KRONIKK

Settlarar av hengslane

Busetjarane tar over Vestbreidda.

Israelske soldatar står vakt medan israelske jødiske busetjarar går gjennom den gamle marknaden i byen Hebron på den okkuperte Vestbreidda.
Publisert Sist oppdatert

Førre helg vart seks jødiske busetjarar arresterte etter å ha gått til åtak på den israelske hæren (IDF). Desse hadde tatt del i å ramponere ein palestinsk landsby på Vestbreidda med namn Kafr Malik, der dei sette fyr på hus og bilar.

Da dei dagar seinare vart stoppa av ein IDF-patrulje, gjekk busetjarane laus på patruljen og tilkalla forsterkingar frå vener. I løpet av fem timar deltok nærare 70 busetjarar i åtaka mot IDF. 

Ifølgje avisa Haaretz skal dei ha forsøkt å køyre på soldatar med bilar, og ha kasta ein molotovcocktail.

Episoden fekk mykje merksemd i Israel og internasjonalt. Statsministar Benjamin Netanyahu fordømde åtaka og forlangte at dei skuldige måtte bli stilt til ansvar. «Desse personane utgjer ein liten minoritet som ikkje representerer det store fleirtalet av busetjarar, som respekterer lova og tenestegjer i IDF og sikkerheitsstyrkane», sa han.

Dagen etter åtaket 26. juni vart det halde gravferd for dei drepne.
Busetjarane sette fyr på hus og bilar.
Tre palestinarar vart drepne i Kafr Malik.
Sørgjande bryt saman i sorg under gravferda.
Ein mann inspiserer skadane på huset sitt i Kafr Malik, som vart sett fyr på av israelske busetjarar.

Det paradoksale med desse utsegna er at Netanyahus regjeringskoalisjon aktivt har bidrege til å gi militante busetjarar uinnskrenka handlerom. For å forstå korfor, må vi begynne med å sjå nærare på ekspansjonen av jødiske busetjingar på Vestbreidda.

Ein industri i vekst

Sidan seksdagarskrigen i 1967 har kvar israelske regjering brukt betydelege ressursar på å etablere og utvide eit nettverk av busetjingar på Vestbreidda og Aust-Jerusalem. 

Denne strategiener i strid med den fjerde Genève-konvensjonens forbod mot flytting av sivile inn i okkupert territorium.

Busetjingsindustrien fekk eit løft då Likud-partiet kom til makta i 1977. Den israelske høgresida nytta busetjingar som ein strategi for å viske ut skilnaden mellom Israel og dei okkuperte områda, og for å hindre danninga av ein framtidig palestinsk stat. 

Denne strategien, som er i strid med den fjerde Genève-konvensjonens forbod mot flytting av sivile inn i okkupert territorium, har i stor grad lukkast. 

Israels statsminister Benjamin Netanyahu kjem frå Likud-partiet.

I dag bur meir enn 700.000 busetjarar i om lag 300 busetjingar på Vestbreidda og i Aust-Jerusalem. Dei største liknar byar, har sine eigne vegnett og er tungt vakta av IDF. Omtrent halvparten er såkalla «utpostar». Desse er mindre samfunn etablerte av private aktørar som ikkje er formelt godkjente av den israelske staten, men som kan bli det på sikt. 

Både busetjingar og utpostar er plassert strategisk mellom palestinske majoritetsområde, og avgrensar rørslefridomen til dei om lag 3.3 millionar palestinarane på Vestbreidda.

Fleire ting lokkar israelarar til å slå seg ned på Vestbredda. For mange er låge levekostnadar og statlege subsidiar av bustad sentrale trekkplaster. For andre er dette eit ideologisk prosjekt som handlar om å ta tilbake jorda som dei meiner tilhøyrar sine forferdar. Om lag ein tredjedel av busetjarane blir rekna for å vere haredim, eller såkalla «ultraortodokse» jødar. 

Dei valdelege gjengane spring ut frå denne gruppa.

Israelske busetjarar viser fram langefingeren frå hustak medan dei hånar palestinske forbipasserande, nær Ibrahimi-moskeen medan israelarar markerer ei årleg religiøs høgtid i Hebron, på den okkuperte Vestbreidda.

Bakketoppungdom

I Israel er desse gjengane kjende som bakketoppungdom, ettersom om mange busetjingar og utpostar er bygd på bakketoppar. Dette er snakk om eit laust nettverk av militante busetjarar i aldersgruppa 15-45 år som, inspirert av den militante rabbinaren Meir Kahane, blandar ortodoks tankegods med høgrenasjonalistisk ideologi. 

