KRONIKK

Arbeidarparti-regjeringa må byrje å lytte til politikken dei skal styre på

Når Barneombodet åtvarar om at elevar får fråvær for å snakke med helsesjukepleiar, viser det kor alvorleg fraværsreglane har blitt. Å søke støtte hos helsesjukepleiar er ikkje fråvær, men ein del av det som gjer læring mogleg.

Vi i AUF gjer oss ikkje før alle elevar får like gode moglegheiter til å lukkast i skulen. Då må Arbeidarparti-regjeringa byrje lytte til politikken dei skal styre på, skriv Sandra Kalland Tenud.
Publisert Sist oppdatert

Dette debattinnlegget ble først publisert på Altinget, som ABC Nyheter har et samarbeid med. 

Arbeidarpartiet har vedtatt at dei skal ha «eit nytt fråværsreglement for nærvær som er mindre rigid og byråkratisk, meir rettferdig for elevane og som legg opp til auka gjennomføring i vidaregåande skule». Likevel går regjeringa i motsett retning.

Dette handlar ikkje berre om å bryte med si eiga grasrot og sitt eige landsmøte. Det handlar om ein skulepolitikk som mistar kontakt med elevar som treng støtte, tryggleik og hjelp utan frykt.

At samtalar om psykisk helse, mobbing, traumer eller vanskeleg heimesituasjon blir rekna som fråvær, er feil. Skulen skal vere ein trygg stad, ikkje ein plass der elevar må vurdere om dei har råd til å be om hjelp. Regjeringa har gjort legeerklæring gratis, men reglane straffar elevar som tek vare på seg sjølve. Når eigenmeldingsdagane er brukt opp, tel sjølv samtalar hos helsesjukepleiar som fråvær. 

Dette er Altinget

Altinget.no er Norges første rendyrkede politiske nettavis. Med 28 nisjemedier i Danmark og 11 i Sverige er Altinget allerede et etablert mediehus i Norden. Målet er å øke forståelsen for nasjonal og europeisk politikk gjennom nisjejournalistikk av høy kvalitet – med et nøytralt utgangspunkt.

Sjukdom skal ikkje straffe deg

AUF har vore tydelege lenge. Dagens fråværsgrense fungerer ikkje. Ho er streng, ho rammar dei som slit mest og ho hindrar tidleg hjelp. AUF vil ha eit nytt fråværsreglement som byggjer på tillit til elevar og lærarar. Elevar skal kunne bruke eigenmelding for sjukdom i tre dagar av gongen, fire gonger kvart skuleår. Deretter skal sjukmelding vere nok dokumentasjon. Ugyldig fråvær skal ikkje automatisk fjerne vurderingsgrunnlaget. Det er faglæraren som skal vurdere om eleven har vist kompetanse i faget. 

Vi kan ikkje ha ein skule som gjer det risikabelt å få hjelp.

AUF vil at elevar som driv med toppidrett, kultur eller politikk skal kunne fjerne ti dagar frå fråværet sitt. Fråvær knytt til kjøreopplæring skal kunne fjernast heilt. Vi vil opne for at timefråvær kan fjernast på same måte som dagsfråvær. Læraren skal kalle inn eleven til samtale når fråværet kjem over tretti timar, slik at elevar blir fanga opp før situasjonen blir alvorleg. Vi må også ta betre vare på elevane våre. I 2025 burde vi snakke om korleis vi skal sikre at elevar får gratis mat på skulen, ei ope dør til nokon å prate med når dei treng det og fleire lærarar som kan bistå dei i klasserommet. AUF vil byggje ein skule med meir støtte, meir praktisk læring og eit sterkare lag rundt kvar elev.

Det handlar om å gi elevar moglegheita til å vere menneske. Sjukdom skal ikkje straffe deg. Psykisk helse skal ikkje koste deg karakteren. Skulen skal vere ein plass der du møter støtte, ikkje unødvendig byråkrati.

Helse er ikkje fråvær

Barneombodet har rett. Det er på tide å rydde opp. Vi kan ikkje ha ein skule som gjer det risikabelt å få hjelp. Vi kan ikkje skyve sårbare ungdomar ut av fellesskapet.

Helse er ikkje fråvær. Ei god helse er grunnlaget for læring. Ingen elev skal måtte velje mellom helsa si og karakterane sine.

Vi i AUF gjer oss ikkje før alle elevar får like gode moglegheiter til å lukkast i skulen. Då må Arbeidarparti-regjeringa byrje lytte til politikken dei skal styre på. 

Stemmer er ABC Nyheters debattseksjon. Dette er meningsytringer, og innholdet står for skribentens regning. Ønsker du å bidra? Send kronikk eller debattinnlegg til stemmer@abcnyheter.no.