
Statens vegvesen får språkrefs
Fakta om mållova
- Etter § 8 i mållova skal regionale statsorgan «syte for at rundskriv, kunngjeringar, informasjonstilfang o.l. som organet lagar, er i fleirtalsmålforma for området».
- Vidare heiter det i same paragrafen at tilfang «med særleg tilknyting til ein kommune skal vere i den målforma kommunen har kravt».
- Både den generelle regelen som gjeld fleirtalsmålform i eit område, og den spesifikke som gjeld målvedtak i kvar kommune, gjer at Statens vegvesen region vest skulle ha bruka nynorsk i kunngjeringa om fv. 541 i Bømlo kommune og i lysinga om stengde trafikkontor i Bergen og Nordhordland, ifølge Språkrådet.
Statens vegvesen region vest får kraftig språkkritikk i eit brev frå Språkrådet. Bakgrunnen er at Statens vegvesen har skilta på bokmål i ei rekkje nynorskkommunar på Vestlandet. I tillegg har etaten brukt bokmål i fleire kunngjeringar i Bergens Tidende.
Det er Erlend Bakke (47) frå Askøy utanfor Bergen, som har gjort Språkrådet merksam på bokmålsskilt i nynorskland.
- Eg har køyrt desse strekningane og sett at det ikkje er skilta på nynorsk. Det tyder på slendrian i Statens vegvesen, ettersom desse reglane har vore kjende i lang, lang tid. At dei ikkje følgjer regelverket tyder på at dei ikkje bryr seg, eller at dei ikkje har gode nok rutinar, seier Bakke til ABC Nyheter.
Pålagt å bruke nynorsk
Langs E39 i Fitjar kommune har Bakke reagert på fleire skilt, mellom anna eitt med ordlyden «Spesielt overvåket område». Også ved fleire tunnelar langs E16, riksveg 7, fylkesveg 48 og 551 gjennom Samnanger, Fusa, Kvinnherad og Vaksdal, har Bakke observert bokmålstekstar.
- Mest sannsynleg finst det mange andre skilt som eg ikkje har sett, påpeikar han.
- Ein kan godt seie at eit skilt ikkje er så farleg, men her er det snakk om haugevis av skilt som skal stå langs vegen dag ut og dag inn. Det er sabotering av nynorsken, meiner Bakke.
Direktøren i Språkrådet, Arnfinn Muruvik Vonen, slår fast at Statens vegvesen region vest bryt mållova når dei ikkje nyttar nynorsk.
Statens vegvesen region vest har nynorsk som tenestemål fordi nynorsk er fleirtalsforma i dei fylka regionen dekkjer. I dei tre vestlandsfylka er det 67 nynorskkommunar, tre bokmålskommunar og 15 språknøytrale kommunar.
Arnfinn Muruvik Vonen, direktør i Språkrådet, refser Statens vegvesen for brot på mållova. Foto: Scanpix
Krev tiltaksplan
Det er ikkje første gong Språkrådet har gjort Statens vegvesen merksam på at dei bryt mållova.
- Me ventar at de no sørgjer for at lovverket blir etterlevt i organisasjonen, skriv språkdirektøren.
I brevet etterlyser Språkrådet ein tiltaksplan for bruk av nynorsk, som dei vil ha i hende innan 10. oktober. I tillegg krev Språkrådet at bokmålsskilta som Bakke har observert, blir bytta ut med nynorskskilt.
- Vi har forklaringar, men ingen gode unnskyldningar, seier Øyvind Haaland, seksjonsleiar på byggherreseksjonen i Statens vegvesen region vest, til ABC Nyheter på spørsmål om kvifor skilta er på bokmål.
- Vi veit godt kva som er målforma i region vest. Når det glipp, skuldast det mangel på kunnskap og opplæring hos dei som utfører sjølve jobben.
Forvirring om ansvar
Haaland vedgår at dei ikkje har gode nok rutinar for å sikre at det som skal vere på nynorsk, blir på nynorsk. I etaten herskar det full forvirring om kven som har overordna ansvar for språkbruken.
- Vi har funne ut at vi ikkje er heilt samde om kven som har eit overordna ansvar for målforma i region vest. Ansvarsområdet felll ikkje naturleg inn i ei avdeling, så det må vi sørgje for å få klarlagt, seier Haaland.
Han avviser at Statens vegvesen bevisst saboterer nynorsken.
