KRONIKK
Kven skal bu i verdas beste by?
Det burde vera sjølvsagt at bustadpolitikken skal tena dei som bur i byen – ikkje dei som tener pengar på han.
(Dette debattinnlegget ble først publisert på Altinget, som ABC Nyheter har et samarbeid med).
Det er straks august, og tusenvis av studentar strøymer til Bergen for å ta fatt på eit nytt kapittel i livet. Men i staden for å pakka ut av flyttekassar og bli kjend med byen dei no skal kalla heim, hamnar altfor mange i endelause køar hos studentsamskipnaden eller evig jakt på den private leigemarknaden. Det går rett og slett ikkje an.
Samstundes blir fleire bustader i sentrumsnære område lagde ut for korttidsutleige på plattformer som Airbnb. Bergen har no over 5700 bueiningar på Airbnb – ein auke på 800 berre det siste året, og ei dobling sidan 2022. Dette medan 4600 studentar står i bustadkø!
Det er ikkje lenger snakk om hyggeleg og praktisk ferieleige. Det er blitt big business. Airbnb-utleigarar i Bergen har tent nesten 200 millionar kroner så langt i år. Og mykje av dette er tent ulovleg i område regulert til bustadføremål. Slik kan me ikkje ha det!
Frå deling til spekulasjon
Ingen har noko imot at bergensarar leiger ut bustaden sin når dei er på ferie. Men det me ser no, er ikkje delingsøkonomi. Det er bustadspekulasjon i stor skala.
Spørsmålet er: Kven skal bu i verdas beste by? Studentane som kjem hit for å læra? Barnefamiliane som treng ein trygg bakgard? Arbeidsfolk som held byen i gang? Eller investorar med fleire leilegheiter.
Fleire investerer i éin eller fleire sekundærbustader for å tena pengar på korttidsutleige. Eigedommar blir kjøpte opp og drivne som hotell, utan resepsjon, utan reglar – i nabolaga til folk.
Konsekvensane er tydelege. Sentrumsbustader forsvinn frå den ordinære leigemarknaden. Dei som betaler prisen er unge folk, studentar, barnefamiliar og eldre leigetakarar. Dei som skapar liv i byen, men ikkje har råd til å konkurrera med turistane.
Når fleire og fleire sentrumsnære husvære er lagt ut for korttidsutleige, så gjer det noko med byen vår. Levande nabolag forsvinn når fastbuande blir pressa ut.
@alexander.papas 🎓🏘️ Over 4000 studentar står i bustadkø, medan Airbnb tek over Bergen. SV vil ta byen tilbake! #fyp #foryou #student @Sosialistisk Venstreparti (SV) ♬ Chill and gentle lo-fi/10 minutes(1455687) - nightbird_bgm
Reglar som ikkje verkar
Reglane for korttidsutleige er svake og sprikande – og i praksis krevjande å handheva. Det finst nokre grenser, men kontrollen er minimal.
Kommunane manglar oversikt, verktøy og sanksjonar. Mykje er overlate til sameige og burettslag, som verken har ressursar eller mandat til å ta kampen mot bustadhaiane.
Ein politisk kamp om kven byen skal vera for
SV meiner det er på høg tid å ta tilbake kontrollen over bustadmarknaden – ikkje berre i Bergen, men over heile landet. I revidert statsbudsjett fekk me gjennomslag for at regjeringa skal utgreia lovendringar innan 2026 som gjer at kommunane kan forby og regulera korttidsutleige.
Me har også kjempa for fleire studentbustader, og auka den statlege støtta til bygging og rehabilitering av fleire studentbustader.
Men SV sine ambisjonar stoppar ikkje der. Skal me ta tilbake byen, så må me:
Påleggja Airbnb og liknande plattformer å rapportera kven som leiger ut, til kva pris og kro lenge.
Forby korttidsutleige av sekundærbustader i meir enn 120 dagar i året.
Gje kommunane rett til å innføra buplikt i pressa bustadområde.
Byggja 6000 studentbustader i året - til me når 30 prosent dekning nasjonalt.
Det burde vera sjølvsagt at bustadpolitikken skal tena dei som bur i byen – ikkje dei som tener pengar på han. Me har sett korleis det har gått i byar som Barcelona og Amsterdam, der heile kvartal er kjøpte opp for turistutleige, og fastbuande har blitt pressa ut. No ser me konturane av det same i Bergen.
Spørsmålet er: Kven skal bu i verdas beste by? Studentane som kjem hit for å læra? Barnefamiliane som treng ein trygg bakgard? Arbeidsfolk som held byen i gang? Eller investorar med fleire leilegheiter, som tener på at bustadane står tomme store delar av året, og elles blir leigd ut til turistar?
Ein by for fastbuande – ikkje for profitt
Dette handlar ikkje om å stoppa turismen. Det handlar om å sikra at byen også har plass til dei som har kvardagen sin her. Å bu er ein rett – ikkje ein luksusgode for dei som har råd til å spekulera på bustadmarknaden.
Det krev politisk vilje til å regulera, til å setja grenser – og til å stilla seg på sida til dei som faktisk ønskjer å bu i byen. Me må spørja oss: Kven skal byen vera for?
Stemmer er ABC Nyheters debattseksjon. Dette er meningsytringer, og innholdet står for skribentens regning. Ønsker du å bidra? Send kronikk eller debattinnlegg til stemmer@abcnyheter.no.