Registrer deg for å bli med i debatten
Registrerte brukere kan skrive egne innlegg, og delta i debattene.
No som Stad skipstunnel går frå kamp til gjennomføring, sit vi att med ei kjensle av at historia er større enn sjølve tunnelen.
Dette debattinnlegget ble først publisert på Altinget, som ABC Nyheter har et samarbeid med.
Slaget om Stad handlar om makt og om kven som får sine behov løfta opp som nasjonale omsyn, og kven som får erfaringane sine reduserte til lokale kjensler.
Sidan valkampen i fjor har Stad skipstunnel blitt noko heilt anna enn eit samferdselsprosjekt. Tunnelen blei sjølve symbolet på sløsing, distriktspolitikk og politisk hestehandel. I den nasjonale debatten blei prosjektet kroneksempelet på alt som er gale med norsk politikk.
Stad skipstunnel blei rett og slett ein punchline.
Altinget.no er Norges første rendyrkede politiske nettavis. Med 28 nisjemedier i Danmark og 11 i Sverige er Altinget allerede et etablert mediehus i Norden. Målet er å øke forståelsen for nasjonal og europeisk politikk gjennom nisjejournalistikk av høy kvalitet – med et nøytralt utgangspunkt.
Det har alltid funnest reelle, legitime innvendingar mot prosjektet. Kostnadene er forholdsvis store, og samfunnsøkonomiske analysar skal takast på alvor. Ikkje alle argument for tunnelen er like gode og kysten har heller ikkje alltid rett.
Men for mange langs kysten oppstod det etter kvart ein frustrasjon. Denne frustrasjonen handla ikkje om motstanden mot prosjektet, men kjensla av at saka blei diskutert utan at dei som faktisk lever med utfordringane, fekk vere med og definere kva debatten skulle handle om.
Vi som har jobba tett med saka, har skrive debattinnlegg, pitcha saker og forsøkt å få fram perspektiva til sjøfolk, fiskarar, reiarlag og kystsamfunn.
Ein sjeldan gong fekk vi kome med tilsvar i media. Men vi fekk aldri setje agendaen.
Slik er det kanskje i norsk offentlegheit. Det er langt frå gitt at dei som kjenner saka best, får definere henne. Dei som har tilgang til dei største plattformene, bruker dei tydelegaste merkelappane og abonnerer på dei mest etablerte forteljingane, får setje premissane.
Og det skal kanskje vere lettare for ein finansminister enn for ein fiskar.
Men der finansministeren ser rekneark, kostnader i gul bok og symbolverdi, ser sjøfolk brottsjø, fatigue og moglege forlis. Dei ser vêr, regularitet og risiko.
Dei som har havet som arbeidsplass ser ikkje Stad som eit symbol, men som eit frykta havstykke. Stad er ikkje ein utkant for reiarlaga, men ein del av logistikkjeda. Og for kystsamfunna er ikkje Stad ein punchline, men ein del av kvardagen.
Når sentrum og periferi ser den same saka frå så ulike ståstader, er det viktig å vere medvite om kven som får definere verkelegheita.
Det blir ikkje overskrifter når ein erfaren kaptein vel å bli liggjande i hamn, og det blir ikkje ei nyheitssak når eit fartøy må vente fire dagar på vêret. Dei fleste nesten-hendingane blir aldri kjende utanfor miljøa som lever med risikoen.
Kanskje er det nettopp derfor det blei så lett å gjere skipstunnelen til eit symbol. Det er lettare å le av ein tunnel enn å lytte til ein kaptein.
Men erfaringar er også kunnskap.
Det var denne erfaringsbaserte kunnskapen innsatsgruppa for Stad skipstunnel prøvde å få fram i møte etter møte. Det vi mangla av apparat, tok vi igjen med noko anna: direkte kontakt med sjøfolk, fiskarar, reiarlaga og kystsamfunna som kjenner problemet.
På kunnskapsmøte på Stortinget tok vi med dei som har arbeidsvegen sin forbi Stad. Vi viste kvifor sjøfartsorganisasjonar som representerer 30.000 sjøfolk, 3.600 fartøy og 300 reiarlag, meinte saka fortente å bli tatt på alvor.
Og vi forklarte med innestemme kvifor tryggleik, regularitet og beredskap også er ein del av det politikarane må vurdere når dei tek avgjerder om maritim infrastruktur i kystnasjonen Noreg.
Stad skipstunnel blei ikkje vedtatt fordi innvendingane forsvann. Han blei vedtatt fordi eit fleirtal på Stortinget til slutt valde å leggje vekt på fleire omsyn enn berre dei som lèt seg telje i ein tabell. Det er nettopp slike avvegingar politikk handlar om.
For oss er det tydeleg at Stad skipstunnel har handla om meir enn prosjektet. Når sentrum og periferi ser den same saka frå så ulike ståstader, er det viktig å vere medvite om kven som får definere verkelegheita.
Kva skjer når erfaringane frå kysten blir gjort om til ein nasjonal vits? Kva skjer når dei som kjenner farvatnet, først får kome til orde etter at andre har skrive overskrifta?
Og kva skjer med tilliten til politikken dersom store statlege planprosessar, vedtak og forventningar kan gjerast om til eit retorisk poeng i ein budsjettdebatt?
Stad skipstunnel gjekk frå farlei til forteljing, og frå å handle om eit havstykke til å bli ein kulturell og politisk markør. Ansvarleg politikk blir ikkje berre rekna ut – det blir også definert av dei som får setje ord på problemet.
Slaget om Stad viser at den nasjonale debatten blir fattigare når dei som lever med konsekvensane, berre slepp til etter at andre har skrive vitsen. Når Stad skipstunnel no har fått fleirtal i Stortinget, ser vi det som eit prov på at erfaringane frå kysten faktisk blei tillagt verdi, trass i den massive, offentlege motstanden mot prosjektet.
Stemmer er ABC Nyheters debattseksjon. Dette er meningsytringer, og innholdet står for skribentens regning. Ønsker du å bidra? Send kronikk eller debattinnlegg til stemmer@abcnyheter.no.