Eit amerikansk bistandsgrep om Gaza
I påvente av eit fredsstyre og ein internasjonal stabiliseringsstyrke, har eit USA-leia senter fått ansvaret for naudhjelpa i Gaza. Mandatet er uklart og palestinarar er ekskluderte. Det legg føringar framover.
Dette debattinnlegget ble først publisert av Panorama nyheter.
Det er ei skjør våpenkvile i Gaza, der forsyningar har starta å kome inn til ei utsvelta og traumatisert befolkning.
Mykje er framleis uavklart etter at Trump la fram sin 20-punktplan for fred og velstand i Gaza 13. oktober, og FN sitt tryggingsråd vedtok ein resolusjon 17. november.
FN-resolusjonen innebar oppretting av eit fredsstyre, ein internasjonal stabiliseringsstyrke og at ein palestinsk teknokrat-komité skulle administrere Gaza. Kina og Russland forheldt seg nøytrale til vedtaket som gjeld ut 2027.

Panorama nyheter er et uavhengig nettsted om bistand, globale forhold og internasjonal utvikling.
Fredsorganisering på vent
Samsetjinga av fredsstyret, utover den tidlegare britiske statsministeren Tony Blair og president Trump, er ikkje kjend. Det er heller ikkje stabiliseringsstyrken sin samansetjing, mandat, rettslege status og finansiering.
Det er også uklart om rolla skal avgrensast til å sikre fred, eller om dei skal kunne nytte makt for å avvæpne Hamas. Kven som skal inngå i den palestinske administrasjonen er det så langt tyst om.
Det som er klart, er at Israel nektar Tyrkia å bidra med militære styrkar og framleis er avvisande til målet om oppretting av ein palestinsk stat.
Eit føreståande møte mellom statsminister Netanyahu og president Trump har truleg alt dette på dagsordenen, men kva svara vert er ikkje klart.
Sivil-militært koordineringssenter
Det som kom på plass i oktober, var eit sivilt-militært koordineringssenter i Israel, forkorta CMCC, oppretta av USA sin militære sentralkommando (CENTCOM).
Det er leia av general-løytnant Patrick Frank saman med USA sin tidlegare Jemen-ambassadør Steven Fagin. Det uttalte målet er å «hjelpe til med å fasilitere flyten av humanitær, logistikk og tryggingsrelatert assistanse frå internasjonale samarbeidspartnarar inn til Gaza», og å «legge til rette for ein overgang for eit sivilt styrt Gaza».
Samstundes kom stenging av den Israel-oppretta og USA-støtta organisasjonen Gaza Humanitarian Foundation, som hadde teke seg einerett på levering av naudhjelp inn i Gaza, og dermed igjen ei opning for FN og mange frivillige organisasjonar.
Ein kompliserande faktor her er det israelske parlamentet sitt 2024-forbod mot FN sin organisasjon for palestinske flyktningar, UNRWA, frå å operere i Israel og for israelske styresmakter å ha kontakt med dei.
Den nylege tvangsstenginga av UNRWA sitt kontor i Aust-Jerusalem forsterkar den konflikten, og ekskluderer dermed ein viktig humanitær aktør.
Militært-styrt hjelp
Gitt at det USA-leia koordineringssenteret i Israel, er det einaste som er kome på plass, er det grunn til å sjå nærare på korleis dei er organisert, kva dei er tillagt ansvar for og kva føringar det kan leggje på hjelpa inn til Gaza.
Koordineringssenteret vert truleg vidareført om eller når andre funksjonar kjem på plass, men forventa å bli innordna under fredsstyret. Men uvissa er stor, inkludert kva rolle dei skal ha overfor ein stabiliseringsstyrke.
Noreg sende tidleg i november ein delegasjon for å innhente informasjon om senteret, men har ikkje vedteke om norsk personell skal baserast der.
Av ei pressemelding framgår det at senteret har 200 militær-ekspertar innan transport, planlegging, trygging, logistikk og ingeniørarbeid, og er tillagt ansvar for leveringa av humanitær støtte, logistikk og tryggingsrelatert assistanse.
Dei skal dessutan overvake våpenkvila mellom Israel og Hamas og sikre koordinering og informasjonsdeling. Det som ikkje er inkludert som oppgåve, men vektlagt i FN-resolusjonen, er gjenreisinga av Gaza og å sikre innbyggjarane økonomisk framgang.
