Stemmer

Nedrustning i revers

Både Trump, Putin og Jinping gir større fare for bruk av atomvåpen enn før. Resten av verda må svare med klokskap.

Tre personar har eit særleg ansvar for denne tilbakegangen for folks tryggleik – presidentane Donald Trump, Vladimir Putin og Xi Jinping, skriver Trine Østereng.
Publisert Sist oppdatert

Historia om den kalde krigen er ei fortelling om fare for atomkrig. Fleire gongar var det nære på, som under Cuba-krisa i 1962. Historia om sluten på den kalde krigen, og tida etterpå, er også forteljinga om to stormakter som klarte å samarbeide for å ta ned risikoen for ein slik krig, mellom anna gjennom å regulere omfanget av atomvåpen. Gjennom ei rekke avtaler blei verda tryggare.

No står vi midt oppe i ei utvikling i motsett retning. Globalt er det ei vekst i talet på atomvåpen. Tre personar har eit særleg ansvar for denne tilbakegangen for folks tryggleik – presidentane Donald Trump, Vladimir Putin og Xi Jinping. Alle bidrar til at reguleringa av atomvåpen blir svekka, på fleire måtar.

Har rusta valdsamt opp

I Russland har Putin trua med å bruke atomvåpen fleire gongar dei siste åra, og han har utvida den russiske doktrinen som seier når ein skal kunne ta desse våpena i bruk. I USA har Trump gått ut av fleire atomvåpenavtaler. I Kina har ein rusta valdsamt opp i talet på atomvåpen, mellom anna som eit svar på Trumps politikk i sin fyrste presidentperiode.

No er det berre New START-avtalen igjen, den einaste som regulerer atomvåpen mellom USA og Russland. Den gir visse rammer for atomvåpenstatane, som å opne for inspeksjon og sett eit tak på kor mange langtrekkande kjernefysiske stridshovud kvart av landa kan ha. Denne avtala går ut neste år, men Russland suspenderte si deltaking allereie i 2023. Putin, Trump og Jinping svekkar også den globale nedrustingsprosessen ved å gjere heile verda utrygg på kva dei vil kunne finne på.

Yars interkontinental ballistisk rakett avfyres i en test i Plesetsk i det nordvestlige Russland i oktober i fjor. Foto: Russian Defense Ministry Press Service / AP
Yars interkontinental ballistisk rakett avfyres i en test i Plesetsk i det nordvestlige Russland i oktober i fjor.

Det store spørsmålet er korleis resten av verdas land møter denne utviklinga. Svaret er todelt. Over halvparten er allereie med i FNs avtale om atomvåpenforbod. Over 70 prosent av verdas land også har vist støtte til dette forbodet.

Om alle land no skal sikre seg ved også å skaffe atomvåpen, vil det bli dyrt og farleg.

I andre land pågår debatten om å møte stormaktenes opprusting med å skaffe seg eigne atomvåpen eller utvide bruken av dei som allereie finst. I Frankrike har president Macron tatt til orde for at dei franske atomvåpena ikkje berre skal brukast for å forsvare fransk jord, men heile Europa. Det som skil dei franske atomvåpena frå dei britiske er at dei kan styrast uavhengig av amerikanarane. Den tyske valvinnaren, Friedrich Merz, har sagt at han er open for å forhandle om dette.

I Sør-Korea er det no ein levande debatt om å produsere eigne atomvåpen . Og også i norske avisspalter har det rørt på seg. Johannes Kibgaard, som er major og doktorgradsstipendiat ved Krigsskolen og Universitetet i Bergen, har tatt til orde for eit nordisk atomvåpenprogram. I etterkant har han fått kritikk for å normalisere atomvåpen og oppfordre til brot på ikkje-spreiingsavtala, mellom anna frå flaggkommandør Jacob Børresen.

Se video: Her blir presidenten truffet i ansiktet

Dei har brukt sine liv på å åtvare

I desember i fjor var det dei overlevande frå Hiroshima og Nagasaki som vann Nobels fredspris. Dei nærma seg 100-talet i alder, men mange av dei valte likevel å reise jorda rundt for å ta i mot prisen og fremje sine bodskap. Dei har brukt sine liv på å åtvare mot bruk av atomvåpen. Vi bør lytte til dei. Om alle land no skal sikre seg ved også å skaffe atomvåpen, vil det bli dyrt og farleg.

Jo fleire atomvåpen som finst, og jo fleire land som har dei, jo større er sjansen for at nokon av dei blir tatt i bruk.

26. september 1983 fekk den sovjetiske oberstløytnanten Stanislav Petrov varsel om at USA hadde sendt missilar mot Sovjetunionen. Han hadde fått orde om at han då skulle varsle sjefane sine om at landet var under atomangrep. I staden valte han å vente, i tru på at det var ein falsk alarm. Det var takka vere Petrovs is i magen at det ikkje blei ein større atomkrig ut av ein teknisk feil.

Vi vet at det er umogleg å lage god beredskap for bruk av atomvåpen. Øydeleggingane vil vere for store og strålingsfaren for høg. Helsesystema vil ikkje klare å hjelpe alle som vil trenge det.

Jo fleire atomvåpen som finst, og jo fleire land som har dei, jo større er sjansen for at nokon av dei blir tatt i bruk. Difor må diskusjonen om kva andre land skal gjere i møte med Trump og Putin handle om andre tiltak enn meir atomvåpen.

For fleire atomvåpen vil ikkje gjere oss tryggare – det er ei tru som vil kunne gjere verda farlegare for oss alle.

Stemmer er ABC Nyheters debattseksjon. Her skriver faste og sporadiske bidragsytere om nyhetsaktuelle temaer. Vi har også et samarbeid med den politiske nettavisen Altinget.no . Brenner du inne med en mening eller analyse, kan du sende teksten til stemmer@abcnyheter.no, så vil vi vurdere den.