KRONIKK

Asle Toje forstår ikke poenget med bistand

Norske bistandspengar gjer ein stor forskjell for folks liv i ei urettferdig verd.

Vi lever i eit av landa med høgast velferd for innbyggarane, i ei verd der mange lever under heilt andre vilkår, skriver artikkelforfatteren. Biletet er frå eit israelsk åtak mot Gaza.
Publisert Sist oppdatert

Denne kronikken ble først publisert av Panorama.

I ein kommentar i Panorama nyheter og Nettavisen løftar Asle Toje spørsmålet om kor mykje Noreg skal gi i bistand. Det er ein viktig debatt, men Tojes innlegg er prega av usammanhengande argumentasjon og lite forståing for poenget med bistand.

Panorama nyheter

Panorama nyheter er et uavhengig nettsted om bistand, globale forhold og internasjonal utvikling.

Få Panorama rett i innboksen her!

Det ender med ein konklusjon om at Noreg gir for mykje i dag og bør kutte vesentleg. Torben Bjørke-Henriksen frå Civita har allereie peika på ein del av dei logiske problema med Tojes perspektiv, men eg vil også legge til nokon fleire poeng.

Fleirtal for solidaritet

Noreg har over tid ofte gitt ein prosent av vår inntekt i bistand fordi det over lang tid har vore politisk fleirtal for å gjere det. Vi les om matmangel i Sudan. Vi ser palestinarane på Gaza leve i øydelagte telt med ruinar rundt seg.

Demokratirørsler blir forsøkt knekt i mange land. Vi lever i eit av landa med høgast velferd for innbyggarane, i ei verd der mange lever under heilt andre vilkår. Då er det ikkje rart at mange vil at Noreg skal bidra til at fleire kan ha betre levekår. Bistandsprosenten har vore ein av måtane vi har jobba for dette på.

Noreg treng ikkje å følgje etter USA. Vi står heilt fritt til å gjere våre eigne val. Vi kan peike ein annan kurs.

Toje problematiserer denne solidariske tradisjonen og viser det til massive kutt i bistand i mange land dei siste åra, med USA i spissen. Han les det som «systemisk stagnasjon» at Noreg fortsett å gi ein prosent i bistand mens andre land kuttar.

I mine auge er det solidaritet og prinsippfastheit. Noreg treng ikkje å følgje etter USA. Vi står heilt fritt til å gjere våre eigne val. Vi kan peike ein annan kurs.

Norske bistandspengar gjer ein forskjell

Argumenta Toje løftar for å kutte framstår rett og slett tullete: «(Målet) er ikke utledet av globale finansieringsbehov, av bistandens avkastning eller Norges styrker som giverland. Det har overlevd fordi ingen regjering har orket å ta kostnaden ved å røre ved det.»

Jo, det ligg for det fyrste definitivt globale finansieringsbehov til grunn for bistand. FN har regna seg fram til at det trengst 4000 milliardar dollar i året globalt for å nå bærekraftsmåla innan 2030.

For det andre er det openbart at norske bistandsmidlar gir det han kallar «avkastning», eller det eg ville ha kalt «innsats som reddar liv og gjer samfunn betre». Norske pengar har for eksempel ført til kutt i klimgassar globalt tilsvarande halvparten av våre eigne utslepp, i følgje utrekningar. Det er bra for alle, men aller best for dei fattigaste.

For det tredje har Noreg ein særeigen kompetanse på fleire felt, som ligg til grunn for prioriteringane, som for eksempel på global helse. Tidleg på 2000-talet bidro dette til vaksinealliansen GAVI, som har gitt vaksiner til over ein milliard barn. Anslag seier at dette kan ha redda 20 millionar liv. Om dette ikkje er avkastning, veit ikkje eg.

På toppen kjem innsats for prosessar og arbeid som det er vanskelegare å måle effekten av, men som ikkje er mindre viktig – som samarbeid for meir rettferdige skattesystem, for å roe og forebygge konfliktar og for å stø sivilsamfunn som står opp for demokrati og menneskerettar.

Bistandskutt viser oss alternativa

Det er også mogleg å sjå djupt problematiske konsekvensar der bistanden har blitt kutta brått – som eit ebolautbrot i Kongo som har blitt verre av bistandskutt, svaltproblem i Afghanistan eller nedlagte abortklinikkar i mange land.

Det ville kanskje kunne kallast negativ avkasting, om ein legg Tojes omgrep til grunn.

Les ein teksten til Toje kan ein kanskje få inntrykk av at FN har oppfordra land til å gi 0,7 kroner per hundrelapp dei tener, og at dette fungerer som eit slags tak på kor mykje bistand det er fornuftig å gi. Det stemmer ikkje. FNs oppfordring er eit minimum – og Noreg får mykje ros, og ein sentral posisjon i mange internasjonale samanhengar, fordi vi sett standarden høgare for kor mykje vi er viljuge til å bidra.

Vi må snakke om korleis vi bruker pengane

I staden for å trappe ned innsatsen, bør debatten handle om korleis vi bruker bistanden best mogleg. Det er eit vanskeleg spørsmål, med ei lang rekke dilemma, for behova i verda er store og for mange til at det norske bistandsbudsjettet kan dekke dei åleine.

Difor er arbeidet regjeringa no har sett i gong, med prosjekt Vendepunkt, eit viktig forsøk i å kome vidare med gode svar på kor pengane gjer mest nytte i 2026.

Men uansett kva svar politikarane kjem fram til om kor bistanden bør brukast, bør nivået ligge fast. I den verda vi lever i no, kan ikkje svaret vere å bidra mindre.

Stemmer er ABC Nyheters debattseksjon. Dette er meningsytringer, og innholdet står for skribentens regning. Ønsker du å bidra? Send kronikk eller debattinnlegg til stemmer@abcnyheter.no.