Registrer deg for å bli med i debatten
Registrerte brukere kan skrive egne innlegg, og delta i debattene.
Det skjedde meir bak dei lukka dørene då Støre, Stubb, Witkoff og Zelenskyj møttest, enn det som kom fram på pressekonferansen. No kan norsk fredsdiplomati vere tilbake i manesjen.
Denne kommentaren ble først publisert av Panorama.
Måndag kveld, før Volodymyr Zelenskyj sette seg på nattoget frå Kyiv, med kursen mot Norge, publiserte han ein serie med bilete på Instagram.
Etter å ha sett det eine biletet, var det vanskeleg å sovne.
Der låg eit livlaust lite barn i ei barnevogn. Ansiktet var sladda, men den vesle, raude vinterdressen hadde fleire hol. Splintar frå eit russisk droneangrep hadde treft barnet som låg inni. To små joggesko, full av støv og utan liv.
Om lag samstundes stod den amerikanske presidenten på plenen utanfor Det kvite huset og sa: «Russia, frankly, has been fine on Ukraine. They haven't been doing much.»
På mange måtar var det barnet i barnevogna møtet i Oslo mellom storpolitikarane handla om dagen etterpå.
Då Zelenskyj, Jonas Gahr Støre og Alexander Stubb heldt pressekonferanse tysdag kveld, fekk den ukrainske presidenten eit spørsmål frå NTB om Ukraina no heldt på å tape krigen. I det proppfulle presserommet spreidde det seg ei litt ubehageleg stemning. Ingen av dei tre statsleiarane såg ut til å like spørsmålet.
Og sjølvsagt avviste han det. Men så sa han noko som nesten fekk stemma hans til å breste. «Vi tapar ikkje krigen», sa han. «Men vi mistar folk og tid». Og så sa han at det er så trist at borna ikkje får ha ein barndom, at dei mister livet.
Zelenskyjs engelsk har ein tendens til å bli dårlegare og meir utydeleg når han er trøytt. Og tysdag kveld i Oslo var den ukrainske presidenten trøytt.
Det er vanskeleg å ikkje ha biletet av barnevogna på netthinna etter at du har sett det. Endå vanskelegare er det å førestille seg korleis det må vere å vere president i eit land og måtte sjå slike bilete nesten kvar einaste dag.
Men kva skjedde eigentleg inne i møterommet?
Det vart i alle fall snakka om noko av det aller vanskelegaste ved ei mogleg fredsavtale: Territorium, sanksjonar, tryggleik for Ukraina, økonomien etter krigen og korleis Europa skal sjå ut når våpna ein dag stilnar.
Dette stadfesta Støre sjølv både på pressekonferansen og då han møtte oss pressefolk etter middagen han hadde med fleire europeiske allierte.
Dagen etter skulle Witcoff vidare til St. Petersburg for å møte Putin og dei russiske leiarane.
På pressekonferansen var det òg tydeleg at dei nordiske Ukraina-venene Jonas Gahr Støre og Aleksander Stubb meinte dei hadde brukt dagen til noko som gav meining.
Stubb var på grensa til konkret og optimistisk om kva som har gått føre seg dei siste vekene, og kva møtet i Oslo eigentleg handla om. Det verka nesten på han som at Finland (og Norge?) er del av ekte, reelle fredsforhandlingar.
Han sa òg at trass i den offentlege «støyen» med Trumps tiradar mot Zelenskyj, trass i motstridande signal frå amerikanarane og trass i at Russland drep barn i vogn, var den fredstekniske framgangen på bakrommet og «under radaren» langt større.
Frå kjelder eg snakka med tidlegare på dagen, fekk eg det same inntrykket: samtalane handla om konkrete og særs sensitive fredstekniske spørsmål. Ingen ville seie noko om kva dei faktisk kom fram til, men møta i Oslo var noko langt meir enn ein demonstrasjon av støtte til Ukraina. Det gjekk føre seg reelle, politiske samtalar om substansielle delar av ein framtidig fred.
Sjølvsagt skal vi vere varsame med å overvurdere kva ein norsk statsminister og ein finsk president faktisk kan oppnå i ein krig der avgjerdene ser ut til å bli tatt i Kyiv, Washington og Moskva. Og sjølvsagt har både Støre og Stubb interesse av å framstille sin eigen innsats som viktig.
Men det er vanskeleg å sjå bortifrå det faktum at Zelenskyj bad dei to nordiske leiarane om å stille opp, og at Trumps spesialutsending òg møtte opp. Det kan tyde på at noko konkret og stort er under oppsigling, slik vi kunne få inntrykk av under pressekonferansen.
Det er først og fremst gode nyheiter for alle barn i barnevogner i alle ukrainske byar.
Kanskje er det òg eit teikn på at det norske fredsdiplomatiet, som i mange år har vore meir kjent for å vise til tidlegare triumfar enn for å levere nye – endeleg har fått ei ny rolle som kan vise til konkrete og ganske storslåtte resultat.
Det ville i så fall vere eit solid svar på alle spørsmåla om norsk diplomatisk ukultur og manglande kontroll etter dei famøse Epstein-høyringane på Stortinget tidlegare i haust. Og kanskje kan det gi utviklingsminister Åsmund Aukrust og hans folk meir skyts i innspurten av arbeidet med Vendepunkt, der vi allereie no kjenner til at fred- og forsoning blir eit av fem hovudmål for utviklingspolitikken.
Dersom norsk fredsdiplomati kan bidra til å stanse drap på små barn i Ukraina, blir det alle fall vanskelegare å argumentere mot å bruke pengar på det.
Etter middagen, seint tysdag kveld, fekk spørsmål frå norske journalistar. NRK Supers utsende journalist spurde om kva krigen i Ukraina betyr for ukrainske born. Den norske statsministeren vart synleg emosjonell.
Så fortalde han om barna han hadde møtt i Ukraina. Om dei som lever i konstant uvisse. Om dei som ikkje får gå på skulen. Og om dei aller minste, som ikkje kjenner noko anna enn krig.
Kanskje kan noko topphemmeleg på eit møterom i Oslo hjelpe dei. Det gir litt håp.
Stemmer er ABC Nyheters debattseksjon. Dette er meningsytringer, og innholdet står for skribentens regning. Ønsker du å bidra? Send kronikk eller debattinnlegg til stemmer@abcnyheter.no.