Norgesferie
Poker og handbak berger heilårsdrift for Hotel Ullensvang
Arrangements-turisme har sikra Hotel Ullensvang i Hardanger arbeidsplassar og drift heile året.
HARDANGER: – Me opplever ein stor pågang av turistar, men også aktørar som ynskjer å bruka hotellet til arrangementa sine. Dette er noko av det viktigaste og luraste me har gjort dei siste åra, seier Christine Remøy, sals- og marknadsdirektør for Hotel Ullensvang.
Sommarene har nærast gått av seg sjølv ved hotellet. Utfordringa for reiselivet er «skuldersesongane» med langt færre turistar. Denne trenden er no i ferd med å snu, skal me tru Remøy. Etter nokre krevjande år med COVID og vinterstengte dører, måtte dei ta grep for å auka aktiviteten.
Remøy og kollegane på det tradisjonsrike Hardanger-hotellet valde å satsa på arrangementsturisme heile året. Det angrar dei ikkje på i dag.
No kan hjørnesteinsbedrifta på Lofthus nemleg sjå tilbake på fleire suksessrike arrangement som har lokka turistar og fylt opp romma i bygda på vinterstid.
– For at turistane skal besøka oss, må me ha eit produkt som er attraktivt året rundt. Det har me no. Utan dette på plass, hadde det ikkje vore mogleg å sikra såpass mange heilårs-arbeidsplassar for våre tilsette, seier Remøy i ei pressemelding.
Aktivitet avlar aktivitet
Men det er ikkje berre Hotel Ullensvang som opplever gode besøkstal om vinteren. Også andre reiselivsaktørar haustar fruktene av satsinga på arrangementsturisme, opplyser Visit Hardangerfjord i pressemeldinga.
Samarbeid med lokale bedrifter har vore veldig viktig for satsinga. Det å sitja seg ned og saman skapa aktivitet for kvarandre har vore eit fokusområde for Remøy og dei nye eigarane av hotellet.
Hardanger Vinterfestival, som går av stabelen 09. – 12. februar, er eit godt døme på dette. I tillegg pokerturneringa, som er høgdepunktet i helga, vert det mogleg å ta del i guida aktivitetar med Trolltunga Active og Trolltunga Adventures. Opplevingar som RIB-tur, sidersmaking og SUP på Hardangerfjorden, og det berre for å nemna noko, er også med på å krydra festivalen til Hotel Ullensvang.
Til helga ventar Hotel Ullensvang rundt 250 menneske som vil ta del i Hardanger Vinterfestival.
Seinare i vinter er det mellom anna planlagt Hardanger Open – ei internasjonal handbak-turnering.
Ordførar Aga Haug skryt av engasjementet og kreativiteten til Remøy og kollegane. Ifylgje han er dette viktig for reiselivet i Ullensvang og Hardanger.
– Heile lokalsamfunnet drar nytte av at Hotel Ullensvang satsar på aktivitetar gjennom heile året. Dei skapar liv i kommunen i ei tid det tradisjonelt sett er rolegare, samstundes som dei sikrar arbeidsplassar. Dette er utruleg bra.