Slik har valdelege aktørar blitt tatt inn i den politiske varmen.

Strategien deira går ut på å ta seg inn i palestinske landsbyar og bondesamfunn, og gradvis drive befolkningane ut ved bruk av vald, vandalisme, trugslar og tjuveri. Slik sikrar dei sine eigne utpostar i vekst. Åtaka handlar også om å sende eit signal til den Israelske staten, som dei har eit betent forhold til: Her er det vi som styrer showet. 

Ein brann rasar i ein olivenlund i landsbyen Salem, aust for Nablus, 25. mai, etter at israelske busetjarar etter rapportane sette fyr nær vegen til busetjinga Alon Moreh.
Minst 17 bilar tilhøyrande palestinske arbeidarar skal ha blitt sette i brann av israelske busetjarar nær Salfit i mai.
Ein israelsk soldat held vakt i Jenin på Vestbreidda. REUTERS/Raneen Sawafta

Bakketoppungdomens vald har auka betrakteleg i løpet av få år. Dette handlar ikkje berre om hemnlyst etter Hamas’ sitt åtak på Israel 7. oktober 2023, men at avstanden mellom militante busetjarar og den politiske eliten har minka.

Høgreekstreme krefter i Netanyahus regjeringskoalisjon, slik som finansminister Bezalel Smotrich og minister for nasjonal tryggleik Itamar Ben-Gvir, har gjort militante busetjarar modigare. 

I fjor haust sa Ben-Gvir at han hadde lagt til rette for å distribuere 120.000 skytevåpen til busetjarar på Vestbreidda, og lova at fleire var på veg. 

Itamar Ben Gvir og Bezalel Smotrich i det israelske parlamentet, Knesset.

På same tid annonserte Smotrich at 2025 ville bli «året for jødisk suverenitet i Judea og Samaria (Vestbreidda)». Han har ikkje berre iverksett bygginga av nye busetjingar, men også sørgja for å legalisere ei rekke utpostar kjende for å huse valdelege aktørar. 

«I staden for å gøyme oss og be om unnskyldning heiser vi flagget, byggjar, og busett oss» uttalte han i mars. 

Slik har valdelege aktørar blitt tatt inn i den politiske varmen.

Organisert vald

Bakketoppungdommen er veldig organiserte fortalde ein ven nyleg. Han bur i ein landsby på Vestbreidda som har vore mål for busetjarvald i mange år. «Dette dreier seg ikkje om nokre få marginale aktørar. Dei arbeider systematisk, og ser aktivt etter påskot for å gå til åtak og drive oss ut», sa han. 

«Til og med den israelske hæren fryktar dei. Han tør ikkje gjere noko fordi desse gruppene har støtte frå ministerhald. Om hæren grip inn, er det for å arrestere palestinarar som svarar på åtaka».

Ein palestinsk mann ser på israelske flagg som er plasserte over eit øydelagt palestinsk hus etter eit åtak frå israelske busetjarar i landsbyen Bruqin nær Salfit.

Israelske soldatar var også til stades under raidet mot den palestinske landsbyen Kafr Malik i førre veke. Medan busetjarar ramponerte palestinsk eigedom, skaut og drap IDF tre palestinarar som dei hevda hadde kasta stein mot dei. Dei seks busetjarane som gjekk til åtak på IDF, på den andre sida, slapp fri med ein gong. 

Mens våre auge er festa på Gaza og Iran har slike valdshandlingar blitt ein del av dagleglivet på Vestbreidda. For palestinarane eksisterer det ingen tydeleg skilnad mellom soldatar og bakketoppungdom, mellom lovlege busetjingar og ulovlege utpostar. Dei opplever dette som eitt og same maskineri, som har som mål å rykke dei opp frå jorda ein landsby om gangen. 

Jamvel om Netanyahu kanskje har rett i at militante busetjarar utgjer ein minoritet, har hans koalisjon bidratt til å normalisere deira åtferd. Dei fungerer no som ein militant føretropp for busetjarrørsla, og som nyt politisk støtte. 

Raude linjer finst berre om israelske soldatar hamnar i krysselden.

Stemmer er ABC Nyheters debattseksjon. Dette er meningsytringer, og innholdet står for skribentens regning. Ønsker du å bidra? Send kronikk eller debattinnlegg til stemmer@abcnyheter.no.