Det som avgjer valet

Det har vore ekstreme endringar i partioppslutninga i vår. Valet ligg an til å bli ein spurtduell avgjort på mållinja.

Personleg popularitet må gå saman med politisk appell, skriv Tuastad.
Publisert Sist oppdatert

Nyleg fekk eg som valforskar spørsmål frå journalistar som hadde gjort nokre interessante observasjonar. For det første hadde dei merka dei seg korleis Jonas Gahr Støre fekk økt personleg sympati etter at han var med i TV-serien A-laget. 

Dessutan la dei merke til at mange i kretsen deira var positivt overraska over kor treffande og dyktig Ine Eriksen Søreide, sannsynleg Erna-etterfølgjar i Høgre, var då ho sette skapet på plass på for den ganske politisk avvikande leiaren i partiet FOR om Ukraina-krigen.

Kan slike ting spele inn for oppslutninga?

Svaret på det er i grunnen nei. For det skal meir til. Hopp og sprett veljaren som blir påverka etter å ha sett meir eller mindre tilfeldige TV-program, finst knappast. Veljarane er ganske faste i fisken ideologisk og i verdistandpunkta, det skal litt til å påverke dei. Det betyr ikkje at kor dyktige og godt likte politikarane er, er utan betydning. Men personleg popularitet må gå saman med politisk appell.

Svein Tuastad er statsviter og professor ved Universitetet i Stavanger

 I USA trudde mange Kamala Harris ville ta siste stikk mot Trump. Slik gjekk det jo ikkje. Så her står vi, i ei kaotisk og uføreseieleg verd.

Det er dette Sylvi Listhaug no får godt til. Ho klarer å vere langt framme i mediebiletet og så følgjer ho ein nøye utklekt plan: Både appellere til hardbarka høgrepopulistar – og til meir edruelege høgrefolk på same tid.

Den første innsikta er: For å vinne val må politikarar appellere til, mobilisere og bli likte av særleg ei målgruppe – dei som allereie er ganske einige. Risikoen er at desse let vere å røyste.

Folk er smarte

Det er ei rekkje veljarar som skiftar parti i val, opp mot 30-40 prosent er ikkje sikre på kva dei kjem til å stemme ved valet. Ein av fem vert klårt påverka av valkampen. For om lag halvparten av veljarane har valkampen noko å seie. Dette er i grunnen ein god ting – det betyr at det gjev meining å stå på dag ut og dag inn i det rå-køyret som valkampen er, for politikarane.

I USA trudde mange Kamala Harris ville ta siste stikk mot Trump. Slik gjekk det jo ikkje. Så her står vi, i ei kaotisk og uføreseieleg verd. Dette har skapt ein Trumpkaos-effekt blant veljarane i mange land.

Folk er smarte på den måten at dei bruker val til å sende signal til dei som styrer.

Frustrasjonen over dei dårlege tidene gjorde det svært vanskeleg for dei i posisjon, som demokratane i USA, å vinne. I Noreg var regjeringssamarbeidet Ap–Sp svært upopulært så seint som ved årskiftet av dei same grunnane. 

No har tidsånda snudd – dermed har ikkje veljarane på same måte som før behov for å sende eit misnøyesignal til politikarane. Dyrtidsfrustrasjonen har dempa seg – etter Trump har det handla meir om politikarar som kan ha trygg styring. 

I Canada låg det konservative opposjonspartiet 20 prosent høgare enn dei liberale før valet nyleg. Men etter bruduljane til Trump snudde det tvert, og dei liberale vann. Den same Trumpkaos-effekten er det vi har sett i Noreg.

Folk er smarte på den måten at dei bruker val til å sende signal til dei som styrer. Under dyrtida var det viktig å sende eit signal om frustrasjon. No er grunnlaget for dette dempa. 

Då er vi framme ved den andre sentrale valinnsikta: For å vinne val, må du treffe folk der dei er. Politikarane som best evnar å ta veljarane på pulsen, vil vinne veljarar over frå «nabo»-partia.

Det store valspørsmålet

Som den politiske ringreven Torbjørn Røe Isaksen nyleg påpeika, går ikkje alle veljarane i same retning: Veljarane er ikkje ein stor masse som traskar etter bjellesauen. I dagens politiske situasjon er det to klåre og motsette rørsler i veljarmassen. Det gjeld først ein konservativ reaksjon mot venstresida og ønske om skattelette og tøffare politikk mot dei som hyler opp om alskens krenking. 

Støre, Solberg og Listhaug er dei same – men i ei ny tid.

Typisk for denne gruppa er den unge mannen som røyster Frp i protest. Den andre rørsla i veljarmassen er dei som har gjenoppdaga fordelen med Arbeiderpartiet som trygt styringsparti.

Det store valspørsmålet er kor sterk appell desse to motståande polane – og forteljingane – vil ha. Er Noreg styrt av skattekåte politikarar som lettvindt spreier om seg med luftige grøne omstillingsprosjekt? Eller er det som vi i Noreg no treng, ei sosialdemokratisk regjering som prioriterer trygg styring utan å bli pressa av venstreaktivistar eller høgrepopulistar? Den tredje innsikta er at dei som vinn fram med hovudforteljinga, vinn valet.

Du kan ikkje gå uti den same elva to gonger, sa Heraklit. Norsk politikk er på veg tilbake mot normalen. Dei gode, gamle sakene vil på ny stå i forgrunnen. Støre, Solberg og Listhaug er dei same – men i ei ny tid.

Stemmer er ABC Nyheters debattseksjon. Her skriver faste og sporadiske bidragsytere om nyhetsaktuelle temaer. Vi har også et samarbeid med den politiske nettavisen Altinget.no . Brenner du inne med en mening eller analyse, kan du sende teksten til stemmer@abcnyheter.no, så vil vi vurdere den.