Registrer deg for å bli med i debatten
Registrerte brukere kan skrive egne innlegg, og delta i debattene.
Den nordiske modellen byggjer på at arbeidstakarar organiserer seg, forhandlar kollektivt og får reell makt på arbeidsplassen. Den maktdelinga ser ikkje Elon Musk ut til å like.
Dette debattinnlegget ble først publisert på Altinget, som ABC Nyheter har et samarbeid med.
Fagbevegelsen er demokratiets største forkjemper. Elon Musk har sagt at han mislikar fagforeiningar fordi dei skaper eit forhold mellom «lords and peasants». Det er ei ganske imponerande mangel på sjølvinnsikt frå verdas rikaste mann.
I nesten tre år har svenske Tesla-arbeidarar streika for noko så grunnleggande som ein tariffavtale. No blir streiken avslutta. Ikkje fordi Tesla inngår avtale, men fordi selskapet har kjøpt ut dei streikande medlemmene i IF Metall med sluttpakker. Det er vanskeleg å finne eit betre bilete på herrar og bønder.
Altinget.no er Norges første rendyrkede politiske nettavis. Med 28 nisjemedier i Danmark og 11 i Sverige er Altinget allerede et etablert mediehus i Norden. Målet er å øke forståelsen for nasjonal og europeisk politikk gjennom nisjejournalistikk av høy kvalitet – med et nøytralt utgangspunkt.
Ein vanleg mekanikar kan ikkje vente ut Elon Musk. Ein arbeidar har ikkje ei milliardformue å falle tilbake på når ein konflikt varer i nesten tre år. Eit globalt konsern kan derimot bruke enorme ressursar på å halde ut og til slutt kjøpe dei streikande ut av arbeidsplassen.
Det er milliardærmakt i praksis.
Les også på Altinget: – Det mest soleklare streikebryteriet i norsk etterkrigshistorie
Tesla har sjølv gjort motstanden mot tariffavtale til eit prinsipielt spørsmål. Nettopp derfor handlar konflikten om meir enn nokre verkstader i Sverige. Den nordiske modellen byggjer på at arbeidstakarar organiserer seg, forhandlar kollektivt og får reell makt på arbeidsplassen. Det er den maktdelinga Musk ikkje ser ut til å like.
Ingen enkelt arbeidstakar møter eit globalt konsern som ein likeverdig part. Fagforeininga er det som gjer at den som lever av lønna si, kan stille krav til den som eig selskapet.
Og dette blir viktigare når stadig meir økonomisk makt blir samla hos nokre få ekstremt rike menneske og enorme internasjonale selskap. Dei opererer på tvers av landegrenser og har ressursar til å utfordre både fagforeiningar og styresmakter.
Då held det ikkje å håpe at milliardærane oppfører seg fint. Politikken må vere sterk nok til å stå imot.
Køddar du med retten til å organisere seg, køddar du med oss alle.
For AUF betyr det at vi må gjere det lettare å organisere seg og vanskelegare å drive fagforeiningsknusing. Vi må styrke fagforeiningsfrådraget, verne dei som organiserer seg og bruke offentlege innkjøp til å stille strenge krav til lønns- og arbeidsvilkår. Fellesskapet skal ikkje premiere selskap som undergrev den organiserte arbeidslivsmodellen.
Vi må også våge å ta kampen mot dei globale gigantane. Ingen selskap skal bli så stort at demokratiet sluttar å stille krav. Vi treng sterkare konkurransepolitikk, skattlegging som treff dei største formuane og selskapa, og internasjonalt samarbeid som hindrar konsern i å spele land og arbeidarar ut mot kvarandre.
Tesla-streiken enda ikkje slik arbeidarrørsla ønskte. Men vi sørgar ikkje, vi organiserer oss. Når globale gigantar prøver å bruke pengane sine til å setje eigne spelereglar, må demokratiet vere sterkt nok til å seie nei.
Ingen bedrift skal vere for stor til å demokratiserast. Ingen milliardær skal vere for rik til å skattleggast. Og ingen arbeidsgivar skal vere så mektig at arbeidarane må stå åleine.
Køddar du med retten til å organisere seg, køddar du med oss alle.
Les også på Altinget: Vil jobbe mer: – Vi kan ikke fortsette ukulturen
Stemmer er ABC Nyheters debattseksjon. Dette er meningsytringer, og innholdet står for skribentens regning. Ønsker du å bidra? Send kronikk eller debattinnlegg til stemmer@abcnyheter.no.