Stemmer

Eg vaks opp ein stad som ville fått det til å gå kaldt nedover ryggen til Sylvi Listhaug

Som liten såg eg vener som stal mat i storefri fordi dei var svoltne på skulen. Når me ikkje ser dei, gjer dei kriminelle miljøa det.

Alexandra Schonhowd Sørensen, leiar i Bergen AUF.
Publisert Sist oppdatert

(Dette debattinnlegget ble først publisert av Framtida.)

Arbeidarpartiets landsmøte – Noregs viktigaste politiske verkstad. Lista er lang over kva politikk som skal vedtakast, og eg nyttar høvet til å tala ei sak som står meg nær: ungdomskriminalitet.

Bergens «hot spot» for utanforskap

Eg vaks opp ein stad som ville fått det til å gå kaldt nedover ryggen til Sylvi Listhaug. For Slettebakken kan seiast å vere Bergens «hot spot» for barnefattigdom, utanforskap og ungdomskriminalitet.

Eg ønskjer mine framtidige barn eit liv der dei kjenner seg trygge og inkluderte i samfunnet. Slik er det ikkje for alle i dag, og vi ser konsekvensane.

Fleire miste fellesskapet i fotballen når nye sko eller ein ny ball vart for dyrt

Som liten såg eg vener som stal mat i storefri fordi dei var svoltne på skulen. Han urolege i klassen vart vanskeleg fordi ingen tok seg tid til å forstå, leike med eller sjå han. Og fleire miste fellesskapet i fotballen når nye sko eller ein ny ball vart for dyrt. Dette er våre barn, i eit av verdas beste land å bu i. Og når me ikkje ser dei, gjer dei kriminelle miljøa det.

  • Les mer på Framtida: Utsegna til Erna Solberg er rett og slett skummel

Ap er ikkje Frp

Ja, ungdomskriminalitet er alvorleg, og ja, kriminalitet skal møtast med konsekvensar. Det er det ingen tvil om.

Men når høgresida vil putte sårbare unge i fengsel – unge med heile livet framfor seg – då må Noreg stå fast ved sosialdemokratiske verdiar.

Eg blir forbanna over tanken på å gi opp dei som treng oss aller mest, dei som har eit utruleg stort potensial til å lukkast i livet. Dei treng berre ei leiande hand i rett retning.

For vi i Ap er ikkje Frp, og det skal vi aldri vere.

Sosialdemokratiske verdiar

Løysinga skal ikkje vere å låse unge inne og kaste nøkkelen. Vi må tru på å gi dei ein veg ut. Når debatten handlar om nokre av landets mest sårbare – barn som har falle utanfor – då skal vi halde fram med å vere dei som rekk ut ei hand. Med ein god og inkluderande fellesskule. Med rask og lett tilgjengeleg psykisk helsehjelp. Og ved å halde fram kampen for å få barnefattigdomen ned mot null.

Arbeidarpartiet skal kjempe for eit Noreg der alle kan lukkast. Eg håpar mine partifellar lyttar og sørgjer for at ordlyden i fråsegna om kriminalitet og tryggleik skal ha rot i våre sosialdemokratiske verdiar dette landsmøtet.

Stemmer er ABC Nyheters debattseksjon. Her skriver faste og sporadiske bidragsytere om nyhetsaktuelle temaer. Vi har også et samarbeid med den politiske nettavisen Altinget.no . Brenner du inne med en mening eller analyse, kan du sende teksten til stemmer@abcnyheter.no, så vil vi vurdere den.