- Dette skuldast ikkje bevisst sabotasje eller vrangvilje frå Statens vegvesen eller oss som jobbar her, seier Haaland, som sjølv har hovudfag i nordisk.
- Uakseptabelt
No vil han sørgje for at medarbeidarane blir sendt på nynorskkurs.
- Vi vil sette i gang opplæringstiltak. Det er på langt nær alle i region vest som har nynorsk som hovudmål, og hos andre er nynorsken i beste fall rusten. Vi har hatt kurs tidlegare, men dette må gjentakast, også fordi vi har fått mange nye medarbeidarar dei siste åra. Alle har fått beskjed om at nynorsk er målforma, men ikkje alle har fått god nok opplæring i kva det i praksis inneber.
- Kjem de til å bytte ut bokmålsskilta?
- Vi kan jo ikkje la skilt som bryt med våre retningslinjer, bli ståande oppe. Skilt som det er feil på, må vi ta ned og erstatte med andre skilt.
Akkurat når det vil skje, er meir usikkert.
- Vi klarer ikkje å bytte ut alle med ein gong og må passe på at vi erstattar skilta samstundes som vi utfører andre tiltak på strekningane. Men i prinsippet er det ikkje akseptabelt at vi har skilt i region vest som er på feil målføre.
Les fleire nyhende

NRK-team skal ha blitt trakassert i Baku
Dette er Oslos nye utkikkstårn
Ett år på Boklista
Lesernes kommentarer
Bjørn Foss Gravingen
22. september 2011 - 21:59
Nynorsk
Atle Devik
23. september 2011 - 9:51
Ja, det er .......
De må ikke gjøre det så vanskelig at folk med bokmålsdialekt ikke skjønner skiltene.
Det er vel skiltene som skal kunne leses og ikke nødvendigvis om det er nynorsk eller bokmål.
Odd Johannessen
23. september 2011 - 11:18
"Vegvesenet"
Norsk Språkråd styrer en språkpolitikk som etter hvert vil gjøre norsk uforståelig for våre naboer, svenskene og danskene. Og kanskje for en del nordmenn også. Jeg har for lengst sluttet å se og høre på NRK.
Nynorskingene må få ha språket sitt, men la oss andre i fred!
Fred Olav Mulelid
23. september 2011 - 18:15
Vik i Sogn??
Har vært og er i Vik året rundt siden jeg bor der, men kan ikke se at det på bildet er i Vik i Sogn. Har man et annet kart på Østlandet?
Nu har æ vært her i Vik i han tykje så lang tid, med korr i steike g!"##¤%&&&!! er det bildet av Vik fra?
Ej he budd her i lång tid no, men kjenne mej ikkje att!!
Da bildet må vera noko dei har laga sjave..
Ja, det er isje frå Stavangerkanten i hvertfall..
På Sørlandet er det heller ikkje.. Mi ha jo ikkje slige dalar..........
Kjære folk.. Man er i Norge uansett hvordan man prater, men bildet er ikke fra Vik i Sogn! :)
Job
23. september 2011 - 18:25
Språk
Robin Andersen
23. september 2011 - 19:45
Nynorsk er tragisk
Det som er mer tragisk er att, en liten gruppe har makt nok til og få det påtvunget på oss andre. Er det demokrati? Nei mener jeg.
Bare enda ett særnorskt fenomen, som viser att politikerne ikke har bakkekontakt. Det finns større og viktigere ting som man kan bruke tid og penger på.
Fred Olav Mulelid
23. september 2011 - 21:34
Nynorsk = norsk..
Odd Johannessen
24. september 2011 - 21:50
Slikt tull!
Om du kikker gjennom en skikkelig engelsk ordbok som oppgir opprinnelsen til ord, vil du bli forbauset over hvor mange engelske ord som har norsk opprinnelse. Verdens kanskje mest kjente ord, Windows, har faktisk sitt utgangspunkt i det norrøne "vindauge" - et øye mot vinden - et hull iveggen dekket av tørket svineblære. På moderne norsk: et vindu.
For øvrig mener jeg Norsk Språkråd burde vært avviklet i sin nåværende form - i dag er de tilstede bare for nynorsken og ødeleggelse av vanlig norsk som brukes av 90 % av befolkningen.
Håvard Solberg
24. september 2011 - 9:55
No blei eg vonbråten.