KRONIKK

Eit våpenkappløp bygd på mytar

Opprustning kan føre oss inn i eit våpenkappløp som i realiteten ikkje beskyttar oss, og som trekker ressursar og kompetanse bort frå sivil beredskap.

Ved at studentar blir introdusert for og rekruttert inn i våpenindustri gjennom utdanninga, kan det føre til hjerneflukt frå sivil sektor, skriv innleggsforfattaren.
Publisert

Dette debattinnlegget ble først publisert på Altinget, som ABC Nyheter har et samarbeid med. 

Det er lett å vere bekymra for dagens verdssituasjon, og då kan det kjenst trygt at vi satsar på våpenproduksjon og våpenutvikling. Fleire argumenterer til og med for at Noreg burde komme inn under «atomvåpenparaplyen» til Frankrike for å verne oss.

Men opprusting er ikkje nødvendigvis trygt, og det kan ha ei rekke alvorlege konsekvensar for samfunnet. Sjølve ideen om våpen som tryggheit er bygd på ei rekke misoppfatningar og myter.

Dette er Altinget

Altinget.no er Norges første rendyrkede politiske nettavis. Med 28 nisjemedier i Danmark og 11 i Sverige er Altinget allerede et etablert mediehus i Norden. Målet er å øke forståelsen for nasjonal og europeisk politikk gjennom nisjejournalistikk av høy kvalitet – med et nøytralt utgangspunkt.

Våpenindustri er ikkje synonymt med norsk forsvar

Ein utbreitt misoppfatning i Noreg er at ei satsing på norsk våpenindustri er synonymt med satsing på norsk forsvar. Det er det ikkje. Norske våpenkonsern sel våpen på ein internasjonal marknad, og dei har som hovudføremål å skape mest mogleg profitt til eigarane, ikkje å forsvare Noreg.

Nyleg meldte til dømes Kongsberg Gruppen at dei deler ut 5 milliardar i utbytte til aksjonærane sine, opp frå 3,9 milliardar året før. Den auka satsinga på våpenproduksjon handlar altså om langt meir enn å etterfylle norske våpenlager. I den siste oversikten var Noreg på 15. plass på lista over land med størst våpeneksport. 

Les også på Altinget: Nordiske og polske atomvåpen gjenoppretter stabilitet

Våpen fører ikkje til fred

Opprusting er også bygd på mytar om at «våpen er vegen til fred» og at det finst ei teknologisk løysing på krig. I staden peikar fleire forskarar på at tilgang til våpen kan vere drivar til valdeleg konflikt.

I rapporten Copenhagen Peace Report 2025, forfatta av fredsforskar Isabel Bramsen, er tilgang til våpen identifisert som ein av to sentrale mekanismar for at krig oppstår og varer. Medieavsløringar har vist at norskprodusert våpen kan hamne i land med lite respekt for menneskerettar via våpenavtalar med USA. Slik kan norske «fredsvåpen» i realiteten bli brukt til å slå ned på demokratiske rørsler i andre land.

Hjerneflukt frå sivil sektor til våpenindustri

Våpenindustrien har også fått innpass i høgare utdanning, utan at vi har hatt ein brei diskusjon om kva for negative følgjer dette kan få for samfunnet. Det er risiko for at samarbeid med våpenindustri kan fortrenge sivil forsking innanfor enkelte fagområde berre i kraft av våpenindustriens store økonomiske musklar.

Vi må innsjå at ideen om at våpen fører til tryggleik, er ein myte.

Ein annan risikofaktor er at det kan føre til hjerneflukt frå sivil sektor til våpenindustri ved at studentar blir introdusert for og rekruttert inn i våpenindustri gjennom utdanninga. Slik kan våpenindustrien binde opp verdifull kompetanse og ressursar som kunne ha blitt brukt til å løyse viktige samfunnsutfordringar, som klima- og naturkrisa, utvikling av ny fornybar energi, eller utvikling av demokratiske alternativ til tek-oligarkane sine KI-plattformar. 

Ein rapport frå Storbritannia har vist at dei fleste britiske studentar ville føretrekke sivilt arbeid framfor arbeid i våpenindustrien dersom begge var like tilgjengelege. Kanskje ville norske ungdommar også svart dette viss nokon hadde spurd dei.

I staden for å sjå på samarbeid mellom utdanning og våpenindustri som ei uunngåeleg utvikling, er det mogleg å ta eit prinsipielt standpunkt om at våpenindustrien ikkje skal sleppe inn på campus. I Tyskland har for eksempel over 70 universitet signert ein klausul om å berre drive med sivil forsking.

I møte med ei uroleg tid må vi svare med kunnskapsbaserte løysingar. Vi må innsjå at ideen om at våpen fører til tryggleik, er ein myte. Opprusting bidrar i staden til å undergrave det sivile samfunnet og kan føre til auka risiko for konflikt internasjonalt. Satsing på sivil beredskap, internasjonale avtalar og styrking av FN vil føre oss nærare ei fredeleg verd enn å vere på topplista av verdas våpenproduserande land. 

Les også på Altinget: Forsvaret bestemte mot slutten av 2025 at Forsvarsanalysen skal hemmeligholdes

Stemmer er ABC Nyheters debattseksjon. Dette er meningsytringer, og innholdet står for skribentens regning. Ønsker du å bidra? Send kronikk eller debattinnlegg til stemmer@abcnyheter.no.