Stemmer

Nei, David Stenerud: Nynorsken lever godt

ABC Nyheters redaktør veit ikkje kva han snakkar om.

Det har aldri blitt skrive meir nynorsk enn i dag – og den politiske og kulturelle aksepten er større enn nokon gong, skriv Peder Lofnes Hauge.
Publisert Sist oppdatert

ABC Nyheter-redaktør David Stenerud skriv med fynd og klem om korleis nynorsken døyr. Hans største problem er at han ikkje veit kva han snakkar om.

Det er vanskeleg å kommentere teksten hans utan å påpeike at premissane til David Stenerud er feil.

Nynorsken er ikkje upopulær, nynorsken er ikkje lite, nynorsken er ikkje meir konstruert enn alle andre språk, nynorsken blir ikkje tvinga på elevane meir enn noko anna i norsk skule.

Det har aldri blitt skrive meir nynorsk enn i dag - og den politiske og kulturelle aksepten er større enn nokon gong. Mållaget veks i rekordfart og nynorsken har på mange måtar vind i segla.

Då slepp vi slike kunnskapslause og arrogante kommentarar frå norske redaktørar.

Nynorsk er eit moderne bruksspråk som passar til absolutt alt, alltid, anten det er handlelister eller nobelprisvinnande litteratur.

David Stenerud er redaktør i ABC Nyheter. Foto: Elin Eike Worren
David Stenerud er redaktør i ABC Nyheter.

Som opplæringsmål i skulen held nynorsk ganske stabil stand. Prosentdelen går litt ned, men først og fremst fordi det blir mange fleire bokmålselevar når fleire familiar flyttar til og rundt dei store bokmålsbyane.

Heller enn å dyrke mytar om at nynorsken døyr, bør Stenerud vere opptatt av korleis vi kan betre kåra for det offisielle norske språket.

Vi veit masse om kva som må til: meir opplæring, tidlegare start, betre lærarar, og generelt meir eksponering for nynorsk i eit samfunn som er for dominert av bokmålet.

Då vil haldningane bli betre, kompetansen auke, fleire vil finne glede i nynorsk og vi slepp slike kunnskapslause og arrogante kommentarar frå norske redaktørar.

Stemmer er ABC Nyheters debattseksjon. Her skriver faste og sporadiske bidragsytere om nyhetsaktuelle temaer. Vi har også et samarbeid med den politiske nettavisen Altinget.no . Brenner du inne med en mening eller analyse, kan du sende teksten til stemmer@abcnyheter.no, så vil vi vurdere den.