Stemmer
Nynorsken døyr – eg kan leggja til fleire argument
Eg støttar fullt og heilt opp om argumenta til Stenerud for å droppa nynorsken.

Under overskrifta «Nynorsken ligger og dør - slipp den fri» skriv David Stenerud 20. mars på ABC Nyheter om tvungen skriveopplæring i sidemål. I dette høvet dreier det seg om nynorsk. Hovudsynet hans er at slik opplæring bør tas vekk. Grunngjevingane hans er:
- Berre halvparten av elevane som har tvungen nynorsk i grunnskulen, vel det same skriftspråket som hovudmål i vidaregåande skule
- Sløsing med tid og ressursar
- Skilnader i kvaliteten på undervisninga elevane får i nynorsk
Manglande lyst hos dei fleste elevane til å skrive nynorsk – spynorsk-syndromet
Ei sterk språkleg tilnærming mellom radikalt bokmål og moderat nynorsk i dei fleste tekstar som vert skrivne i vår eiga tid
Sjølv har eg undervist i skulen i 36 år, mest i vgs, m.a. i norsk. Med dei røynslene eg har frå desse åra, støttar eg fullt ut Stenerud sine grunngjevingar for motstanden han har til tvungen skriftlig opplæring i nynorsk.
Det harikkje lenger noko særleg for seg at elevane skal ha tvungen skriftleg opplæring i både norsk hovudmål og norsk sidemål.
Og det er fleire grunnar som eg meiner talar for å ta bort tvungen opplæring i å skrive nynorsk.
1. Elevane har meir enn nok med å læra seg å skriva eit godt hovudmål (for dei aller fleste er dette hovudmål). Dessutan er læreplanane i norsk særs omfattande. Dei famnar om ei rekkje ulik faglege emne som elevane skal læra noko om og øve opp dugleikane sine i.
2. Norges Mållag hevdar no at elevane er vortne (enda) dårlegare enn før til å skriva nynorsk. Dette meiner dei kjem av at fleire av lærarane dei har i norsk, ikkje held mål i det å skriva nynorsk. I ein viss mon har nok Norges Mållag rett i dette. Det har vore ei jamn auking på tilsetjing av folk i skulen som korkje har fagleg eller didaktisk opplæring i skolefaget norsk. I hopetal vel norske skule-eigarar å hanka inn folk som ikkje har naudsynte faglege føresetnader til å vera lærarar i norsk og nær sagt alle andre fag i både grunnskulen og i vidaregåande skule.
3. Dei faglege utfalla av skriftleg eksamen i nynorsk som sidemål er ikkje mykje å ropa hurra for. Og som for skriftlege eksamenar i andre fag ligg karakterane eit godt stykkje under standpunktkarakterane som elevane får av norsklærarane sine. Jamfør omgrepet og den pågåande debatten om inflasjon i elevane sine standpunktkarakterar). I mange klassar vert dei fleste av elevane sine eksamensvar i nynorsk sidemål sensurerte til karakteren 2 eller 3. Nokre elevar stryk og må gå opp til ny eksamen for å få ståkarakter. Dei fleste elevane skriv så dårleg nynorsk at det ikkje eignar seg til bruk i eit yrke. Det ser èin kvar dag mellom anna hos journalistar og andre som nyttar nynorsk skriftspråk i arbeidet sitt.
4. Elevar med andre morsmål enn norsk, vert ikkje tvungne til å følgje og få vurdering i norsk sidemål. Det er med på å skapa mykje ergring hos elevar som må gjennom eit sidemålsopplæring anten del vil det eller ikkje. Og det gjer at dei nærast får eit hat-tilhøve til opplæring i eit sidemål.
Og ja, som Stenerud òg skriv, så er det èin kallar radikalt bokmål og moderat nynorsk vortne så like kvarandre at det ikkje lenger har noko særleg for seg at elevane skal ha tvungen skriftleg opplæring i både norsk hovudmål og norsk sidemål.
Og det er ei tilsynelatande sjølvmotseiing og èin skjebnens ironi at denne utviklinga har degradert mykje av dagens nynorsk til det eg vil kalla eit skriftleg hybrid- eller bastardspråk: Mange av særtrekka ved Ivar Aasen si utmeisling av eit norsk skriftspråk tufta på ein del bygdemål og til èin viss grad på norrønt språk, er vortne svært utvanna. Det gjeld både ordinventar, rettskriving, bøyingsformer og setningsoppbygging.
Elevane vil vonleg greia seg etter måten bra om opplæring i skriftlig norsk sidemål vert teken ut av læreplanen i norsk. Dei vil nok heller ha meir nytte og glede av å nytta noko av frigjort tid til å lesa og lytte til nynorske tekstar, både sakprosa og skjønnlitteratur. Ei anna løysing, som òg Norges Mållag bør drøfta, er å gjere opplæring i norsk sidemål til eit valfag for elevane.
Stemmer er ABC Nyheters debattseksjon. Her skriver faste og sporadiske bidragsytere om nyhetsaktuelle temaer. Vi har også et samarbeid med den politiske nettavisen Altinget.no . Brenner du inne med en mening eller analyse, kan du sende teksten til stemmer@abcnyheter.no, så vil vi vurdere den.