Ny Norstat-måling:

Epstein-effekten avtar – men halvparten vil kutte i bistanden

49 prosent av nordmenn vil redusere eller sløyfe bistandsbudsjettet. Samtidig held den generelle støtta til bistand seg stabilt høg, trass i Epstein-avsløringane. – Nedslåande tal, meiner kommentator Harald Stanghelle.

Eldre mann med briller og skjegg står utendørs foran trær og en sti.
Ifølgje ny Norstat-måling utført for Panorama meiner mange nordmenn at bistandsbudsjettet er for høgt. -Tala visar at nordmenn er delte når det gjeld kor høg bistanden skal vere, mener Harard Stanghelle.
Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen ble først publisert av Panoramanyheter.no

Medan debatten rundt Epstein-avsløringane var på sitt heitaste tidlegare i år, gjorde Norstat ei måling om nordmenns tillit til norsk bistand.

32,3 prosent oppgav at avsløringane gjorde dei mykje meir negative til bistand.

Panorama nyheter

Panorama nyheter er et uavhengig nettsted om bistand, globale forhold og internasjonal utvikling.

Få Panorama rett i innboksen her!

Omtrent eit halvt år seinare har prosentandelen sokke til 23,3 prosent.

– Ein har hatt ein Epstein-effekt som har ført til mindre tillit til norsk bistandspolitikk og så har den korrigert seg noko ettersom månadane har gått.

Det seier kommentator Harald Stanghelle.

– Det er ikkje spesielt overraskande. Ofte reagerer ein spontant på ei hending eller skandale og så går det tilbake til meir normale tilstandar, seier han.

Ein dobbel bodskap

Stanghelle meiner at tala viser ein dobbel bodskap.

– Den generelle oppslutninga til at Norge skal gi bistand held seg stabilt høg, men så er tala mykje meir delte når det gjeld kor høg bistanden skal vere.

Tala frå mars versus september viser berre ei lita endring i generell oppslutning frå 77,8 til 76,3 prosent.

Samstundes meiner 42 prosent i september at bistandsbudsjettet bør bli redusert og 7,1 prosent meiner at det bør sløyfast heilt. Tala var nesten dei same i mars.

– Det er riktig at det er ein ganske stor vilje til å gi bistand, men nærmare halvparten meiner at det er for høgt. Det kan vere nedslåande tal for alle som er opptekne av bistand.

Arkivfoto av Jeffrey Epstein i grå T-skjorte mot lys bakgrunn.
Jeffrey Epstein.

– Men den generelle oppslutninga held seg stabil, sjølv etter ei så stor skandale?

– Det spørst korleis du les dette. Her ser ein at halvparten meiner at bistanden er for høg. Det kan tolkast som ein skepsis.

Stanghelle understrekar at ein heller ikkje veit korleis Epstein-høyringane på Stortinget denne veka vil slå ut på desse tala.

– Eg vil ikkje overdrive betydninga av Epstein-filene i dette bilde. Det får gjerne ein effekt, så gir den seg. Det vil ikkje skape varige mein for rykte til norsk bistand. Det er andre grunnar også til at folk vil ha eit lågare nivå.

Auka tru på frivillige organisasjonar

Utviklinga gjennom 2026 viser også ei vriding bort frå statlege organ og internasjonale organisasjonar over til sivilsamfunnet og ideelle organisasjonar.

I mars var FN-kanalen den nordmenn hadde mest tru på, men i september er FN passert av dei frivillige organisasjonane.

Frivillige organisasjonar er den einaste kanalen med ei statistisk signifikant endring frå mars til september med ei auke frå 32,3 til 36,8 prosent.

– Det er eg ikkje spesielt overaska over. Private organisasjonar har eit generelt betre rykte når det gjeld bistand enn staten har. Eg veit ikkje om det er berettiga, seier Stanghelle.

Han trur ikkje nødvendigvis at utviklinga har samanheng med Epstein-avsløringane.

Kjem i bakgrunnen

Generelt er ikkje Stanghelle i tvil om at bistand har blitt eit mindre viktig tema både blant politikarane og veljarane.

– Akkurat som klima. Vi har fått så mykje anna å vere opptekne av. Då kjem dette i bakgrunnen.

Samtidig har utanrikspolitikk for første gong sidan den kalde krigen fått ein langt meir framtredande plass på den politiske dagsordenen. Men det er andre spørsmål som først og fremst fangar merksemda. Stanghelle trekk fram Ukraina, Russland, Gaza, Trump og USA.

– Interessa kjem i form av forsvar og sikkerheit. Dei store tinga på verdsagendaen dominerer fullstendig.

Samstundes gjer retorikk frå høgrebølga elles i Europa folk meir negative til bistand.

Stanghelle understrekar likevel at ein i norge ikkje har den same høgreradikale retorikken som i ein del andre land. Ei viktig årsak, meiner han, er at Norge ikkje har eit stort høgreradikalt parti.

– Likevel meiner nesten halvparten at vi bør gi mindre. Det er ganske høge tal.