KRONIKK
Meiningslaus motsetning
Med fynd og klem forsøker andre nestleiar i FpU, Sebastian Saltrø Ytrevik å harsellere med Noregs Mållag. Han lukkast ikkje.

Vi har sagt som rett er: Meir privatøkonomi i skulen kan ikkje gå på kostnad av sidemålsopplæringa. Det er ei kjerneoppgåve for den norske skulen å gje alle elevane opplæring i både bokmål og nynorsk.
Det er heller ikkje vi som har laga den meiningslause motsetninga mellom personleg økonomi på den eine sida og grunnleggjande lese- og skrivekompetanse på den andre sida. Den er det Frp som har laga.
FpU må gjerne jobbe for meir privatøkonomi, men dei skuldar oss eit betre svar på kvifor det er sidemålsordninga som må ryke. Uansett kva som er spørsmålet, er alltid svaret: Nynorsken må bort.
Faktum er at norske elevar les og skriv for dårleg.
Norske elevar lærer allereie om privatøkonomi, lån, renter og avdrag. Det er mogleg denne opplæringa kan styrkjast, men då kan ho ikkje skubbe bort den viktigaste språkskatten vi har. Det er heller ikkje all kunnskap om livsmeistring det er skulen sitt ansvar åleine å lære bort.
Saltrø Ytrevik strør om seg med ord som «tragikomisk», «uansvarleg», «tvangsnynorsk» og «språksnobberi». Gamle songar om igjen, der altså.
Faktum er at norske elevar les og skriv for dårleg. Norskfaget er det største og viktigaste faget, og sidemålsordninga bør styrkjast, ikkje svekkjast, slik Framstegspartiet og Høgre går til val på.
Dei som lærer både bokmål og nynorsk, får betre språkforståing, større ordtilfang og meir presis språkbruk. Dei blå-blå vil på kvar sin måte skrote den viktige ordninga. Høgre vil fjerne eigen karakter og eksamen. Framstegspartiet vil la elevane velje bort nynorsk.
Om elevane skal få eit ekte val om dei vil bruke nynorsk eller bokmål i ulike situasjonar resten av livet, må dei få lov å lære begge. Det er ikkje berre eit fagleg ansvar, men eit demokratisk ansvar.
Berre når du meistrar heile den norske språkskatten, kan du fullt ut delta i samfunnet. Då kan du velje mellom bokmål og nynorsk når du skal skrive dikt, e-postar på arbeidsplassen, fylle ut skattemelding eller lånepapir.
Eller skrive tamme lesarbrev med store ord og lite innhald.
Stemmer er ABC Nyheters debattseksjon. Dette er meningsytringer, og innholdet står for skribentens regning. Ønsker du å bidra? Send kronikk eller debattinnlegg til stemmer@abcnyheter.no.