KRONIKK

Nok ein kakledebatt

Gode, norske partileiarar: De kan betre enn dette. 

Leiarane frå dei minste partia, vert håplause: Om dei prøver å rane til seg ordet, er dei uhøflege. Om dei ventar på tur, vert dei usynlege, skriv Tuastad.
Publisert Sist oppdatert

Ver rausare med kvarandre neste gong, smil litt meir og for Guds skuld: Bli einige med programleiarane om eit opplegg der de slepp å stå og kakle i munnen på kvarandre.

«Ti stille og hør!»

Mot slutten av debatten hadde Trygve Slagsvold Vedum (Sp) fått nok. 

Det var KrF-leiar Dag-Inge Ulstein som stadig avbraut han. Måten partileiardebattane ofte er organisert på, gjer at debattane, særleg for leiarane frå dei minste partia, vert håplause: Om dei prøver å rane til seg ordet, er dei uhøflege. Om dei ventar på tur, vert dei usynlege. På toppen av det heile meiner kommentatorar etterpå at dei små partia gjer for lite ut av seg.

«Nå tar programlederen over», kvitterte ein av programleiarane. Problemet i denne første partileiardebatten i valkampen, arrangert av Nettavisen og Amedia, var at programleiarane slett ikkje tok over. Tidvis snakka fire oppkava personar samtidig. På nær kvart innlegg enda med ei eller anna avbryting. 

Vedum miste tolmodet med Ulstein.

Skatt og skule

Då Erna Solberg lova 1000 kronar i månaden i skattelette til folk i arbeid, tenkte eg det var ganske smart. Det kunne få fram ideologiske skilje på ein god måte i valkampen. Men ved å få skattedebatten over på formueskatten og lågare barnehageprisar klarte Støre også i denne debatten å nøytralisere dei borgarlege på det som burde vere ein sterk sak for dei. 

Gir Ap enkle poeng

I skuledebatten var framlegget til Frp om permanent nivådeling noko som vart diskutert – og som verkeleg bør diskuterast. Medan disiplin i skulen er ei god sak for Frp, går truleg Frp for langt om nivådeling. Det gir Ap enkle poeng som forsvararar av fellesskulen. 

Solberg anno 2025 snakkar ikkje akkurat til folk flest, skriv Tuastad.

Solberg, Listhaug og Støre

Erna Solberg er i bra form og var som alltid skuleflink i debatten. Men er det slik at nesten alle i Noreg er sjølvstendig næringsdrivande? Solberg anno 2025 snakkar ikkje akkurat til folk flest. 

Så harde ord slår fort tilbake på henne sjølv.

I dei to statsministar-duellane Listhaug har vore i med Støre til no (først arrangert av partia sjølv, så av NRK), har Sylvi Listhaug vore engasjert og god. I denne debatten vart ho for påståeleg og negativ, i mi vurdering. Ho var svært lite statsministeraktig. Ho påstod mellom anna at Støre stod der og laug. Så harde ord slår fort tilbake på henne sjølv. 

Dei fleste kommentatorane etterpå meinte Støre var best. Mi vurdering er at Støre ikkje hadde sin aller beste debatt. Han gjekk likevel litt føre dei andre ved å vere ledigare i stilen og ved å verke trygg i sakene. 

Mi vurdering er at Støre ikkje hadde sin aller beste debatt, skriv Tuastad.

Kor dårleg står det til?

Til no har Sylvi Listhaug lukkast godt med ein «elendestrategi». Ho har hatt gode poeng mellom anna i kriminalitetsdebatten. I dag framstilte ho det nærast som om dette landet er i ferd med å rakne. Norsk skule er det reine elendet, økonomien er full av meiningslaus sløsing. 

Det kan vere ein risiko for at ho ikkje heilt treff der veljarane er i dag, om ho held fram på same måten framover, trur eg. Dette er eit hovudspørsmål som kan avgjere valet. 

Det kan godt vere eg undervurderer den norske misnøya, og i så fall er det lurt av Listhaug å vere såpass hardtslåande. Svaret får vi først på valnatta. 

Det bør vere eit felles ansvar å få endra forma på partileiardebattane, skriv Tuastad.

Vi treng ein annan debatt

Nettavisen og Amedia nytta diverre ikkje høvet til å lage noko friskt og litt annleis då dei fekk æra av å arrangere den første partileiardebatten i denne valkampen. 

Løysinga kan vere å gjere det heile meir slik som svenske SVT organiserer sine debattar: Avtale at ikkje alle er like mykje med på kvart tema. La partileiarane få sleppe å måtte kave med å få ordet. Garanter difor at kvar og ein får ein del taletid på temaet der dei er mest med. Med ni partileiarar passar det til dømes godt å ha nokre bolkar med tre og tre.

Det bør vere eit felles ansvar å få endra forma på partileiardebattane. Det fortener partileiarane – og vi veljarar som ser på.

Stemmer er ABC Nyheters debattseksjon. Dette er meningsytringer, og innholdet står for skribentens regning. Ønsker du å bidra? Send kronikk eller debattinnlegg til stemmer@abcnyheter.no.