Trump gir namn til møll med gul hårsveis

Hovudet til den nye møllen, oppkalla etter Trump grunna dei gulaktige skala på hovudet.
Hovudet til den nye møllen, oppkalla etter Trump grunna dei gulaktige skala på hovudet. Foto: Vazrick Nazari / CC BY 4.0
Artikkelen fortsetter under annonsen

Donald Trump har gitt namn til ein ny møll oppdaga på begge sider av grensa mellom California og Mexico.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Møllen Neopalpa donaldtrumpi er oppkalla etter Donald Trump, som denne veka vert innsett som den 45. presidenten i USA. Insektet er oppdaga og namngitt av biologen Vazrick Nazari.

– Denne spesifikke skildringa er valgt på grunn av likskapen mellom skala på hovudet av møllen og Trump sin hårsveis, skriv Nazari i forskingsartikkelen, publisert i tidsskriftet ZooKeys denne veka.

Insektet er under ein centimeter stort (ein såkalla mikro-møll), og vart oppdaga sør i California og på halvøya Baja California nord i Mexico.

Slik ser den ny-oppdaga møllen ut, om lag fem millimeter brei. Foto: Vazrick Nazari / CC BY 4.0
Slik ser den ny-oppdaga møllen ut, om lag fem millimeter brei. Foto: Vazrick Nazari / CC BY 4.0

Små genitaliar

Nazari skriv også at N. donaldtrumpi har mindre genitaliar samanlikna med dei andre møllane i same familie (Neopalpa).

Biologen trekk fram at namnet er eit forsøk på å rette merksemd mot sårbare område i USA der det framleis er mange uppdaga artar.

Zoo Keys er eit tidsskrift med open tilgang, så du kan lese heile forskingsrapporten gratis HER.

Også Obama har fått nye dyreartar oppkalla etter seg.

Les også:

Trump: – Jeg har ikke tupé!

Her gjør Dalai Lama narr av Trump

Snåsamannen: – Trump blir skutt

Saken ble først publisert på Framtida.no.