eit effektivt verkemiddel for utvikling. Investeringane skal skape arbeidsplassar, økonomisk vekst og gjere utviklingslanda mindre avhengige av bistand, seier dei.
Norfund har allereie fått ein sentral plass i Åsmund Aukrusts Prosjekt Vendepunkt. Men kor mykje bidreg investeringane til å redusere fattigdom og ulikskap? Og kva går tapt når pengane blir flytta frå helse og utdanning til investeringskapital? Det er det stor politisk usemje om i Stortinget.
Ei kjelde tett på forhandlingane skildrar argumentasjonen for Norfund som eit ekko av trickle down-tenkinga på 90-talet: Førestillinga om at økonomisk vekst skal sildre ned til fattigfolks kjøkkenbord.
Ein annan konflikt handlar om kva som i det heile skal reknast som bistand. MDG meiner berre 33 av regjeringas 57,5 milliardar bistandskroner er reell bistand. Det er eit syn som også er utbreidd både i SV og Raudt. Etter MDGs eigen definisjon brukar Norge dermed berre 0,53 prosent av BNI på bistand, ikkje 0,93 prosent. MDG vil halde mellom anna Ukraina-støtte, klimafinansiering og flyktningutgifter i Norge utanfor bistandsprosenten.
Sjølv med nesten ti milliardar kroner meir på bistandsbudsjettet vil MDG bruke fire år på å nå éin prosent etter sin eigen definisjon. Det illustrerer kor stor avstand det kan vere mellom ambisjonane og pengane som faktisk må på bordet.
Denne veka varsla Raudt at partiet vil kutte 87 millionar kroner til internasjonale tenketankar og stiftingar, mellom anna Atlantic Council og Tony Blair Institute.
«Nato trenger ikke bistand fra Norge», sa Bjørnar Moxnes til Panorama.
Raudt meiner slike løyvingar i større grad tener norske utanriks- og sikkerheitspolitiske interesser enn fattige menneske i utviklingsland. Moxnes meiner også at Epstein-avsløringane har vist korleis koplingar mellom politiske og økonomiske elitar kan svekke tilliten til bistanden – og at politikarane som forhandlar må ta det på alvor.
Det treng ikkje vere feil å finansiere internasjonale tenketankar eller diplomatiske møteplassar. Men kvifor skal rekninga sendast til bistandsbudsjettet, spør den tidlegare Raudt-leiaren.
Det er nettopp slike dilemma NRKs politiske kommentator Lars Nehru Sand nyleg etterlyste ein tydelegare debatt om, i ein innsiktsfull kommentar: Kva skal bistanden vere? Kor er den mest effektiv?
Slik kan budsjettforhandlingane i endå større grad enn regjeringas forslag til statsbudsjett, bli ein smakebit på det som ventar då Åsmund Aukrust etter jul lanserer si stortingsmelding om Vendepunkt.
Desse motsetnadene forsvinn ikkje sjølv om partia skulle finne 4,6 milliardar kroner ekstra. Men eg ville ikkje hatt høge forhåpningar om at dei finn alle desse pengane.
Stemmer er ABC Nyheters debattseksjon. Dette er meningsytringer, og innholdet står for skribentens regning. Ønsker du å bidra? Send kronikk eller debattinnlegg til stemmer@abcnyheter.no.