KRONIKK
Formuesskatten har fått langt meir merksemd enn den fortener
Skal demokratiet fungere, må offentleg merksemd styrast mot tidas største farar, ikkje mot distraksjonane til fåtalet.
(Dette debattinnlegget ble først publisert på Altinget, som ABC Nyheter har et samarbeid med).
I kvar valkamp er det ulike saker som pregar diskusjonen. Ved valet i 2021 stod klima og miljø og distriktsopprør sentralt. Denne gong fekk formuesskatt prioritet, mens klimakrise sakka akterut. Men kva ligg eigentleg bak dette skiftet, og kva fortel det oss om demokratiets tilstand?
I forskingsprosjektet GoodAttention undersøkjer vi korleis den nye merksemdsøkonomien endrar demokratiet. Etter vårt syn er det no grunn til sterk bekymring.
Etter vårt syn er det no grunn til sterk bekymring.
Får uvanleg stor makt
Kven bestemmer kva saker vi er merksame på? I stor grad er det resultat av kva informasjon ulike medium har gjort offentleg tilgjengeleg. Som forskarar på agendasetting ofte seier: Media kan ikkje fortelje folk kva dei skal tenkje, men fortel dei kva dei skal tenkje på.
Pressa og sosiale medium er særleg mottakelege for folk med makt og innflytelse, som politikarar og kjendisar, som dermed får uvanleg stor makt over agendaen. Desse har ofte gode grunnar til å rette merksemda vår mot ei bestemt sak. Politiske parti vil maksimere veljaroppslutning, og ønskjer derfor at valkampen handlar om saker dei har eigarskap over. Pregar til dømes innvandring agendaen, gjer som regel Frp eit godt val.
Formuesskatten er eit godt døme på ei sak som har fått langt meir merksemd enn den i utgangspunktet fortener. Skatten gjeld svært få, men er viktig for parti med eigarskap over saka, og for eit knippe private aktørar med store ressursar. Dette står i kontrast til klimapolitikken. Partia med sakseigarskap, SV og MDG, er begge små, med liten evne til å setje agendaen. Større parti har, reint strategisk, liten grunn til å løfte klimaspørsmål. Partia har altså perverse incentiv til å fremje saker som er relativt uviktige, men strategiske.
- Les også på Altinget: Hvem vant debatten om formuesskatt?
Ein direkte trussel mot politisk likskap
I merksemdsøkonomiens tidsalder blir problemet langt verre. Vi les nyhende og lærer om verda på digitale plattformar som ikkje er utforma for å vise oss kva som er viktig, men for å generere profitt ved å kapre merksemda vår. Algoritmar prioriterer innhald som vekkjer reaksjonar, og denne nye logikken er no i ferd med å sive inn i tradisjonelle avismedium. Det fører til at vår offentlege merksemd blir retta mot skandalar og blindspor, medan saktegåande, eksistensielle truslar som klimakrise og økologiske vippepunkt glir ut av syne.
PR-byrå, strategiske politikarar og påverkarar har danna orkester på dekk, og lukkast i å avleie vår felles merksemd.
Kva er løysinga? Den offentlege samtalen må bli meir egalitær og gi vanlege folk, ikkje berre rike og mektige, evne til å setje agendaen. Demokrati skal gjere oss politisk likeverdige, men like fullt er ein handfull menneske, væpna med PR-byrå, i stand til å einsidig bestemme agendaen. Det er ein direkte trussel mot politisk likskap.
Det finst måtar å motarbeide dette på. Eit lobbyregister kan tøyle makta til PR-byrå og særinteresser. Strengare reglar for donasjonar kan redusere innverknaden pengar har på valkampen, og regulering av sosiale medium kan avhjelpe problema knytt til merksemdsøkonomien. Borgarar kan bli gitt reell agendasettingsmakt gjennom institusjonar som folkepanel.
Akkurat no er vi i ferd med å ignorere isfjellet.
Vi kan sjå demokratiet som eit fartøy på ope hav. Mannskapet må stadig oppdage og styre unna skjær i sjøen. Vi vil aldri sjå alle farar i tide, men det går best dersom alle er merksame og høyrer etter når alarmklokkene ringjer. Akkurat no er vi i ferd med å ignorere isfjellet – klimakrise – fordi PR-byrå, strategiske politikarar og påverkarar har danna orkester på dekk, og lukkast i å avleie vår felles merksemd. Skal demokratiet fungere, må offentleg merksemd styrast mot tidas største farar, ikkje mot distraksjonane til fåtalet.
- Les også på Altinget: Dette er LOs folk på Stortinget: – Jeg glemmer aldri, aldri hvor jeg kommer fra
Stemmer er ABC Nyheters debattseksjon. Dette er meningsytringer, og innholdet står for skribentens regning. Ønsker du å bidra? Send kronikk eller debattinnlegg til stemmer@abcnyheter.no.