Folk stolar meir på lokalpolitikarar enn rikspolitikarar

Alver-ordførar Sara Sekkingstad (Sp) vart som 26-åring tidenes yngste kvinnelege ordførar etter kommunevalet 2019. Til høgre, statsminister Erna Solberg. Foto: SP, Thomas Haugersveen/Statsministerens kontor Les mer Lukk

Likevel seier éin av fem seg usamd i at dei folkevalde i kommunane er dyktige folk som vanlegvis veit kva dei gjer, viser ny rapport.

Befolkninga har i snitt høgare tillit til dei lokale enn dei nasjonale politiske institusjonane og aktørane, viser ein ny rapport frå Institutt for Samfunnsforsking. Etter terroråtaket 22. juli var bildet motsett.

Signe Bock Segaard er forskar. Foto: Institutt for samfunnsforskning Les mer Lukk

– Folk stolar kort sagt i dag meir på ordføraren og kommunestyret enn på regjeringa og Stortinget, seier ISF-forsker Signe Bock Segaard i ei pressemelding.

På ein tillitsskala frå 0 til 10, der 10 er det høgaste nivået er skåren slik i snitt:

  • Ordføraren: 5,8
  • Kommunestyret: 5,7
  • Lokalpolitikarar: 5,5
  • Kommuneadministrasjonen: 5,5
  • Stortinget: 5,5
  • Statleg forvaltning: 5,4
  • Rikspolitikarane og regjeringa: 5,0

– Tala i rapporten vår viser dei lange linjene og tilliten til folk under meir normale omstende. Under krisa no ser me ei auka oppslutning blant at dei som sit med makta. Erna Solberg er eit døme på det, seier Signe Bock Segaard på telefon til Framtida.no.

I ei undersøking gjennomført av Ipsos under koronakrisa svara 79 prosent at dei har «svært stor» eller «ganske stor» tillit til at regjeringa meistrar situasjonen og at ein kan bekjempe viruset. Berre prosent svarar at dei har «ingen tillit» til dette, ifølgje Dagbladet 7. april 2020.

LES OGSÅ:Sara er truleg tidenes yngste kvinnelege ordførar

Glad Alver-ordførar

Sara Hamre Sekkingstad (Sp) er ordførar i Alver kommune nord for Bergen. Foto: Senterpartiet Les mer Lukk

Sara Hamre Sekkingstad (Sp) er ordførar i Alver kommune, og glad for at lokale folkevalde har stor tillit blant folk.

– Eg oppfattar at som ordførar og lokalt folkevald er eg tett på lokalsamfunnet, og prøver å vera tilgjengeleg og lytta. Som ordførar prøver eg å legga til rette for gode prosessar der folk er. Eg trur nærleiken til folk kan skapa god tillit, seier ho på telefon til Framtida.no

Tilliten som befolkninga har til politikarane og forvaltninga har blitt litt lågare dei siste åra, også på lokalt nivå, etter å ha auka kraftig i etterkant av terrorangrepa mot Oslo og Utøya i 2011. Dagens tillitsnivå svarer om lag til nivået i 2007.

– Samanlikna med andre land er likevel den politiske tilliten i Noreg høg, både på lokalt og nasjonalt nivå, understrekar Segaard.

LES OGSÅ:Lokalpolitikarar ber rikspolitikarar vere betre rollemodellar i kampen mot hat og netthets

Aukande forskjellar

Nokre grupper skil seg ut med å ha ein lågare tillit enn andre. Den høgaste tilliten finn me blant dei politisk ressurssterke: middelaldrande, yrkesaktive og personar med høgare utdanning.

På tillitsskalaen frå 0-10 skårar kommunestyret i snitt 6,1 blant dei som har utdanning på universitets-/høgskulenivå, men ikkje meir enn 5,3 blant dei som har grunnskule eller inga utdanning. Kommuneadministrasjonen skårar 5,6 blant dei yrkesaktive, og 4,7 blant dei som er arbeidsledige eller får andre trygdeytingar.

– Det er òg verd å merka seg at den politiske tilliten fell mest blant dei som hadde ganske låg tillit i utgangspunktet, som til dømes personar med lågare utdanning. Resultatet er ein tendens i retning av aukande forskjellar i politisk tillit, utdjupar Segaard.

14 prosent seier at dei ikkje er fornøgd med korleis lokaldemokratiet deira fungerer. 20 prosent er heilt eller nokså usamd i at kommunens folkevalde er dyktige folk som vanlegvis veit kva dei gjer.

LES OGSÅ:Vert felleskapskjensla vår svekkja av auka innvandring?

Økonomar har studert samhald mellom soldatar i fyrstegongstenesten for å finne svar på om tett interaksjon kan byggje opp tillit mellom ulike etniske grupper. Foto: Mats Grimsæth/Forsvarets mediesenter Les mer Lukk