KRONIKK

Høgsterett har stadfesta ein legitim rett

Høgsterettsdommen om at det offentlege har eit betydeleg skjønnsrom til å bestemme korleis velferdstenestene skal organiserast, er ikkje berre ein siger for ideelle aktørar. Det er òg ein siger for demokratiet.

Høgsterettsdommen er ingen svekking av kvalitet og kostnadseffektivitet, men ei klårgjering av at demokratiet står fritt til å styre korleis fellesskapets midlar skal brukast, skriv innleggsforfattaren.
Publisert Sist oppdatert

Dette debattinnlegget ble først publisert på Altinget, som ABC Nyheter har et samarbeid med. 

Reidar Holst Christensen fekk ikkje julegåva han hadde håpa på.

Høgsterett slo i desember fast at det offentlege har eit betydeleg skjønnsrom til å bestemme korleis velferdstenestene skal organiserast – inkludert retten til å reservere innkjøp for ideelle aktørar.

Dette er ingen svekking av kvalitet og kostnadseffektivitet, men ei klårgjering av at demokratiet står fritt til å styre korleis fellesskapets midlar skal brukast.

Dette er Altinget

Altinget.no er Norges første rendyrkede politiske nettavis. Med 28 nisjemedier i Danmark og 11 i Sverige er Altinget allerede et etablert mediehus i Norden. Målet er å øke forståelsen for nasjonal og europeisk politikk gjennom nisjejournalistikk av høy kvalitet – med et nøytralt utgangspunkt.

Ideelle aktørar har særpreg og tilfører meirverdi

Espedal‑rapporten (VID, 2025) viser at ideelle aktørar tilfører samfunnet ein meirverdi som ikkje let seg fange av tradisjonelle anbodsformer:

  • Funksjonell meirverdi: Ideelle er fleksible, fagleg solide og har spisskompetanse på særlege brukargrupper.
  • Altruistisk meirverdi: Dei driv ikkje for eigarinteresser, men prioriterer fellesskapet.
  • Emosjonell meirverdi: Brukarane opplever tillit, omsorg og stabile relasjonar.
  • Sosial meirverdi: Ideelle byggjer fellesskap, deltaking og sosiale nettverk som andre aktørar sjeldan får til.

Enno eit poeng er geografisk fordeling og tilgang til tenester. Kommersielle aktørar har vist seg mest interessert i etablering i folkerike område. Marknaden er best der. Dette er kvalitetsdimensjonar som nettopp har stor samfunnseffekt, men som ikkje er enkelt å fange opp i ein open offentleg anskaffing. Resultatet er at dei ideelle tapar terreng.

Les også på Altinget: Høyesteretts dom svekker prinsippet om kvalitet og kostnadseffektivitet i velferdstjenester

Sikring mot privat profitt er nødvendig – ikkje eit problem

Christensen har rett i at framtida krev meir velferd for kvar krone. Nettopp difor må vi tenkje smart. Det er god økonomisk styring å styrkje dei ideelle fagmiljøa – med høg kompetanse, ordna løns‑ og pensjonsvilkår og ei drift der eventuelle overskot går tilbake til det samfunnsnyttige formålet. Slik får ein både høgare kvalitet, lågare turnover og meir stabile tenester over tid.

Christensen åtvarar mot at eventuelt overskot hos diakonale ideelle organisasjonar og kan gå til andre diakonale aktivitetar. Men dette kreative argumentet må vegast mot det reelle alternativet: eit system som i altfor stor grad har skapt ei økonomisk velferdselite.

Fleire av dei kommersielle selskapa har utanlandsk eigarskap. Andre er etablert av nordmenn som har blitt så rike på tenester finansiert av skattepengar at dei sjølv ikkje ser seg råd til å skatte til Norge og dermed har flytta utanlands.

Dette er ikkje budsjettmessig effektivitet, det er lekkasje. 

Reservasjon for ideelle er eit verkemiddel for å motverke nettopp dette. 

I eit demokratisk land er det legitimt at politikarane formar framtidas velferdstenester. 

Det er legitimt at politikarane styrer kven som får levere velferd

I eit demokratisk land er det legitimt at politikarane formar framtidas velferdstenester. Christensen omtalar resevasjon for ideelle som politisk motiverte ideologiske hensyn. Ein kamp for kommersialisering av samfunnet kan beskrivast med same ord og uttrykk.

Høgsterett sin dom gjev oss grunnlag for val framover.

Politikk handlar om å vekte verdiar og langsiktig samfunnseffekt – ikkje berre pris i eit enkelt anbod. I ei brytningstid er det eit politisk ansvar å stille dei grunnleggjande spørsmåla:

Korleis sikrar vi berekraftig velferd over tid?

Kva gir mest igjen for kvar krone – ikkje på kort sikt, men i samla samfunnsverdi?

At Høgsterett no stadfester dette handlingsrommet, er difor ikkje berre ein siger for ideelle aktørar. Det er òg ein siger for demokratiet. 

Les også på Altinget: Vant i Høyesterett – Kommunen hadde lov til å reservere anbud for ideelle aktører likevel

Stemmer er ABC Nyheters debattseksjon. Dette er meningsytringer, og innholdet står for skribentens regning. Ønsker du å bidra? Send kronikk eller debattinnlegg til stemmer@abcnyheter.no.