Norge
Barn bør ikkje lære om kjønnsidentitet i skulen, meiner mange unge
37 prosent av unge under 35 år meiner at barn ikkje bør lære om kjønnsidentitet og trans i skulen, viser ei landsdekkjande undersøking.
I befolkninga samla sett svarer 29,5 prosent det same, ifølgje undersøkinga Respons Analyse har utført på oppdrag for Amnesty International Norge.
– Når over éin av tre unge meiner barn ikkje bør lære om kjønnsidentitet og trans på skulen, er det grunn til uro, seier politisk rådgivar Patricia Kaatee i Amnesty International Norge.
Handlar ikkje om å påverke
Undersøkinga utfordrar ei førestilling om at unge er meir liberale i spørsmål om kjønn, seksualitet og rettane til skeive, meiner Amnesty.
– Undervisning om kjønn, seksualitet og trans handlar ikkje om å påverke identiteten til barn, seier Kaatee.
– Det handlar om å gi barn og unge kunnskap om mangfald, respekt og ulike måtar å leve på. Skeive og transpersonar finst i alle klasserom. Alle elevar har rett til å kjenne seg trygge og inkluderte, seier ho.
Hatefulle ytringar
Amnesty er særleg uroa for at unge i aukande grad møter spørsmål om kjønn, seksualitet og transpersonar gjennom polariserte sosiale medium.
– Det er mykje misvisande informasjon og hatefulle ytringar om kjønnsidentitet og trans på nett, konstaterer Kaatee.
– Dersom vi ikkje kontrar dette gjennom kunnskapsbasert undervisning om trans i skulen, risikerer vi å bidra til endå meir diskriminering, trakassering og hatkriminalitet, og ei endå større grad av utanforskap og låg livskvalitet for transpersonar, seier ho.
Skulen er difor ein viktig arena for førebygging av fordommar, meiner Amnesty.
– Skulen skal ikkje vike unna vanskelege tema fordi dei er politiserte, men gi kunnskap som gjer elevane betre rusta til å møte andre med respekt, seier Kaatee.
Skeptiske menn
Menn er langt meir skeptiske enn kvinner til å undervise barn om kjønnsidentitet, viser undersøkinga.
41 prosent av menn svarer at barn ikkje bør lære om dette på skulen, medan 18 prosent av kvinner meiner det same.
Størst motstand mot slik undervisning er det i Agder og Rogaland.
37,5 prosent av dei spurde i desse to fylka seier seg samde i påstanden «barn bør ikkje lære om kjønnsidentitet og trans på skulen».
(©NPK)