Registrer deg for å bli med i debatten
Registrerte brukere kan skrive egne innlegg, og delta i debattene.
Dette debattinnlegget ble først publisert på Altinget, som ABC Nyheter har et samarbeid med.
Norsk energidebatt har dei seinare åra framstått som fastlåst og polarisert, der alle står i kvar si skyttargrav og konfliktnivået berre aukar. Dette har vore trenden både nasjonalt og lokalt – anten det har handla om europeisk samarbeid eller kraftutbygging.
Dei siste vekene har det likevel skjedd noko interessant på Stortinget: Breie fleirtal samlar seg om konkrete tiltak for å få meir kraft raskare ut til folk og bedrifter.
Altinget.no er Norges første rendyrkede politiske nettavis. Med 28 nisjemedier i Danmark og 11 i Sverige er Altinget allerede et etablert mediehus i Norden. Målet er å øke forståelsen for nasjonal og europeisk politikk gjennom nisjejournalistikk av høy kvalitet – med et nøytralt utgangspunkt.
Vedtaka i Stortinget for nokre veker sidan om strømnett er eit godt døme. Debatten var ganske spiss, men vedtaka som vart fatta, er det grunn til å trekkje fram: kortare saksbehandlingstid i NVE, raskare prosessar i Statnett, betre utnytting av eksisterande nett gjennom digitalisering og fleksibilitet. Og ikkje minst eit overordna mål om å halvere tida det tek å få på plass nytt nett.
Det interessante er ikkje berre innhaldet i vedtaka, men breidda bak dei. Høgre og Framstegspartiet har vore pådrivarar og fremja forslaga. Arbeidarpartiet har valt samarbeid og ansvarlegheit, trass i at forslaga kom frå opposisjonen. SV, Senterpartiet, Venstre og MDG har bidrege til breie fleirtal. Det same gjeld KrF, som ikkje eingong er medlem av energi- og miljøkomiteen på Stortinget.
I slutten av mai skjedde det igjen – i ei innstilling frå energi- og miljøkomiteen med ei rekke forslag. Denne gongen var det MDG som stod bak forslaga. No handla det om betre prosessar for behandling av vindkraftsaker, kompensasjon til lokalsamfunn og utvikling av naturrekneskap.
Ikkje alt er konkretisert, mykje skal greiast ut. Men retninga er riktig, nemleg å sikre at Noreg held kraftoverskotet sitt. Det er avgjerande for å dempe strømprisane, behalde og vidareutvikle norske industriarbeidsplassar og kutte klimagassutslepp.
Vedtaka gjeld ulike tilhøve som kan setje fart i utviklinga av vind på land i Noreg: meir kunnskapsbaserte prosessar, sterkare krav til natur og vurdering av ei tidlegare utbetaling til kommunar som vel å utvikle vindkraft. Blant anna.
Igjen får forslaga støtte av breie fleirtal beståande av Arbeidarpartiet, Høgre, MDG og Venstre, og i nokre tilfelle Senterpartiet.
Når problemet blir tydeleg og stort, har norsk politisk kultur det i seg å samle seg om løysingane.
Ansvarlegheit på tvers av midtstreken i politikken gir grunn til optimisme. Når også regjeringspartiet står bak, blir avstanden kortare frå vedtak til gjennomføring.
Kvifor skjer det? Eg trur den viktigaste grunnen er at kraft- og nettutfordringa Noreg står framfor har kome mykje tydelegare fram det siste halvåret. Vi manglar kraft og nett til eksisterande og ny industri, og til den elektrifiseringa som skal til for å handtere klimautfordringa.
For dette peiker mot noko som ofte blir borte i energidebatten: Dei fleste partia er eigentleg samde om ganske mykje. Noreg treng meir kraft. Vi treng raskare nettutbygging. Vi treng raskare konsesjonsprosessar. Vi treng meir effektiv bruk av infrastrukturen vi allereie har. Og vi treng meir gjennomføringskraft i møte med ei utvikling som går fortare enn systema våre har vore rigga for.
Og når problemet blir tydeleg og stort, har norsk politisk kultur det i seg å samle seg om løysingane – trass i ulikt primærsyn på verkemidla som skal til.
Det betyr ikkje at konfliktane forsvinn. Kraft- og nettutbygging vil framleis skape interessekonfliktar. Naturomsyn vil framleis stå mot andre samfunnsomsyn. Lokale protestar kjem ikkje til å bli borte. Men kanskje ser vi konturane av ein mindre polarisert og meir realitetsorientert energidebatt?
Ikkje fordi alle er samde om alt. Men fordi stadig fleire erkjenner at alternativet til raskare og betre gjennomføring er eit Noreg med mindre konkurransekraft, mindre industriutvikling, dårlegare klimapolitikk – og mindre handlefridom.
Kanskje er det nettopp dette som blir viktig framover: mindre debatt om kven som har skulda for kraftsituasjonen, og meir samarbeid om korleis vi faktisk løyser han.
Stemmer er ABC Nyheters debattseksjon. Dette er meningsytringer, og innholdet står for skribentens regning. Ønsker du å bidra? Send kronikk eller debattinnlegg til stemmer@abcnyheter.no.