Kontoret til koordineringssenteret ligg i industriområdet Kiryat Gat i Israel, i dei gamle lokala til Gaza Humanitarian Foundation. Amerikanske militære held til i øvste etasje, andre land, FN-organisasjonar og andre organisasjonar har fått rom i etasjen under, og det israelske militære i første etasje.
Medan USA sin militære sentralkommando hevdar at dei har representantar frå 50 partnarland og internasjonale organisasjonar, refererer media som har vore innom til dørskilt frå Storbritannia og Emiratane.
Avisa The Guardian påpeikar at det er ingen representantar frå palestinske sivile eller frivillige organisasjonar, eller styresmakter. Dei refererer også til amerikanske offiserar, som seier at senteret berre delvis hadde teke over Israel sin kontroll over kva forsyningar som slepp inn i Gaza.
Nytt namn, vedvarande utfordringar
Det er opplyst at militær-stab skal reduserast og erstattast av sivile, men det endrar ikkje at koordineringssenteret er militært leia, og at Israel kan ha føringar på kva hjelp som slepp inn, og kven som kan motta den.
Militært-styrt og koordinert bistand er ikkje noko nytt, det var forsøkt i Irak og Afghanistan med eit overordna mål om at bistand skulle «vinne hjarte og sinn» og redusere trusselen mot militære styrkar.
Bistandsresultata var svært blanda i begge land, og ikkje minst utfordra det dei humanitære prinsippa og skilje mellom militære og sivile aktørar.
Denne koordineringa vert spesielt utfordrande i Gaza gitt den militære våpenkvila mellom Hamas og Israel, og deira vedvarande forsøk på å utfordre kvarandre og interne konfliktar mellom palestinske grupper.
Dessutan var verken Israel eller Gaza Humanitarian Foundation nøytrale bistandsaktørar. Ifølge både media og analytikarar dreiv dei ein splitt-og-hersk-taktikk ved å gje militær og humanitær støtte til palestinske grupper som utfordra Hamas, som militsen Popular Forces, der leiaren nyleg vart drepen.
Samstundes framset israelske organisasjonar påstandar mot UNRWA og Flyktninghjelpa om Hamas infiltrasjon og samarbeid for å diskreditere dei som bistandsaktørar. Begge organisasjonane avviser påstandane. Det er også kome innstrammingar mot andre hjelpeorganisasjonar. Redd Barna sin søknad om fornya registrering i Israel er avslått, dermed er dei hindra frå å ta inn eigne varer, utstyr og internasjonalt tilsette via Israel.
Dersom koordineringssenteret ikkje fristiller seg frå politiseringa av konflikten og aktørane, framleis utelet UNRWA og legg føringar på kven FN og andre organisasjonar kan hjelpe, kan desse ende opp i eit vanskeleg humanitært spagat, med få gode alternativ, for å kunne berge liv.
Palestinarane si framtid
Det som også vil vere ei stor utfordring for levering av naudhjelp og ikkje minst gjenoppbygginga, er fråværet av palestinske organisasjonar og styresmakter, og at dei vert ekskludert frå å påverke si eiga framtid.
Dersom dei har andre håp for Gaza enn forretningsvisjon i president Trump sin plan om ein «moderne mirakelby» og oppretting av ei spesiell økonomisk sone har dei få høve til å formidle det.
Slik minner også Gaza og Palestina-konflikten om mange andre konfliktar president Trump har engasjert seg i, med toppdrivne prosessar, lite innsikt og i påvente av løysingar. Dette er problematisk for folk i Ukraina og Gaza, men også deira støttespelarar. Kan dei føreslåtte løysingane kritiserast eller utfordrast slik statsminister Netanyahu og Israel har gjort, eller er svaret heller stille diplomati, påverking og utnytting av handlingsrom som ser ut til å vere FN, andre organisasjonar og givarar sin strategi?
Ingen ser ut til å ha fasiten, og kanskje er der ingen.
Stemmer er ABC Nyheters debattseksjon. Dette er meningsytringer, og innholdet står for skribentens regning. Ønsker du å bidra? Send kronikk eller debattinnlegg til stemmer@abcnyheter.no.